Opna hovudmenyen
Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 2004200520062007200820092010201120122013201420152016201720182019


I dag er det måndag, 17. juni 2019Oppdater sida


Veke 1
:nn:(Sittin' on) the Dock of the Bay

«(Sittin' On) The Dock of the Bay» er ein song skriven av soulsongaren Otis Redding og gitaristen Steve Cropper. Han vart spelt inn to gonger av Redding i 1967, den andre gongen berre dagar før han omkom i ein flystyrt. Songen vart gjeven ut på Volt-etiketten til Stax Records i 1968, og vart den første posthume singelen som toppa listene i USA. Singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.

Redding skreiv på teksten til songen i august 1967, då han sat på ein husbåt i Sausalito i California. Han fullførte songen i lag med Cropper, som var produsent for Stax og gitarist for Booker T. & the M.G.'s. Songen inneheld plystring og lyden av bølgjer som bryt på kysten. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 2
Smålomho og unge

Smålom (Gavia stellata) er ein akvatisk fugl, og den einaste i lomfamilien som lever sirkumpolart i Holarktis. Han hekkar først og fremst i arktiske strøk, og overvintrar i nordlege farvatn. Smålommen er den minste og lettaste av alle lommar. Om vinteren er han lite iaugefallande, med gråaktig overside som falmar til kvitt under. Gjennom hekkesesongen, får han den særeigne raudlege halsflekken som er grunnlaget for artsnamnet på engelsk. Fisk gjer ut for hovuddelen av kosthaldet, sjølv om smålommar ofte supplerer med amfibium, virvellause dyr og plantematerialar. Dette er ein monogam art, smålommar dannar langsiktige parbindingar. Begge medlemmer av para bidrar til reirbygging, eggruging og mating av ungar.

Smålommen har ein stor global populasjon og ei monaleg global utbreiing, men nokre delar av bestanden er minkande. Oljesøl, habitatsøydelegging, ureining og fiskegarn er blant dei største trugsmåla denne arten står overfor. Naturlege predatorar inkluderer ulike måseartar, og både raudrev og fjellrev tar egg og ungar. Arten er verna av ei rekkje internasjonale avtalar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 3
'Arbeidar og kolkhoz-kvinne' av Vera Mukhina

Sosialistisk realisme er ei kunstretning som utvikla seg under kommunismen i Sovjetunionen og vart den rådande stilen i andre kommunistland. Sosialistisk realisme er ein teleologisk-orientert metode og stil som tok mål av seg til å fremje målsettingane i sosialismen og kommunismen. Tema for retninga var jamnast arbeidslivet og teknikken i den sosialistiske kvardagen, til dømes traktorkøyrarar på ein kolkhoz som optimistisk vender blikket opp og fram. Ein la vekt på røyndomsnær skildring med lågt innslag av abstraksjon og estetisering. Retninga har slektskap med sosialrealismen, men dei to må ikkje forvekslast. Tvert mot sosialrealismen glorifiserer den sosialistiske realismen ofte den fattige si rolle. Retninga var i ein viss grad ein reaksjon mot såkalla dekadente stilretningar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 4
Stortorvet og domkirken av P.F. Wergmann

Stortorget i Oslo er eit torg i Oslo sentrum. Det har vore sentraltorget i byen frå 1736, da det tok over etter Christiania gamle torg. Kringom torget ligg mellom anna Oslo domkyrkje, Glasmagasinet og Stortorvets Gjæstgiveri.

Stortorget har vore møteplass for innbyggjarane i byen, handleplass og trafikknutepunkt og er blomstertorget i Oslo. Det var òg plassen for det såkalla Torgslaget 17. mai 1829 og er kjend for skulpturen av Kristian IV, som blei avduka på staden i 1880. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 5
Candlemas Day av Marianne Stokes

Kyndelsmesse, formelt «Festen for framberinga av Herren i tempelet», er ein kristen feiringsdag til minne om at Jesusbarnet vart boren fram i Tempelet i Jerusalem førti dagar etter fødselen. Dagen vert feira 2. februar i vestleg og austleg kristendom, førti dagar etter jul. Dagen er ei av dei tolv store høgtidene i den ortodokse kyrkja, og ein «Principal Feast» i den anglikanske. Framføringa i Tempelet er rekna som eit av «Dei glederike mysteria» på den katolske rosenkransen. I liturgisk samanheng kan han markera slutten på jule- eller epifanitida. Denne dagen kan mange kristne ta med seg lys til kyrkja. Desse blir signa og brukt resten av året.

Dagen har vore brukt som vêrteikn fleire stader i Europa og Amerika. På Vestlandet i Noreg rekna ein til dømes med at finvêr denne dagen varsla fint vêr det året, medan det lenger nord, frå Nord-Trøndelag og nordover, heitte at mildvêr denne dagen ville gje dårleg vêr resten av året. Ein rekna gjerne med at halvparten av snøen var komen ved denne dagen. Dette kunne også vera dagen ein rekna med at halvparten av vinterfôret ville vera brukt opp. Vidare kunne ein seia at bjørnen snudde seg i hiet på kyndelsmessedagen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 6
Klarälven

Klarälven eller på norsk Klaraelva er ei elv som renn gjennom Värmland i Sverige og ut i Vänern, som er den største innsjøen i Sverige. Karlstad ligg ved utløpet av Klaraelva i Vänern. Elva har opphav i Hedmark. På norsk side heiter elva først Femundselva og lenger ned Trysilelva.

Heile elva er om lag 460 km lang. Klarälven er nesten 300 km lang på svensk side. Når ein reknar med Göta älv som renn ut av Vänern er vassdraget det lengste i Skandinavia med ei lengd på 756 km. Klarälven var den siste svenske elva med tømmerfløyting. Denne opphøyrde først i 1991. Langs elva er det no fleire vasskraftverk. Elva er dessutan godt eigna til fiske. Laksetrapper eller fisketrapper finn ein ved nokre av vasskraftverka, mellom anna ved Dejefors kraftverk. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 7
Kanariøyane

Kanariøyane er ei spansk øygruppe og autonom region som ligg i Atlanterhavet, utanfor nordvestkysten av Afrika. Øyane ligg om lag 1500 km frå det spanske fastlandet. Geografisk vert Kanariøyane rekna som ein del av Afrika sidan dei ligg på den afrikanske kontinentalsokkelen, men politisk og kulturelt vert dei rekna som ein del av Europa fordi dei er ein del av Spania. Øygruppa består av sju større øyar: Tenerife, Gran Canaria, Lanzarote, La Palma, La Gomera, Fuerteventura og El Hierro, i tillegg til fleire mindre øyar. Kanariøyane er ein del av Makaronesia saman med Asorane, Kapp Verde, Madeira og Selvagensøyane.

Vulkanen Teide på Tenerife er det høgaste fjellet i Spania og den tredje største vulkanen i verda. Den geografiske plasseringa til øyane og passatvindane gjer at klimaet kan vere mildt og fuktig eller veldig tørt. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 8
Karplantar i ein skog

Karplantar (Tracheophyta) er nemninga for alle landplantar bortsett frå mosane. Dei er kjenneteikna av eit indre vedvev som transporterer vatn og mineral inni planten, og eit ytre silvev som fraktar næringsstoff og sukker. «Kar» viser til vedrøyra i planten, og stammar frå eldre botanisk terminologi.

Plantegruppa har utvikla seg over 350–500 millionar år, og er dermed langt eldre enn pattedyra og like gamle som fuglane og dei eldste gjenlevende insekta. Karplantane er svært suksessrike. Dei har kolonisert heile jordkloden bortsett frå polområda. Størst suksess har dei enfrøblada grasartene hatt, og dei har enorm økonomisk verdi. Plantar i grasfamilien Poaceae – som ris, kveite, bygg, mais og hirse – har metta store delar av folkesetnaden på jorda dei siste 10 000 åra. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 9
Utsyn over Damaskus

Damaskus (arabisk دمشق, Dimashq) er hovudstaden og den nest største byen i Syria etter Aleppo. I Syria vart byen òg kalla ash-Sham, og kallenamnet er Sjasminbyen. I tillegg til å vere ein av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda, er Damaskus eit stort senter for kultur og religion i Levanten. Byen har ein estimert folkesetnad på 1 711 000 (2009). Byen ligg sørvest i Syria og er senteret i eit storbyområde med 2,6 millionar menneske (2004). Geografisk ligg byen i dei austlege forberga til Anti-Libanonfjella, 80 km aust for kysten av Middelhavet på eit platå 680 meter over havet. Damaskus har eit halvtørt klima på grunn av regnskuggen frå desse fjella. Elva Barada flyt gjennom Damaskus.

Byen vart først busett i det andre tusenåret fvt. og vart valt til hovudstad i Omajade-kalifatet frå 661 til 750. Etter sigeren til abbasidane vart hovudsetet for den islamske makta flytta til Bagdad. Damaskus vart politisk mindre viktig medan abbasidane styrte, og byrja først å bløme att under Ajjubide-dynastiet og mamelukkane. Undet det osmanske styret var byen igjen i nedgang, men heldt ein viss kulturell prestisje. I dag er han sete for dei sentrale styresmaktene og heile regjeringa. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 10
Slaget ve Varoux uder Dei franske revolusjonskrigane

Dei franske revolusjonskrigane var ei rekkje store konfliktar frå 1792 til 1802 mellom dei franske revolusjonære styresmaktene og fleire europeiske statar. Den franske revolusjonshæren utmerkte seg med gløden frå den franske revolusjonen og militære nyvinngar, og slo mange av dei fiendtlege koalisjonane. Frankrike fekk kontroll over Nederlanda, Italia og Rheinland. Krigen omfatta særs mange soldatar, hovudsakleg på grunn av den moderne verneplikta.

Dei franske revolusjonskrigane vert vanlegvis delte inn i Den første koalisjonen (1792–1797) og Den andre koalisjonen (1798–1801), sjølv om Frankrike var i samanhengande krig med Storbritannia frå 1793 til 1802. Krigane enda med Amiens-traktaten i 1802, men konflikten blussa raskt opp igjen med napoleonskrigane. Begge konfliktane vert stundom omtalte som «den store franske krigen». Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 11
Det tyske keisarriket i 1900

Det tyske keisardømet (tysk Deutsches Reich) er namnet på Tyskland frå 1871 til 1918, då det var eit delvis konstitusjonelt monarki. Det starta med samlinga av Tyskland, då Vilhelm I av Preussen vart erklært tysk keisar (18. januar 1871), og enda brått då Den tyske republikken vart utropt av Philipp Scheidemann (9. november 1918), og formelt då Vilhelm II abdiserte (28. november 1918).

Før samlinga av Tyskland bestod dei tyske områda av 39 forbundsstatar. Desse statane bestod av kongedøme, storhertugdøme, hertugdøme, fyrstedøme, frie hansabyar og eit keisarleg område. Kongedømet Preussen var det største av statane og dekte om lag 60 % av heile Det tyske riket. Fleire av desse statane hadde vorte suverene statar etter Det tysk-romerske riket vart løyst opp. Andre oppstod som suverene statar etter Wienerkongressen i 1815. Områda var ikkje nødvendigvis samanhengande og fleire statar bestod av fleire fråskilde område, både som følgje av historiske erobringar og delingar av familiegreiner. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 12
Frå Tråilltampen i 1978

Den norske visebølgja er ei musikk- og kulturrørsle som starta midt på 1960-talet i Noreg. Bølgja hadde høgdepunktet sitt på 1970-talet. Frå 1960-talet og utover omfatta viseomgrepet tekstlege og musikalske uttrykk innanfor dei fleste musikksjangrane og med stor spennvidde i kompleksitet, men alltid med teksten som eit sentralt element.

Over heile landet vart det etablert viseklubbar – ofte kalla vise- og lyrikklubbar. Frå Dolphins i Oslo kom Jack Berntsen i 1968 til Svolvær, der han starta Viseklubben Lovisa og fem år seinare festivalen Tråilltampen i Hamarøy i Nordland. I Oslo vart det hausten 1969 etablert viseklubb i Bikuben, biscenen til Det Norske Teatret. Etter at Dolphins vart lagt ned, vart Bikuben og Club 7 tilhaldsstadar for visemiljøet i Oslo. Dei fleste av dei tidlege norske festivalane var dominerte av akustiske innslag, også den første Kalvøyafestivalen som vart arrangert av Viseklubben Hades i Bærum (1971). Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 13
Rajasthani-måleri av Meerabai

Mirabai (ca. 1498–ca. 1547) var ein hinduisk songar og diktar frå Rajasthan. Mange legender blir knytta til livet hennar, og songane hennar blir framleis sungne overalt i India, mellom anna på oppbyggjande møte blant hinduar. Det finst hundrevis av religiøse songar som blir sagt å ha Mirabai som opphavskvinne, utan at det er mogleg å seie kven av dei som er ekte. Ifølgje professor John Stratton Hawley finst det berre éin song med signaturen hennar som kan førast attende til 16. hundreåret, då Mirabai levde.

Mirabai tilhøyrer den sterke bhakti-tradisjonen i indisk mellomalderpoesi, som legg vekt på kjærleiken til Gud gjennom bruken av analogiar frå mellommenneskelege relasjonar. Songane til Mirabai skildrar på glødande vis det fromme tilhøvet hennar til Krisjna, som altfor sjeldan kjem henne i møte. Åtskiljinga frå Gud og lengta etter han er det viktigaste temaet i diktinga hennar. Ein reknar med at Mirabai talte språket marwari. Seinare vart songane hennar påverka av braj-dialekten av hindi. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 14
Magnus Lagabøte

Magnus Lagabøte eller Magnus Håkonsson (1. mai 1238–9. mai 1280) var konge av Noreg frå 1263 til 1280. Han var gift med Ingeborg, dotter av danskekongen Erik Plogpenning. Paret fekk sønene Eirik og Håkon, som begge vart kongar av Noreg.

Far til Magnus, kong Håkon Håkonsson, la ut på krigstokt mot Skottland sommaren 1263 for å verna Sudrøyane (Hebridane og Man), som var del av Noregsveldet. Felttoget ende utan ei klar avgjerd, men kong Håkon døydde på Orknøyane den 17. desember 1263. Ettersom Magnus allereie var regjerande konge då faren var borte, førte ikkje dødsfallet til noko brot i den politiske kontinuiteten. Magnus utførte eit stort arbeid for å modernisera lovverket, noko som gav han tilnamnet sitt, Lagabøte (lovforbetraren). Lovarbeidet førte til at Noreg var eit av dei første kongerika i Europa som var samla under ein lov. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 15
Akvarium i 1986

Akvarium (russisk Аквариум) er eit russisk rockeband som vart danna i Leningrad i 1972 av Boris Grebensjtsjikov (ofte berre kalla BG) og Anatolij «George» Gunitskij. Bandet har hatt ei heil rekkje forskjellige medlemmer, og BG er den einaste som har vore med heile perioden. Akvarium er eit av dei eldste russiske rockebanda, og i motsetnad til dei fleste andre rockebanda som vart starta i Sovjetunionen på 1970-talet held Akvarium framleis på i dag.

I 1980 spelte bandet på ein rockefestival i Tblisi som var eit forsøk frå den sovjetiske regjeringa på å kontrollere den nye rockerørsla. Offisielt var festivalen ein musikkonkurranse, og medlem av juryen vart ikkje imponerte over Akvarium si framføring. Etter konserten laga KGB ein rapport om Akvarium. Dette førte til at BG mista jobben sin i eit designbyrå og medlemskapen i Komsomol, det unge kommunistiske forbundet, som betydde ein hadde liten sjans for ein vidare jobbkarriere i Sovjetunionen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 16
Claudio Monteverdi

Claudio Monteverdi (1567–1643) var ein italiensk komponist, gambist og songar og er rekna som ein av dei største musikarane innan den eldre barokken. Han fekk særs stor innverknad over utviklinga av opera og det tonale tonespråket, men etter han døydde vart han stort sett gløymd. Han fekk ny merksemd då verka hans vart gjenoppdaga og gjevne ut på 1900-talet.

Etter at Jacopo Peri skreiv dei aller første forsøka på det ein i dag kan kalle opera, var Monteverdi raskt ute med meir utvikla verk og han skreiv den eldste operaen som framleis jamleg vert oppført, L'Orfeo. Han var den første viktige operakomponisten og førte sjangeren fram til sitt tidlegaste høgdepunkt. Men musikken hans var òg omstridd og vart angripen av representantar for den gamle renessansestilen. Dei første åtte samlingane til Monteverdi med madrigalar viser kva viktige skritt han tok frå den polyfone forma i renessansen til den monodiske forma i barokken. Den åttande madrigalboka med Madrigali guerrieri et amorosi («Madrigalar om krig og kjærleik») vert ofte halden fram som det ypparste innan denne musikkforma. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 17
Jean Binta Breeze

Jean Binta Breeze MBE (fødd i 1956 eller 1957) er ein jamaicansk-britisk diktar, songar og forteljar. Ho har også verka som teaterdirektør, koreograf, skodespelar, lærar og mentor, og som redaktør. Breeze byrja å dikta på same tid som dub-poesi, ei blanding av tala ord og reggae-rytmar, voks fram på Jamaica. Ho blir ofte omtalt som den første kvinna til å opptre innan sjangeren. Ho har sjølv skrive om vanskane med å ta del i denne mannsdominerte sjangeren, som ho oppplevde som avgrensande, og har seinare utvida eller fjerna seg frå han. Ho har brukt andre musikkformer i arbeidet sitt, som jazz, blues, mento og kaiso.

Breeze har framført verka sine i Karibia, Nord-Amerika, Europa, Søraust-Asia og Afrika. Ho har opptredd på turnear, mellom anna med litteraturgruppa Renaissance One, og ved årlege tilstellingar som Black History Month, festivalar som Glastonbury og Reggae Geel, og ved markeringar, som femtiårsmarkeringa for «Windrush»-seglinga frå Jamaica til Storbritannia i 1998, og feiringa av syttiårsdagen til den amerikanske forfattaren Maya Angelou. Ho har også samarbeidd med den afroamerikanske a cappella-gruppa Sweet Honey in the Rock. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 18
Topografisk kart over Balkan

Balkan er eit historisk og geografisk namn brukt om ein region i Søraust-Europa. Regionen har eit totalt areal på 550 000 km² og eit tilnærma innbyggjartal på 55 millionar menneske. Området har fått namnet sitt frå Balkanfjella som går gjennom sentrale områda av Bulgaria og austlege delar av Serbia. Balkan vert av og til kalla Balkanhalvøya sidan området grensar til vatn på tre sider: Svartehavet i aust, og armar av Middelhavet i sør og aust (inkludert Adriahavet, Det joniske havet, Egearhavet og Marmarahavet).

I antikken og tida før, var området heim for grekarar, illyrarar, peonarar, thrakarar, makedonarar og andre antikke folkegrupper. Seinare erobra Romarriket det meste av området og spreidde den romerske kulturen og det latinske språket, men ein stor del av området var framleis påverka av Hellas. Under mellomalderen var Balkan åstad for fleire krigar mellom Dei bysantinske, bulgarske og serbiske rika. Mot slutten av 1500-talet vart Det ottomanske riket den dominerande makta i regionen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 19
Beringsundet i Beringhavet

Beringhavet er eit havområde i Stillehavet som består av eit djuphavsbasseng (det aleutiske bassenget) som stig opp ein bratt skrent til grunnare vatn over kontinentalsokkelen.

Området dekkjer to millionar kvadratkilometer og grenser i aust og nordaust til Alaska, i vest til Sibir og Kamtsjatkahalvøya i Russland, i sør til Alaskahalvøya og Aleutane og i nord til Beringsundet med Nordishavet og Tsjuktsjarhavet på andre sida. Bristolbukta er delen av Beringhavet som skil Alaskahalvøya frå fastlandet i Alaska. Beringhavet er kalla opp etter den første europearen som segla over havet, den danske sjøfararen Vitus Bering.

Økosystemet i Beringhavet inneheld ressursar innanfor territorialfarvatnet til USA og Russland, og internasjonalt farvatn i det såkalla «Donut Hole». Vekselverknaden mellom havstraumar, havis og vêret dannar eit sterkt og produktivt økosystem. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 20
Bergen sett frå Fløyen

Bergen er ein by og administrasjonssenter i Bergen kommune i Hordaland fylke. Byen ligg på vestkysten av Noreg og er den største byen på Vestlandet. Bergen heitte opphavleg Bjørgvin, som tyder «den grønne enga mellom fjella». Han vart grunnlagd av Olav Kyrre i 1070 og var hovudstaden i Noreg fram til 1299 då denne funksjonen vart flytta til Oslo, men var framleis den største byen i landet til ut på 1830-talet. Administrasjonen til Hordaland fylkeskommune ligg i Bergen. Fram til 1972 var Bergen by eige fylke.

Bergen er ein by særprega av gamle trehus, fjordar og dei sju fjella. Byen er eit populært reisemål for både norske og utanlandske turistar. Bryggen i Bergen omfattar 61 freda bygningar, og står oppført på UNESCO si verdsarvliste. Bergen hamn er den hamna i Europa som har flest cruisebåtar innom årleg. Bergen har òg eit universitet som trekkjer studentar utanbys frå. Byen har fleire forskingsinstitutt som Havforskningsinstituttet, NIFES og Chr. Michelsens Institutt CMI. Her finst òg statlege etatar som Fiskeridirektoratet. Bergen lufthamn, Flesland er den internasjonale flyplassen som er knytt til byen. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 21
Ono no Komachi

Ono no Komachi (ca. 825–ca.900) var ein japansk poet som levde ved keisarhoffet i den første helvta av Heian-perioden. Poesien hennar, som er djupt subjektiv, lidenskapleg og kompleks, var eit viktig førebilete for den poesien som voks fram i Japan i Heian-perioden, ein poesi som var prega av ein personleg tone og teknisk dugleik, attåt ei filosofisk og emosjonell djupne. I alt kjenner ein til snautt hundre dikt som er skrivne av Komachi. Livet og lagnaden hennar er også tema for fleire seinare no-skodespel.

Vi har særs få sikre opplysningar om livet til Ono no Komachi, og sogene som finst om henne er i mange høve ei salig blanding av historiske fakta og gissing. Historikarar meiner at ho kan ha vore dotter av herskaren i Dewa-provinsen, og at ho har vore hoffdame ved keisarhoffet i dagens Kyoto i midten av det 9. hundreåret. Det er sannsynleg at ho fekk minst eitt barn, sidan eitt av dikta i ein seinare, keisarleg diktantologi har «barnebarnet til Komachi» som forfattar. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 22
Kaukasus

Kaukasus er ei fjellkjede i Eurasia mellom Svartehavet og Kaspihavet i Kaukasia. Kaukasus utgjer to separate fjellsystem, Store Kaukasus og Litle Kaukasus. Det høgaste fjellet i Kaukasus er Elbrus.

Kaukasus vart forma for om lag 23,8–28,5 millionar år sidan på grunn av tektonisk platekollisjon der den arabiske kontinentalplata flytta seg nordover og kolliderte med den eurasiske plata. Fjellsystemet er ei forsetjing av Himalaya. Heile området får regelmessig kraftige jordskjelv på grunn av denne aktiviteten. Forkastingane i Anatolia i Tyrkia og Iran flyttar seg side om side og hindrar subduksjon av kontinentalplata på veg nordover. Dette er årsaka til at det er få vulkanar i Store Kaukasus. Litle Kaukasus er derimot stort sett danna av vulkansk aktivitet. Vulkanplatået Dzjavakheti i Georgia og dei omliggande vulkankjedene, som strekkjer seg inn i sentrale område av Armenia, er nokre av dei yngste og mest ustabile av dei geologiske formene i området. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 23
The Kinks

The Kinks er eit engelsk rockeband. Det vart danna 17. mars 1963 og var ein del av den britiske bølgja. The Kinks har vorte kalla eit av dei viktigaste rockebanda gjennom tidene og vore ei inspirasjonskjelde for mange andre band heilt frå starten av.

Den opphavlege besetninga bestod av Ray Davies på vokal og rytmegitar, Dave Davies på sologitar og vokal, Pete Quaife på korvokal og bass og Mick Avory på trommer og perkusjon. The Kinks slo igjennom i 1964 med den tredje singelen sin, «You Really Got Me», skriven av Ray Davies. Dei tidlege, drivande singlane til bandet sette rock and roll-standarden på midten av 1960-talet, medan album som Face to Face, Something Else by The Kinks, The Kinks Are the Village Green Preservation Society, Arthur, Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One og Muswell Hillbillies og dei tilhøyrande singlane er høgt verdsette av tilhengjarar, kritikarar og likemenn, som nokre av dei viktigaste innspelingane på den tida. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 24
Måleri av Kabir som vevar

Kabir (fødd ca. 1440 i Varanasi, død ca.1518 i Maghar) var ein religiøs diktar og mystikar som blir dyrka som ein helgen mellom hinduar, sikhar og muslimar. Han er opphavsmann til den hinduiske sekta Kabir-panthis («Kabir-vegen»), som reknar Kabir som sin viktigaste guru. Jamvel om han vart fødd inn i ein muslimsk familie var han sterkt påverka av hinduismen. I dikta sine går han til åtak på utvendig pomp og prakt i både hinduisme og islam, og gjev uttrykk for at berre kjærleik til Gud kan føre til eit ekstatisk samband med det guddomlege.

Av yrke var Kabir ein muslimsk vevar (julaha) som budde i den heilage byen Banaras (som i vår tid heiter Varanasi), og høyrde såleis til på den lægre enden av det indiske kastesystemet. Då som no var Banaras eit sentrum for lærdom og handel, attåt å vere eit myldrande pilegrimsmål. Det gjorde at dikta hans kunne spreie seg snøgt over store delar av Nord-India. Ifølgje Bhaktamal (norsk «laurbærkrans av helgenar»), ei samling stutte, biografiske dikt komponert rundt år 1600, avviste Kabir dei bramin-dikterte formuleringane som ligg til grunn for kastesystemet, og forkasta dei seks skolane i ortodoks hinduisk filosofi. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 25
Sierra Nevada de Santa Marta

Sierra Nevada de Santa Marta er ei fjellkjede lengst nord i Colombia, men isolert og skilt frå Andes-fjellkjeda som går gjennom landet frå nord til sør. Det høgste fjellet når ei høgd på ca. 5775 moh. berre 42 kilometer frå den karibiske kysten, det gjer Sierra Nevada til verdas høgste kystområde. Sierra Nevada omfattar ca. 17 000 km² og fungerer som kjelda til 36 elvar. Fjellkjeda ligg innanfor tre departement, desse er Magdalena i vest, Cesar i søraust og La Guajira i nordaust.

Det høgste punktet i Sierra Nevada, og Colombia generelt, er rekna å vere Pico Cristóbal Colón på 5775 moh. Fjelltoppen like ved, Pico Simón Bolívar, er omtrent på same høgd og begge ligg i kommunen Aracataca. Sierra Nevada er ei kompakt fjellkjede, med etter måten lite arealutbreiing i området, og fullt omgjeve av lågtliggande landområde med høgder som ligg under 200 m. Hovudryggraden i Andes kan ikkje nåast frå Sierra Nevada utan å gå under 200-meternivået. Dette gjev det høgaste punktet her verdas femte største primærfaktor. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 26
Støvkvervel i Arizon

Støvkvervel, kvervelvind eller dust devil er ei roterande luftsøyle som kan vere alt frå ein halv meter i diameter til over 10 meter. Høgda på dei kan variere frå eit par meter til over 1000 meter. Støvkvervlar er vanlegvis ufarlege, men i sjeldne tilfelle kan dei vekse seg så pass store at dei kan gjere skade på menneske og eigedom. Dei kan samanliknast med tornadoar sidan dei begge er uvanlege vêrfenomen og roterande luftsøyler.

Støvkvervlar oppstår når svært varm luft nær overflata stig raskt gjennom små lommer med kjøligare luft i høgda over. Viss forholda ligg til rette for det, kan dei byrje å rotere. Når lufta plutseleg stig, kan den varme lufta bli strekt ut vertikalt. Dette fører til ein auka rotasjon som følgje av prinsippet om bevaring av vinkelmoment. Rotasjonseffekten gjer at varm luft vil strøyme inn mot botnen av kvervelen. Når meir varm luft strøymer inn imot kvervelen for å erstatte den stigande lufta, vil rotasjonseffekten auke og oppretthalde seg sjølv. Ein støvkvervel er som ein traktforma skorstein der varm luft strøymer oppover i roterande rørsle. Les meir …
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 27

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 27, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 28

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 28, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 29

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 29, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 30

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 30, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 31

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 31, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 32

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 32, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 33

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 33, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 34

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 34, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 35

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 35, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 36

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 36, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 37

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 37, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 38

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 38, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 39

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 39, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 40

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 40, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 41

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 41, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 42

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 42, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 43

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 43, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 44

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 44, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 45

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 45, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 46

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 46, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 47

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 47, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 48

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 48, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 49

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 49, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 50

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 50, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 51

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 51, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 52

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Veke 53

Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 53, 2019
Vis - Diskusjon - historikk


Utvald artikkel Bullet blue.png Kandidatar Bullet blue.png Kalender

Arkiv: 2004200520062007200820092010201120122013201420152016201720182019


I dag er det måndag, 17. juni 2019Oppdater sida