Symbol i hinduismen

(Omdirigert frå Hindusymbol)

Religiøse symbol i form av skrift, teikningar, ting og handlingar er særs viktige innan hinduismen. Dei står ofte for grøde eller lukke, eller som hjelpemiddel til å nærma seg det uendelege og uforståelege ved å gje det forståeleg form.

Heilag mann i Kathmandu i Nepal, med pannemerke, symbolmønstra og -farga klede, rosenkrans rundt halsen og handa forma i ein signande mudra.
Sri-yantraet.
«Aum» på ein medaljong.
Foto: Ranveig Thattai
Oransjefarga symbol, mellom anna svastika, på ein kanon i ein festning i Rajasthan.
Foto: Rakesh Krishna Kumar

Ein kan ofte kjenna att ein hindu gjennom pannemerket eller eit hindutempel gjennom den typiske kuppelen eller tempelflagget, eller identifisera ein gud gjennom tinga han held eller dyr han er avbilda saman med. Særskilde ting, som lotusblomen eller oske frå kuskit, har særskild status innan hinduismen på grunn av det dei symboliserer. Handgestar har spesifikke tydingar som mellom anna gjer at ein kan fortelja ei soge gjennom dans, medan hymne og offerhandlingar ofte har fleire ulike tolkingar. Visse symbol, som mandala- eller kolam-mønster, skal hovudsakleg skjønast ut frå eit andeleg og ikkje eit intellektuelt synspunkt.

Hinduiske symbol blir også brukte i samband med indisk politikk, særleg den hindunasjonalistiske Hindutva-rørsla. Dei er kjende utanfor hindumiljø, men blir ofte misforstått og i nokre tilfelle misbrukte.

Mønster og teikn endre

Ein viktig del av hinduisk utøving er å laga eller sjå teikn som skal bringa lukke eller gje nærleik til Gud. Slike teikn har gjerne symbolsk tyding, eller blir tillagd tyding av seinare tenkarar.

Lyden «aum» blir brukt innan dei fleste hinduiske bøner og til meditasjon. Det nedskrivne symbolet for lyden blir brukt til å dekorera tempel og andre heilage ting med, og aum skrive med devanagari-skrift er blitt eit kjent teikn for religionen også utanfor hinduismen, men ein finn like gjerne den heilage lyden nedskriven med andre bokstavar, til dømes tamilske eller nepali-teikn. Aum blir mellom anna sett på som eit symbol på Brahman, den altomfattande guddommen.[1]

Svastika, også kjend som hakekross, er eit anna utbreitt og velkjent hinduisk symbol som symboliserer lukke. Namnet skal koma frå sanskrit su-asti, ‘det er godt’. Teiknet står for æve, sidan det peiker i alle retningar, og kan slik også stå for den uendelege Brahman. Det er også eit symbol for rundgangen til sola.[2]

Yantra er ein type teikn sett saman av geometriske figurar som står for visse eigenskapar hjå ein guddom. Til dømes blir eit heksagram laga av to motsett vendte trekantar brukt som symbol på Sjiva og Sjakti, kvinneleg og mannleg heilag energi som saman skapar verda, eller guden Murugan.[3]

I hinduisk bakkekunst bruker ein ofte yantra-liknande teikn og andre symbol som står for ulike gudar og andre gode ting. Teikningane er ofte laga av linjer utan ende, noko som igjen symboliserer æva. Den vanlegaste fargen for desse teikningane er kvitt, som står for fred, ro og reinleik.[4]

Farge endre

Fargar har viktige tydingar i hinduismen. Oransje – eigentleg safranfarge – symboliserer sjølve hinduismen, mellom anna i det indiske flagget. Å bera berre oransje klede tyder at beraren er vigd det religiøse livet som ein sanjasin. Gulfarge frå safran og gurkemeie blir brukt i ritual, for å signa eller symbolisera lukke. Mykje av det same gjeld raudfargen frå kumkum, som særleg er symbol for symbolsk varme og grøderikdom, og blir brukt som farge på giftesarien til ei brur, og i hårskiljet til mange gifte kvinner. Kvitt står for reinsemd, og ein bruker kvitt fargestoff i mange hinduiske bakketeikningar, og kvite klede i nokre religiøse ritual, visse kaster.

Nokre fargar kan ha ulike tydingar for ulike grupper; svart er til dømes hovudsakleg ein ulukkebringande farge som ikkje må brukast i samband med ritual, men står i tradisjonell tamilsk kultur for fruktbarheit, og blir også brukt av Ajjappan-tilhengjarar på pilegrimsferd. Blått er tradisjonelt ein urein farge fordi han ikkje blei framstilt på vegetarisk vis, og blir dermed ikkje brukt av svært tradisjonsbundne kvinner av høgare kaster. Grønt er ein lukkebringande farge i Vest-India, og er påkravd i sarien og armringane under tradisjonelle svangerskapsseremoniar der, men har inga slik tyding andre stader.[5]

Retningar endre

Himmelretningane er forbundne med gudar og eigenskapar. Dei fire himmelretningane saman kan stå for allheimen. Fire armar på gudar og symbol som svastika kan visa til himmelretningane, og dermed symbolisera allestadsnærveret eller den uendelege styrken til guden.[6]

Sør er rekna som ein ulukkesbringande retning, knytt til dødsguden Jama, og ein bygger helst ikkje sørvendte hus eller tempel (bortsett frå tempel til Sjiva som Daksjanamurti), og utfører ikkje viktige handlingar som kan råkast av ulukke vend mot sør. I staden vil ein helst utføra handel eller rituelle helsingar vend mot nord, retninga knytt til rikdomsguden Kubera.[7]

Bygg og bilete endre

Arkitektur endre

 
Eit hindutempel symboliserer universet og skal ofte likna på fjell. Dette er Birla Mandir i Delhi.
Foto: Deepak Gupta

Hindutempel er i følgje vedisk tenking eit mikrokosmos, eit bilde på universet i liten målestokk (sjå bandhu). Sjølve bygningen og området rundt er utforma etter visse reglar fastsette av Vastusjastra-tekstane. I følgje dei skal tempelplanen vera ein mandala som førestiller heile universet. Han er bygd opp av eit nettverk av kvadrat og likesida trekantar, der kvadratet i midten står for tempelguddommen og kvadrata vidare utover for gudar av stadig lågare rang.[8]

Sjilpasjastra-skriftene skildrar den rette utforminga av hindutempel. Kvart tempel er sett på som ein verdas navle, og skal minna om fjellet som i følgje hinduisk tenking står der. Mange tempel er bygd nettopp slik at dei minner om fjell.

Midtpunktet i tempelet, der gudebiletet står, er den eigentlege navlen, og representerer ein kosmisk søyle oppover. Han startar med grunnsteinen like under rommet med gudebiletet, går oppover til det aller heilagaste, som blir kalla garbhagrha, som tyder ‘livmor-rom’. Der kan ein finna ei krukke fylt med den kvinnelege skaparkrafta sjakti, som står for jordgudinna, tre lotusblomar, som står for skapande mogleik, og tre skjelpadder, i stein, sølv og gull, som står for jorda, lufta og himmelen. Det aller heilagaste skal minna om ei grotte, ei landform som har særskild tyding i hinduismen.

Taket over det aller heilagaste, rommet der gudebiletet er, er den viktigaste måten å symbolisera fjell på, og det er difor ofte høgt og spisst og til tider måla kvitt, som snøen i Himalaya.

utsida av templa finn ein ofte rike dekorasjonar som typisk står for grøde, til dømes elskande par som i det kjende Khajuraho-tempelet, bladranker og vasskrukker.[9],[8]

Ikonografi endre

Gudebilete er i hinduismen representantar for gudar, ikkje gudar i seg sjølve, og framstillinga av dei viser til ei viss side ved guden (til dømes fryktinngjevande eller altelskande) og er ikkje meint å visa korleis han faktisk ser ut. Statuar og bilete av gudar følgjer ikonografiske reglar som lett kan lesast av hinduar på tvers av tid og rom, og identifisera guden, visa til ein særskild, kjend historie, eller symbolisera eit gode.[9]

Gudar er ofte framstilde i ei viss stilling, murti, til dømes ein dansande SjivaNataradja – eller ein liggande Visjnu (Anantasesja). Dei kan gjera eit teikn (mudra) med hendene, eller halda ein eller fleire symbolske ting, og ofte blir dei avbilda med fleire sett armar for å få fram fleire slike symbol. Også talet på hovud og hender kan ha symbolsk tyding, til dømes allkunne eller dei åtte himmelretningane. Sjiva blir som regel ikkje framstilt i menneskeleg form for tilbeding, men i form av ein linga, som symboliserer ein kosmisk søyle.[9]

Dyr endre

Kua er eit viktig symbol innanfor og utanfor hinduismen. At kyr er heilage for hinduar er noko også dei fleste ikkje-hinduar veit. Kua står som symbol for livet, og fem produkt frå kyr er utbreidde i hinduisk utøving: Mjølk, jogurt, ghi, kutiss og (brend) kumøkk.[10]

Nokre dyr er generelt knytte til ein viss gud, til dømes ved at kyr har samband med kuguten Krisjna, eller at kobraen ofte har samband med Sjiva. Andre dyr er ridedyr, vahanaer, for enkeltgudar, og symboliserer ei side ved dei, til dømes elefant for rikdom, eller tiger for villskap. Svært ofte blir desse dyra framstilte i tempel til og avbildingar av gudane.[9] Nokre ridedyr er namngjevne, til dømes den kvite oksen til Sjiva, Nandi, eller ridedyra til Visjnu, fabelfuglen Garuda eller den fleirhovuda slangen Anantasjesja. Andre ridedyr har ikkje namn og er ikkje rekna som individ, mellom anna påfuglane til Sarasvati og Murugan og tigeren til Durga.

Ting endre

Fleire konkrete ting er symbol for gudar eller idéar, og blir brukte i seremoniar og avbildingar. Viktige symbol er kokosnøtt og fleire andre plantar og plantedelar, vatn, særskilde våpen, musikkinstrument og ulike samanbundne ting, som trådar og kransar.

Vatn endre

 
Eit par blir signa med vatn under ein gjengifteseremoni, som finn stad når ektemannen fyller 60.
Foto: Appaiah

Vatn står for reinsemd, velstand og skaparkraft. Det blir brukt eit reinsande symbol før og under seremoniar og gjeremål. Ein vaskar seg rein i vatn før ein kvar seremoni, som regel kvar morgon, og viss ein har vore i kontakt med eit ureinande element. Ofte blir det skvetta vassdropar på ein bananblad ein skal eta på, eller bakken der ein har ete, for å reinska dei. [11] Vatn har samband med gudane Brahma, som ofte blir avbilda haldande på ei vasskål, og Laksjmi, som kan bli avbilda saman med elefantar som sprutar vatn.

Før ei tempelvitjing må ein hindu vaska seg, og i gamle tempel finst det tempelbasseng der det var vanleg å reinska seg i samband med ritual. Heilage elvar og visse stader ved vatn og kysten er pilegrimsmål, og sangamar, stader der vatn frå ulike kjelder renn saman, kan vera særs heilage pilegrimsmål. Vatn i heilage elvar blir rekna som symbolsk reint, sjølv om det er svært ureina fysisk. Det kan reinsa ein for alle synder og gje ein ein plass i himmelen (svarga). Kremasjonsområde og gravstader ligg alltid ved vatn, og i ei hindugravferd er det vanleg å dryppa vatn rundt likbålet og kasta likrestar i vatn.

Plantar endre

 
Statuar av Rama, Sita og Laksjmana dekte med blomekransar, med brotne kokosnøttoffer framfor seg.
Foto: Vijay Chennupati

Kokosnøtta er eit symbol på lukke, velstand og Gud – på sanskrit blir ho kalla sriphala, ‘gudsfrukta’. Ho blir brukt i mange ulike seremoniar, mellom anna ved byrjinga av eit nytt prosjekt, som eit nybygg, ved visse høgtider, eller som offer til ein guddom og seinare prasad, heilag mat til dei truande. Kokosnøtta har òg ein sentral plass i mange podja-seremoniar, der ho gjerne blir sett oppå ei krukke med vatn til den symbolske gjenstanden purnakumbha.[12]

Lotusblomen er eit symbol på skaparkraft, guddommeleg venleik og sjela si oppvakning, både gjennom måten blomen veks opp av sølevatn – som ein rein sjel frå den forgjengelege verda – og måten kronblada folder seg ut på, som ein veksande sjel. Han er assosiert med gudane Brahma, Sarasvati, Laksjmi og Visjnu.

Betelblad og -nøtt, heilag basilikum, bananblad og blomar som sjasmin og tagetes er andre viktige plantesymbol i hinduismen. Blomekransar er lukkesymbol og blir gjevne til gudebilete, folk og det ein måtte ønska å signa.

Våpen endre

 
Den krigarske gudinna Bhavani med fleire våpen.

Fleire gudar har våpen som symbol. Diskosen er best kjend som våpenet til Visjnu i form av den mektige og vernande sudarsjana tsjakra, men blir også brukt som symbol for Brahma. Treforken (trisjula) kan stå for både Sjiva og Devi, og er ofte sett opp utanfor templa deira for å visa kven tempelet er vigd til. Sjiva-sonen Ganesja blir også knytt til ein trefork eller ei øks, medan den andre sonen, Murugan, blir representert av eit spyd, og er ofte blitt tilbeden nettopp gjennom eit einsleg spyd som står i bakken. Den stridsame gudinna Durga kan avbildast med ei rekke ulike våpen, både trefork, diskos, pil og boge, spyd og sverd. Kali, ei form av Durga, held gjerne eit sverd eller ein kniv. Rama er kjenneteikna av pil og boge, medan den sterke hjelparen Hanuman ofte ber ei stridsklubbe.

Instrument endre

 
Hinduprest bles i ein konkylie under ein podja.
Foto: Claude Renault

Konkylien blir brukt som blåseinstrument, i dag hovudsakleg under bøn, tidlegare også som varsel om krigskampar, noko som mellom anna er nemnd i Mahabharata. Visjnu har ein konkylie, Pantsjadjania, som det renn livgjevande vatn frå, og blir ofte framstilt med denne.

Strengeinstrumentet vina står for kunst, lærdom og gudinna Sarasvati. Fløyter blir også brukt som symbol for Sarasvati, og for Krisjna. Den dansande Sjiva held ofte ei tromme.

Ymse endre

Trådar blir rekna som symbol på vern og band av til dømes religiøse lærarar og i bryllaup. Dei blir brukte som ein slags smykke og klede med ulik symbolisme knytt til seg, sjå dette. Sjå òg planter om blomekransar.

Lingam og yoni, stiliserte figurar av henhaldsvis mannlege og kvinnelege kjønnsorgan, er symbol for livskraft. Sjiva blir dyrka gjennom ein lingam, Sjakti gjennom ein yoni.

Tigerskinn kan visa til ein asketisk livsstil eller utemma styrke, og blir brukt av Kali og Sjiva. Asketform av Sjiva er også kjenneteikna av ein halvmåne som han ofte har i det lange, filtra håret sitt.

Handlingar endre

 
Ein hindu utfører ein respektfull namaskara framfor eit steinrelieff av ein person som gjer det same.
Foto: Claude Renault

Rørsler rundt eit heilag punkt skjer som regel med klokka, til dømes gangen rundt eit gudshus eller ein heilag eld (pradaksjana). Denne retninga gjer at ein vender den symbolsk reine høgresida av kroppen mot det heilage, og er rekna som lukkebringande. Å gå i motsett retning er forbunde med ulukke og finn gjerne stad i ei hinduisk likferd. I ein árti fører ein eit fat eller ilåt i ei sirkel i lufta, ofte med klokka, somme tider både med og mot.

Mudraer er handgester med særskild tyding. Ein finn dei i gudeframstillingar, men dei blir også utførte av folk, til dømes guruar eller utøvarar av klassisk indisk dans. Ein kjend mudra er abhayamudra, eit vernande fredssymbol med handflaten vendt ut. Eit anna kjent handteikn som kan tolkast som ein mudra er helsinga namaskara (namaste), der ein set handflatane mot kvarandre slik at hendene dannar ein spiss framfor kroppen, andletet eller over hovudet. Dei to hendene som møtest får symbolsk tyding – den eine står for det jordiske og den andre det andelege, slik at gesten blir eit møte mellom dei to.

Namaskar-helsinga blir tolka som ei underkasting, og kan vera del av formell kneling. Jo høgare ein held hendene, jo høgare respekt viser ein den ein helser, slik at ein til dømes kan helsa ein gud gjennom namaskara over hovudet. Andre måtar å visa underkasting på kan vera gjennom å ta på føtene til nokon, bøya seg for dei eller knela på ulike fastlagte måtar. Slike handlingar er vanlege ovanfor gudesymbol, men også i samband med personar ein skal respektera i hinduismen, som eldre slektningar og lærarar.

Personlege symbol endre

Innan hinduismen blir fleire ting eller merke brukt på kroppen som teikn på gudsfrykt. Nokre symboliserer også status. Dei blir ofte gjevne eller påførte i samband med ein religiøs seremoni, som ein podja.

Kroppsmerke endre

Sjå òg pannemerke i hinduismen
 
Sørindisk kvinne med raud tilak og rund pottu.
Foto: Steve Evans
 
Oransjekledde guruar med pannemerke og rosenkransar som smykke.

Mange hinduar påfører seg farga merke på kroppen, særleg i pannen, anten dagleg eller ved særskilde høve. Alle hinduar (og andre folk, om dei blir æra av hinduar) kan bera ein tilaka, eit merke laga av eit klebande stoff som oske, leire, gurkemeie eller kumkum. Materialet varierer mellom gudar og kulturar, og forma på merket kan til tider seia noko om kva guddom ein tilber. Ei U- eller V-form viser til dømes til Visjnu eller ein gud som har med han å gjera, medan tre vassrette strekar viser til Sjiva eller ein nærskyld guddom.

Blant hindukvinner, særleg dei som er gifte, er det vanleg å bera eit rundvore merke i pannen, bindi eller pottu, som anten kan målast på med raud eller svart farge, eller klebast på som eit slags klistremerke. Raudt pulver ved hårfestet er også eit symbol som blir brukt av gifte kvinner i Nord-India.

Barn kan bera måla eller teikna merke som skal verna dei mot det vonde auget. Desse sit ikkje nødvendigvis i panna, og blir også brukt av andre enn hinduar.

Smykke endre

Armband, halssmykke, blomekransar og «den heilage tråden» spelar ulike rollar som symbol for vern og status.

Ein prest eller guru kan binda eit enkelt armband av klede, som symbol på Guds vern og hjelp, til den truande si armrist. Ei kvinne kan binda eit liknande, men meir dekorert armband — rakhi — på same måte for ein biologisk eller æresbror som symbol på band og kjærleik mellom sysken.

Giftesmykke ([thiru]mangalyam eller mangalsutra) er eit smykke laga av ein tråd, perler eller gull som kvinner får på seg under den hinduiske vigselen og som regel ber inntil dei sjølve eller mannen deira døyr. Hinduar som bruker rosenkransar ofte, kan visa dette ved å ha han rundt halsen som eit smykke.

«Den heilage tråden» er ei trådløkke nokre hinduiske gutar og menn kan bera over eine skuldra etter ein viss alder. Løkka inneheld fleire trådar og knutar som står for Brahman, reinleik og gode eigenskapar. Ho blir særleg brukt av gudfryktige brahminar.

Klede endre

Tradisjonelle indiske klede er tett knytte til religion. Av kvinner blir det ofte venta at dei bruker sari ved viktige religiøse høve, medan menn i somme høve må bruka ein særskild type sarong eller lendeklede og ha bar overkropp.

I samband med religiøse ritual tek ein ofte på seg reint tøy, og til høgtider bruker ein gjerne nytt tøy for første gong. Klede blir også gjevne som gåver ved ulike viktige høve, som bryllaup og fødslar. Fargen på kleda er ofte viktig, sjå avsnittet om fargar.

Symbolbruk i politikken endre

 
«Den heilage kua» framstilt av kuvernrørsla frå 1890-talet.

Dei hinduiske symbola har tradisjonelt ikkje spela nokon stor rolle i indisk politikk, men blei viktigare dei siste to tiåra av 1900-talet, og er i dag utbreidde. Medan den indiske frigjeringsrørsla «Quit India» var sekulær, utvikla det seg på 1800-talet også ein gudinnekult for Bharat Mata, ‘Moder India’, og ei kuvernrørsle der kyr stod som symbol for hinduismen, mot kveg-etande britar og muslimar.

Hindutva-rørsla, også kalla hindunasjonalisme eller -fundamentalisme, voks i omfang på 1980- og 1990-talet, og har teke i bruk fleire handfaste symbol, som treforkar for Sjiva og pil og boge for Rama, som mellom anna er blitt delte ut og brukte i demonstrasjonar. Også geografiske symbol, som fødestaden til Rama i Ayodhya, der denne rørsla lenge har ønska å bytta ut moskeen Babri Masdjid med eit hindutempel, og Adamsbrua mellom India og Sri Lanka som ifølgje mange hinduar er ei bru laga av Rama sjølv, er viktige symbol i den politiske kampen deira.[13]

Ein del indiske politikarar bruker no hinduiske symbol jamleg. Til dømes la BJP-politikaren og tidlegare minister L.K. Advani ut på ein «rathajatra» (‘stridsvogn-reise’) gjennom India, i ein bil dekorert som ei gammal stridsvogn og haldande på pil og boge, ved byrjinga av Ayodhya-kampen. Uma Bharti, som òg har vore med i BJP, går alltid kledd som ein sanjasin (asket) i oransje.

Hindusymbol utanfor hinduismen endre

 
Europeisk-utsjåande kvinne kledd i skjorte med hinduiske symbol på gjer seg klar til å dukka ned i den heilage elva Ganga.
Foto: miramurphy

Fleire symbol som blir brukte innan hinduismen er velkjende, og blir til ei viss grad brukte, også blant ikkje-hinduar, men det finst ofte svært ulike oppfatningar av symbola i «Austen» og «Vesten». I Vesten er til dømes aum-merket utbreidd, ofte som kjenneteikn for hinduismen, men også som sekulær pynt. Den nazistiske bruken av svastika har derimot gjort det vanskeleg å bruka dette heilage symbolet i Vesten, der det kan vera forbode (i Tyskland og Austerrike) eller tabu.[14] Hinduiske gudebilete blir noko brukt som dekorasjonar, til tider på måtar hinduar opplever som støytande, som då eit USA-amerikansk selskap selde dolokk med bilete av gudar på.[15]

Hinduiske pannemerke er velkjende merke på hinduar, men blir ofte feiloppfatta som kastemerke. Ein kjenner ofte til at kyr er viktige i hinduismen, men oppfattar det gjerne slik at alle kyr er heilage fordi dei går laust i gatene. Dette er ikkje heilt rett; ein slepp laus mange ulike husdyr for at dei skal fôra seg sjølv i India, og prøver å unngå å køyra dei ned av praktiske og menneskelege grunnar i tillegg til eventuelle religiøse grunnar.

Yoga og lotusstilling er også kjende uttrykk for hinduisme i Vesten, men blir også brukte i sekulære samanhengar, som trening og nokre typar meditasjon. Innan hinduismen har desse handlingane lita symbolsk tyding, men er meir ein teknikk for å nærma seg det guddommelege på.

Bakgrunnsstoff endre

Fotnotar endre

  1. «Hinduism Symbols» ved shaivam.org
  2. «s y m b o l i s m i n H i n d u i s m» på hinduwisdom.info, som siterer Gods and Goddesses of India av Kailash Nath Seth and B. K. Chaturvedi (s. 180-181) og Ayodhya and After: Issues Before Hindu Society av Koenraad Elst (s. 260-262)
  3. «Hexagram as edited by 75.166.55.97 at 03:46, 11 September 2007» på Engelsk Wikipedia
  4. «Making Diwali Rangoli» på diwalifestival.org
  5. Mukulika Banerjee og Daniel Miller: The Sari (Berg Publishers, 2003)
  6. www.iloveindia.com, koausa.org
  7. hinduwebsite.com
  8. 8,0 8,1 Anthony Batchelor: «The Hindu Temple» på TempleNet
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Encyclopædia Britannica: «Hinduism» (Encyclopædia Britannica Online. 28 Sept. 2007)
  10. religionfacts.com: «The Cow in Hinduism»
  11. The Water Page: Water in Religion
  12. Sudheer Birodkar: «Hindu Symbols and Symbolisms - Omkar, Swastika, the Saffron Colour and Purna-kumbha» Arkivert 2015-09-06 ved Wayback Machine.
  13. Saral Jhingran. Hindutva versus Hinduism på countercurrents.org.
  14. Dagens Næringsliv: Zara solgte "nazi-veske"[daud lenkje]
  15. iVarta.com: Toilet Seats with Ganesha & Kali Pictures withdrawn og About.com: Toilet Seat Deities! -- Van Dyke's Apologia to the Hindu Community