Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det laurdag, 20. april 2024Oppdater sida


Veke 1
Dagr av Peter Nicolai Arbo

Peter Nicolai Arbo (1831–1892) var ein norsk biletkunstnar som særleg er kjend for måleria sine med motiv frå ein nordisk historisk-mytologisk emnekrins. Dei mest kjende bileta hans er Åsgårdsreien og Valkyrien.

Arbo starta kunstutdanninga si med eit skuleår ved Helsteds Tegneskole i København 1851-1852. Etter det reiste han til Düsseldorf og studerte på kunstakademiet der frå 1852 til 1861. Frå 1853 til 1855 studerte han under rettleiing av Karl Ferdinand Sohn som var professor i figurmåleri, og frå 1857-1858 under J.E. Hünthen som var slag- og dyremålar. I 1861 flytte Arbo heimatt til Noreg og han fór året etter på ei studiereise i lag med Hans Gude og Frederik Collett i heimlandet. I 1863 måla han den fyrste versjonen av Hesteflokk på høyfjellet, eit motiv han seinare tok opp att fleire gonger, og versjonen frå 1889 er i Nasjonalgalleriet si eige og vert rekna med mellom dei viktigaste verka hans. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 2
Blues Harp-munnspel

Blues er ein musikksjanger basert på bruken av blåtonar. Han oppstod i afroamerikanske samfunn i USA ut frå negro spirituals, arbeidssongar og enkle balladar på rim. Bruken av blåtonar og call and response (kall og korsvar) i musikken og tekstane syer den afrikansk påverknaden på sjangeren. Uttrykket «the blues» viser til «the blue devils» («dei blå demonane») som står for nedstemte kjensler, melankoli og sorgmod. Ein tidleg referanse til «the blues» finn ein i George Colman sin farse Blue devils (1798). Sjølv om bruken av uttrykket i afroamerikansk musikk kan vere eldre, vert songen «Dallas Blues» av Hart Wand frå 1912 rekna som den første blues-songen. I tekstar vart uttrykket ofte nytta for å skildre ei nedtrykt stemning.

Blues påverka seinare amerikansk og vestleg popmusikk, sidan han danna grunnlaget for jazz, rhythm and blues og bluegrass. I 1960- og 1970-åra vart ei blandingsform kalla bluesrock utviklinga frå blues og forskjellige former for rock 'n' roll. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 3
Johan Cruijff

Johan Cruijff (1947–2016) var ein nederlandsk fotballspelar og -trenar fødd i Amsterdam. Han spela for Ajax Amsterdam, FC Barcelona, Los Angeles Aztecs, Washington Diplomats, UD Levante og Feyenoord. Etter at han slutta som fotballspelar var Cruijff trenar for Ajax Amsterdam og FC Barcelona. Også her hadde han stor suksess.

Cruijff vann Gullballen som årets fotballspelar i Europa i 1971, 1973 og 1974. Han vart rekna som ein av dei beste spelarane i si samtid. Han vart halden fram som sentral i den såkalla totalfotballen som gav det nederlandske landslaget suksess i 1970-åra. Ei finte, Cruijff-vendinga, er oppkalla etter han. For å utføre finta, let Cruijff som han skulle til å sentre ballen. I staden for å sparke ballen, drog han den bak stambeinet med innsida av den andre foten. Samstundes vende han 180 grader og akselererte på utsida av forsvarsspelaren. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 4
Statue av Dagmar ved Riberhus

Dagmar av Danmark (død 24. mai 1212) var ei dansk dronning gift med kong Valdemar Sejr og mor til prins Valdemar den unge. Dagmar blei fødd i kongsborga Vyšehrad i Praha på slutten 1100-talet som prinsesse Margaretha (Markéta) av Böhmen. Foreldra hennar var Přemysl Ottokar I av Böhmen og den første kona hans, Adelheid av Meissen.

Lite er kjent om dronning Dagmar som person, men ho er framstilt på ein idealisert måte i mange danske folkeviser. Ifølgje Rydårbogen frå 1250 påverka ho Valdemar til å sleppa fri fienden sin, biskop Valdemar av Slesvig, i 1206. Omtalen i folkeviser teikner henne gjerne som ei mild, god, gufryktig og mykje omtykt ideell kristen dronning, ein kontrast til den upopulære etterfølgjaren sin Berengaria (Benggerd). Det er sett opp ein minnestatue av henne på Riberhus. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 5
Dorothe Engelbretsdotter avbilda i førsteutgåva av Taare-Offer

Dorothe Engelbretsdotter (1634–1716) frå Bergen var den første kjende kvinnelege forfattaren frå Noreg. Ho skreiv salmar, høvesdikt og rimbrev. Dikta hennar er barokke og sterkt religiøse, og var svært folkekjære då dei vart gjevne ut. Siælens Sang-Offer er rekna hovudverket hennar. Verket inneheld perikopesalmar, salmar skrivne til bibeltekstar som ein kunne lesa til kyrkjelege høgtidsdagar og sundagar. Mange av dei er også botssalmar eller salmar knytte til ars moriendi, 'kunsten å døy'. Taare-Offer var det andre store verket hennar, og vart trykt for første gong i 1685. Dikta har motiv frå Lukas-evangeliet, kapittel 7,36-50 («Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne»).

Dorothe Engelbretsdotter var prestedotter, og vart seinare prestekone før ho levde fleire år som enkje. Ho var ein av dei første kvinnelege forfattarane som klarte å livnæra seg av skrivinga si. I 1684 fekk ho innvilga fullstendig skattefridom på livstid av kongen. Mange ser på skattefridomen som den fyrste diktargasjen gjeven til nokon i Noreg. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 6
Fødande pilskate

Fødsel viser til når eit foster kjem ut frå mororganismen, og blir ofte rekna som byrjinga på livet. Dei fleste pattedyr og andre vivipare eller ovovivipare dyr – nokre amfibium, reptil, fiskar og virvellause dyr – føder levande ungar. Under ein pattedyrfødsel blir livmora tømd for innhald: Fostervatn, foster og det som måtte vera av etterbyrd, som morkake, hinner og væske. Normalt har ein slik fødsel tre fasar – opning av fødselskanalen, utdriving av foster, og etterbyrdstida.

Store pattedyr som kvalar, elefantar, sjiraffar, flodhestar, nashorn, storfe, hestar, selar og primatar føder ofte berre eit avkom om gongen, sjølv om tvillingar og andre fleirfødslar førekjem. Dei fleste av desse avkoma er meir utvikla enn menneskeungar ved fødselen, ved at dei til dømes kan stå og gå eller symja nokså snart etter fødselen. Andre pattedyr, som kattedyr, hundedyr, revar og gnagarar, føder gjerne større kull med mindre utvikla ungar som til dømes kan mangla hår, syn, tenner og evna til å regulera kroppsvarmen sin. Desse ligg i eit reir eller hi og blir mata av mora og passa på av henne og eventuelt andre slektningar. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 7
Gamlebyen i Gdańsk

Gdańsk (tysk Danzig, kasjubisk Gduńsk) er ein by ved Gdańskbukta ved Austersjøen, i sentrum av det fjerde største storbyområdet i Polen. I 2013 hadde dette området 1 301 620 innbyggjarar. I lag med kurbyen Sopot, Gdynia og fleire forstader dannar Gdańsk eit storbyområde kalla Trippelbyen (Trójmiasto). Sjølve Gdańsk har om lag 460 000 innbyggjarar og er den største byen i regionen Pommern i Nord-Polen.

Historisk er Gdansk den største byen i området Kasjubia. Han er no den største hamnebyen i Polen og hovudstaden i Pommerske voivodskap. I lag med den nærliggande hamnebyen Gdynia er Gdańsk òg eit viktig industrisenter. Historisk er byen ei viktig hamn og eit senter for skipsindustri, og var eit medlem av Hansaen. Byen var fødestad for solidaritetsrørsla leia av den politiske aktiviteten frå Gdańsk, Lech Wałęsa, som spelte ei stor rolle i å få ein slutt på kommuniststyret i Sentral-Europa. Han er òg heimbyen til politikaren Donald Tusk, som er av kasjubisk opphav. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 8
Hjalmar Christensen

Hjalmar Christensen (1869–1925) var ein norsk forfattar og kritikar. Som ung tilhøyrde han den unge forfattargenerasjonen frå 1890-talet då han skreiv ei rekke viktige litteraturhistoriske arbeid som framleis har interesse. Seinare i livet skreiv han mange kulturhistoriske arbeid, både i fag- og skjønnlitterær form.

Christensen hadde alt i 1889 gjeve ut si første forteljing, «En frisindet. Et nutidsbillede.» I 1891 kom novellesamlinga Mat blod, der han skildrar tidas dekadanse. Som tittelen antydar er han mildt kritisk til fenomenet. Dekadanse i norsk samanheng er «utenpåklistret», hevdar han. Året etter forsøkte han seg med eit skodespel, Loths hustru. I 1893 kom skodespelet En seirherre, som skildrar brytingane mellom det nye borgarskapet og den gamle embetsmannskonservatismen. Romanen Bastarder (1894) var eit oppgjer med bohemane, medan skodespelet Folkets tjener var ein satire over demokratiet. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 9
Inga frå Varteig på våpenet til Varteig kommune

Inga frå Varteig (1185–1234) var ei norsk kvinne som er vorten kjend som mor til Håkon Håkonsson, som ho fekk med kong Håkon Sverresson. Inga var ikkje gift med kongen, men bar jernbyrd for å prova at sonen var av kongeleg ætt. Dette fann ifølgje overleveringa stad i 1218, og er det einaste ein veit rimeleg sikkert om henne.

Inga Ingedotter var truleg frå Varteig i nærleiken av Sarpsborg. Truleg høyrde ho til ei god bondeslekt i Østfold. Det vart sagt av ho var svært vakker. Under eit opphald hjå frenden sin, Audun, ein av dei gjævaste mennene i Borg (Sarpsborg), vart ho kjend med Håkon Sverresson. Kjennskapen vart intim, og ho vart seinare gravid med barnet som skulle verte den store kongen av Noreg, Håkon Håkonsson. Inga spelte dermed ei viktig rolle i norsk historie. Ho fekk ei sentral rolle i skodespelet Kongs-Emnerne av Henrik Ibsen. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 10
James Joyce

James Joyce (1882–1941) var ein irsk forfattar, mest kjend for romanen Ulysses frå 1922. Joyce vert rekna mellom dei største irske forfattarane, og for å ha hatt stor kulturell påverknad på 1900-talet. Attåt Ulysses er den vanskelege romanen Finnegan's Wake (1939), novellesamlinga Dubliners (1914) og den halv-sjølvbiografiske romanen A Portrait of the Artist as a Young Man (1916) mellom dei mest røynde verka hans Joyce. James Joyce levde mesteparten av livet sitt utanfor Irland, men alle verka hans er djupt knytte til heimbyen Dublin, og alle finn dei stad der. Mellom anna vert det ugreie tilhøvet hans til den irske katolske kyrkja spegla hjå romanfiguren Stephen Dedalus, som på mange vis er ein delvis sjølvbiografisk figur. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 11
Kiri Te Kanawa

Kiri Te Kanawa (fødd 1944) er ein newzealandsk operasongar som var aktiv frå 1968 til 2016. Ho var kjend som den største lyriske sopranen i si samtid. Ho har vunne heider og prisar i fleire land, og har mellom anna opptredd ved Royal Opera House Covent Garden, Metropolitan Opera, Glyndebourne Festival, Lyric Opera of Chicago, Opéra National de Paris, Sydney Opera House, Wiener Staatsoper og La Scala.

Te Kanawa er særleg knytt til verk av Mozart, Strauss, Verdi, Handel og Puccini. Ho er også kjend for plateinnspelingar av messer, operaer, operetter, musikalar, jazz og maorisongar. Seinare i karrieren sin song Te Kanawa sjeldan opera, men heldt ei rekkje konsertar, gav meisterklassar og støtta unger operasongarar i byringa av karrieren sin. I 2004 skipa ho Kiri Te Kanawa Foundation for å støtta newzealandske ungdommar med talent innan song og musikk. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 12
La Guajira-departementet

La Guajira er eit departement nordaust i Colombia som grensar til nabodepartementa Cesar og Magdalena og dessutan til Venezuela og Det karibiske havet. Arealet gjer ut for det meste av Guajira-halvøya i den nordaustlege delen av landet, ved den nordlegaste spissen av Sør-Amerika. Hovudstaden i departementet er Riohacha.

Ulike innfødde stammar folkesette dei tørre slettene i regionen før den spanske tilkomma til Amerika. I kolonitida gjorde både guvernørane i byen Santa Marta og Venezuela krav på La Guajiras-territoriet og hadde tvistar på grunn av perleførekomstar. Engelske piratar, franskmenn og tyskarar hadde òg disputtar om territoriet. Økonomien er hovudsakleg basert på skattelegging av verksemd i kolgruva i Cerrejón. Naturgassutvinning og saltminer er andre inntektskjelder. Cabo de la Vela er ein liten fiskarlandsby som ligg på nordspissen av Guajira-halvøya. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 13
Promoteringsteikning av The Byrds frå 1967

The Notorious Byrd Brothers er det femte albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og vart gjeve ut i januar 1968 på Columbia Records. Musikalsk er albumet toppen av den psykedeliske perioden til bandet, der dei blanda folkrock, psykedelisk rock, country, elektronisk musikk, barokkpop og jazz. Av desse forskjellige stilane var det dei små hinta om country som fullstendig skulle prege det neste albumet deira. Med produsenten Gary Usher vart det nytta mykje studioeffektar og nye produksjonsteknikkar, som phasing, flanging og panorering. The Byrds innførte òg pedalsteelgitar og Moog-synthesizer i musikken sin for første gong. Dette var eit av dei første albuma der ein finn ein Moog.

Innspelinga av albumet fann stad i andre halvdelen av 1967, og vart prega av krangling mellom bandmedlemmene. Rytmegitarist David Crosby fekk sparken i oktober 1967 og trommeslagar Michael Clarke forlet bandet midtvegs i innspelinga. Clarke kom attende ei kort stund før han til slutt fekk sparken etter at plata var ferdig. I tillegg kom den originale bandmedlemmen Gene Clark, som hadde forlate bandet tidleg i 1966, attende i tre veker under innspelinga, før han forlet bandet igjen. Forfattar Ric Menck skreiv at sjølv om ein hadde desse endringane i bandet og konfliktane under innspelinga, så var The Notorious Byrd Brothers eit av dei best samansette og overjordisk-aktige albuma til bandet. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 14
Adventure Time-logo

Adventure Time er ein amerikansk animert fjernsynsserie skapt av Pendleton Ward for Cartoon Network. Serien følgjer eventyra til ein gut med namnet Finn (spelt av Jeremy Shada) og bestevennen og adoptivbroren hans, Jake (John DiMaggio), ein magisk bulldogg som kan endre form og storleik når han vil.

Serien er basert på ein kortfilm frå 2007, som vart produsert for Nicktoons og Random! Cartoons. Etter at han vart ein viral suksess på internettet, bestilte Caroon Network produksjonen av ein full serie basert på kortfilmen. Adventure Time hadde førehandsvising 11. mars 2010 og offisiell premiere 5. april 2010. Seriefinalen «Come Along With Me» vart send 3. september 2018, og serien hadde då kome opp i 283 episodar fordelte på ti sesongar.

Adventure Time har vore ein sjåarsuksess for Cartoon Network og nokre episodar har tiltrekt over tre millionar sjåarar. Trass i at serien hovudsakleg framstår som retta mot barn, har han utvikla ein tilhengjarskare blant tenåringar og vaksne. Serien har fått positive omtalar og vunne ei rekkje utmerkingar, mellom anna åtte Primetime Emmy Awards. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 15
Teikningar av ulike fugleegg frå British Museum

Eggemysteriet er ein teikneserie med Donald Duck, skriven og teikna av Carl Barks. Teikneserien vart utgjeven i 1949 under tittelen Lost in the Andes! og handlar om Donald og nevøane hans, Ole, Dole og Doffen, som reiser til Andesfjella for å finna opphavet til mystiske firkanta egg dei oppdaga på eit museum.

Teikneserien kom ut i Noreg i bladet Donald Duck & Co nr. 13–17 våren 1963, som er publisert på bokmål, og vekte åtgaum for bruken av nynorsk i omsetjinga. Firkantfolket i historia snakkar nynorsk med vossasvip, som dei lærte av ein oppdikta professor frå Voss. Enkelte nynorskfolk tok det ille opp at språket vart knytt til eit snodig folk i ein avsides landsby og på denne måten gjort til lått. Donald-nummera med firkantfolket vart same året tekne av hyllene i bibliotek i Oslo, etter fleire protestar.

Eggemysteriet er i dag mellom dei mest kjende Donald Duck-historiene og er rekna som ein teikneserieklassikar. Don Rosa likte historia såpass mykje at han laga to relaterte teikneseriar – The Son of the Sun («Solens sønn») og Return to Plain Awful («Tilbake til Gufseplassen»), ein oppfølgjar til Eggemysteriet. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 16
Pesta i trappen av Theodor Kittelsen

Svartedauden var ein zoonotisk pandemisk sjukdom under mellomalderen som i gjennomsnitt tok livet av kvar tredje person i Europa og så godt som alle som vart smitta. Den ålment aksepterte teorien er at svartedauden var eit særs omfattande utbrot av pest. Sjukdommen fekk truleg namnet sitt frå byllane og dei mørke flekkane som vart danna på huda til dei som var smitta.

Pestutbrotet byrja i Kina-regionen i 1334 og spreidde seg gradvis vestover gjennom dei etablerte handelsvegane, som fungerte som sambindingar mellom aust og vest. Året 1346 var pesten framme i Egypt og Syria, for deretter å nå Europa gjennom Krim. Våren 1347 kom pesten til Konstantinopel og på hausten nådde han Messina på Silicia. Svartedauden kom truleg til Noreg i 1349. Samtidige rapportar fortel at pesten kom til Bergen med eit skip frå England, og at pesten også nådde Stavanger, Trondheim og Austlandet. Svartedauden førte truleg til at folketalet i Noreg vart halvert. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 17
Bandrikse

Riksefamilien (Rallidae) er ein stor biologisk familie i ordenen tranefuglar (Gruiformes) av små til mellomstore fuglar med kort og rund kropp. Dei har breie og korte venger. Familien viser monaleg mangfald og omfattar òg pupurhøner og sothøner. Mange artar er knytte til våtmarker, sjølv om familien er funnen i eit kvart habitat på bakken, med unnatak av tørre ørkenar, polare regionar og alpine område over snøgrensa. Medlemmer av riksefamilien finst på alle kontinenta unntatt Antarktis. Det er mange artar med leveområde på isolerte øyar. Vanlege habitat er myr eller tett skog, dei føretrekk ofte tett vegetasjon.

Mange rikser med leveområde på isolerte øyar er utan flygeevne, fordi små øyhabitat utan predatorar eliminerer trongen til å flytte seg snøgt. Flyging er energikrevjande, brystbeinkammen og flygemusklane tar opp ein fjerdedel av kroppsmassen av rikseartar. På grunn av dette kan fuglar utan flygeevne lettare overleve og kolonisere ei øy der ressursar elles er avgrensa. Tap av flygeevne kan utvikle seg svært raskt hos øyartar, det tok så lite som 125 000 år for den no utdøydde laysanriksa (Porzana palmeri) å miste evna til flyging og å utvikle reduserte, butte venger berre nyttige for å halde balansen til fots. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 18
Sør-Georgia

Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane er eit britisk oversjøisk territorium sør i Atlanterhavet. Det er ei avsidesliggande og vêrhard øygruppe som består av Sør-Georgia og ei rekkje av mindre øyar kalla Sør-Sandwichøyane. Sør-Georgia er 167,4 km lang og 1,4 til 37 km brei og den klårt største øya i territoriet. Sør-Sandwichøyane ligg om lag 520 km søraust for Sør-Georgia. I alt dekkjer øyane 3 903 km².

Det er ingen innfødde folk på øyane, men i dag bur britiske embetsfolk, postmeister, forskarar og andre frå British Antarctic Survey på øya. Dei driv forskingsstasjonar på Bird Island og hovudstaden King Edward Point, i tillegg til museumstilsette i nærliggande Grytviken. Grytviken var frå tidleg på 1900-talet base for norske kvalfangarar. Etter at kvalfangsten tok slutt, har det vore få fastbuande på øyane. Om vinteren er det berre litt over ti menneske her. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 19
Mono Lake, avbilda i albuminnpakninga til Wish You Were Here

Wish You Were Here er det niande studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd. Det vart gjeve ut 12. september 1975 på Harvest Records og Columbia Records, den første utgjevinga deira på sistnemnde. Wish You Were Here var basert på materiale Pink Floyd komponerte medan dei var på turné i Europa og vart spelt inn spreidd utover 1975 i Abbey Road Studios i London.

Albumet dekkjer ei rekkje tema, som kritikk mot musikkindustrien, framandgjering og ei hyllest til den opphavlege medlemmen Syd Barrett, som slutta sju år tidlegare på grunn av dårleg mental helse. Wish You Were Here fekk blanda kritikk då det kom ut, der somme meinte musikken var uinspirerande og ikkje like bra som det dei tidlegare hadde gjort. Seinare har albumet nesten utelukkande fått strålande kritikk og blitt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene. Klaverspelaren Richard Wright og gitaristen David Gilmour har begge omtalt dette som favorittalbumet sitt av Pink Floyd. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 20
Du Fu

Du Fu (712–770) var ein kinesisk diktar og embetsmann som av mange blir rekna som den største kinesiske poeten gjennom tidene. Du Fu var ein nær ven av Li Bai, men i motsetnad til venen, som sokna til taoismen, var poesien til Du Fu djupt grunnfesta i verdisynet til konfutsianismen.

Du Fu skreiv fengslande om familielivet og sosiale dygder. Han skildrar òg på levande vis det sosiale elendet, korrupsjonen og maktmisbruken som kom til å setje sitt preg på Tang-dynastiet med utbrotet av An Lushan-oppreisten i 755, og har på den måten vore viktig for ettertida som sosialhistorikar. Han var ein meister i dei kinesiske diktformene, og nådde høgst i måten han nytta dei metriske verkemidla som var særmerkte for såkalla «regelrette vers» (lü-chi), ei verseform på åtte liner med fem eller sju stavingar i kvar line, inkludert eit enderim. Til saman har kring 1500 dikt og nokre prosastykke skrive av Du Fu overlevd for ettertida. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 21
Illustrasjon til eventyr av Marie-Catherine d’Aulnoy

Marie-Catherine d’Aulnoy (1650–1705) var ein fransk forfattar og grevinne av Aulnoy, også kjend som Madame d'Aulnoy. Ho er særleg kjend for eventyra sine, og var den første som gav ut eventyr i Frankrike. D'Aulnoy var også den som innførte omgrepet contes de fées ('fe-soger'), som er brukt om eventyr på fransk og tilsvarer engelsk fairy tale. Ho levde sjølv eit eventyrleg liv, der ho var innblanda i skuldingar om majestetsfornærming og levde fleire år i eksil.

Madame d'Aulnoy gav ut si første bok i 1690. Denne boka, Mémoires sur la cour d’Espagne, inneheldt minne frå Spania, og blei særs populær. I 1691 kom romanen Histoire d’Hippolyte, comte de Douglas, som inneheld det første franske eventyret på prent, og fekk eventyret på moten i Frankrike. Eventyra til d'Aulnoy var skrivne for vaksne frå den galante omgangskretsen hennar. Dei kombinerte tradisjonelle soger med litterære uttrykksmåtar knytt til den kulturelle preciositeten ho tilhøyrde. Gjennom dette er ho rekna som ein opphavsperson til kunsteventyret. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 22
Tairona-anheng, no i Musée du Louvre.

Tairona var ei gruppe av høvdingsete i regionen i og rundt Sierra Nevada de Santa Marta i dagens Magdalena, Cesar og La Guajira-departement i Colombia i Sør-Amerika. Sivilisasjonen går minst tilbake til det første hundreåret e.Kr., og hadde monaleg demografisk vekst rundt 1000-talet.

Tairona-folket danna den eine av dei to hovudspråkgruppene i den chibchanske språkfamilien, den andre er muisca. Genetiske og arkeologiske funn viser ein relativt tett utbreiing i regionen i det minste frå år 200 f.Kr. Pollendata samla inn i 1980 viser betydeleg avskoging og bruk av kulturplantar som maniok og mais sidan moglegvis 1200 f.Kr. Men busetting av den colombianske karibiske kysten av faste eller halvt bufaste folkegrupper er dokumentert å ha skjedd ca. år 4000 f.Kr. Etnohistoriske data viser at første kontakt med spanjolane vart tolerert av tairona, men innan 1600 e.Kr. hadde det bygd seg opp konfrontasjonar og ein liten del av taironapopulasjonen flytta opp til høgare område i Sierra Nevada de Santa Marta. Denne flukta tillét dei å unngå dei mest negative verknadene av det spanske kolonisystemet gjennom 1600 og 1700-talet. Urfolka kogui, wiwa, arhuacos og cancuamo som bur i området i dag, er trudd å vere direkte etterkommarar av tairona. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 23
TS «Leda» i 1925

TS «Leda» var eit turbinskip bygt i 1920 som passasjer- og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet vart bygt ved Armstrong, Whitworth & Co. i Newcastle i Storbritannia og kosta 4,8 millionar kroner då det vart levert i november 1920. Det gjekk inn i englandsruta til BDS frå Bergen til Newcastle via Stavanger. 2. juli 1926 kryssa «Leda» Nordsjøen på veg frå Newcastle til Bergen på 26,5 time, noko som var ny rekord.

«Leda» vart rekvirert av Die Deutsche Krigesmarine den 31. juli 1940 og nytta som overnattingsfartøy i Bergen, i tillegg til noko passasjertrafikk mellom Tyskland og Sverige med tysk mannskap. Frå 18. mai 1944 vart det nytta som forsyningsskip for ein artilleriskule på ein ukjend stad, og frå 28. desember same året vart det nytta som transportskip for Kriegsmarine Dienstelle Stettin i Tyskland. 25. mars 1945 vart skipet skote i senk av russiske landbatteri utanfor Gross Siegnort utafor Oder på reise til Stettin frå Swinemunde. 20 personar omkom. Skipet sokk på ei djupne av åtte meter med baugen over vatn og låg her fram til 1948. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 24
Satelittbilde av Irland

Irsk geografi er utforminga til Irland, ei øy nordvest i Europa i Nord-Atlanteren. Havet har danna ei ujamn kystlinje i vest med mange øyar, halvøyar og nes. Geografisk er Irland i hovudtrekk samansett av ei låg sentral slette omringa av kystfjell. Det høgaste fjellet er Carrauntoohil (irsk Corrán Tuathail) med ei høgd på 1 038 meter over havet. Det er fleire store innsjøar langs dei irske elvane og den største av dei er Lough Neagh. Øya er meir elle mindre delt i to av elva Shannon, som med ei lengd på 259 km og eit estuar på 113 km er den lengste elva på Irland. Ho renn sørover frå County Cavan i nord til Atlanterhavet ved Limerick.

Politisk er Irland delt i Republikken Irland og Nord-Irland, som er ein del av Storbritannia. Vest for øya ligg øya Storbritannia. Ho har eit areal på 84 079 km² og mellom Irland og Storbritannia ligg Irskesjøen, medan Det keltiske havet ligg sør for Irland. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 25
Raymond av Poitiers tek imot Ludvig VII i Antiokia

Det andre krosstoget (1147–1149) var det andre store krosstoget som starta i Europa. Grevskapet Edessa hadde gått tapt i 1144 og i 1145 kom det derfor ønske om eit nytt krosstog.

Edessa var den første av krossfararstatane som vart grunnlagt under det første krosstoget (1095–1099) og var òg det første som fall. Det andre krosstoget vart utropt av pave Eugenius III og var det første krosstoget som vart leia av europeiske kongar, det vil seie Ludvig VII av Frankrike og Konrad III av Det tysk-romerske riket, med støtte frå fleire andre europeiske adelsfolk. Etter å ha kryssa Austromarriket og gått inn i Anatolia vart begge armeane kvar for seg slått av seldsjukkane. Ludvig, Konrad og restane av armeane deira nådde Jerusalem og i 1148 deltok dei i eit overilt åtak på Damaskus. Krosstoget i aust vart mislykka for krossfararane og ein stor siger for muslimane. Krosstoget enda med at Jerusalem fall og det tredje krosstoget vart sett i gang mot slutten av 1100-talet.

Berre utanfor Middelhavsområdet oppnådde krossfararane noko resultat då krossfarar på veg til Det heilage landet med skip tilfeldigvis stoppa og hjelpte portugisarane i å ta Lisboa frå maurarane i 1147. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 26
Skisse av endometriose

Endometriose er ein vanleg medisinsk tilstand der slimhinna som kler innsida av livmora, endometriet, eller vev som liknar denne, vert funne utanfor livmora, og påverkar andre organ i bekkenet. Tilstanden kan leia til alvorlege helseproblem, vanlegast smerte og infertilitet. Endometriose oppstår først og fremst hos kvinner i den fertile alderen. Det vanlegaste symptomet til endometriose er smerte, oftast nede i mageregionen, i nedre del av ryggen og i bekkenregionen. Styrken av smerte ei kvinne kjenner treng ikkje stå i høve til utbreiinga av endometriose. Somme kvinner kan ha lita eller inga smerte sjølv med sterkt utbreidd endometriose, andre kan ha sterke smerter sjølv om tilstanden berre finst i små område.

Undersøkingar har vist at talet på kvinner med endometriose ligg mellom 2 og 10 prosent av dei i fertil alder. Mellom 30 og 40 prosent av kvinner med endometriose er infertile. Somme kvinner veit ikkje at dei har endometriose før dei får vanskar med å verta gravide. Medan utbreidd endometriose kan skipla dei anatomiske tilhøva i bekkenet, og på den måten forklara at infertilitet oppstår, er høvet mellom tidleg eller mild endometriose og infertilitet meir uklår. Der er inga behandling mot årsaka til endometriose, men hjå dei fleste pasientar vil menopausen (anten naturleg eller kirurgisk) avslutta tilstanden. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 27
Våpenet til Agder fylkeskommune

Agder er eit fylke sør i Noreg, oppretta den 1. januar 2020 som ei samanslutning av fylka Aust-Agder og Vest-Agder. Det er det sørlegaste fylket i Noreg, med Noregs sørlegaste punkt: Pysen. Fylkeskommunen har sete i Kristiansand, den største byen i fylket. Fylkesmannen og fagadministrasjonane under fylkesmannsembetet har sete i Arendal, som var administrasjonssenteret i Aust-Agder.

Agder er ved kysten i sør prega av eit kupert landskap, medan innlandet er prega av skog, dal og hei, som i nord går over i høgfjellsområde. Fylket grensar i nordaust og aust til Telemark og i nordvest og vest til Rogaland.

Fylkesvåpenet til Agder er ei gullfarga eik på djup raud bakgrunn. Det er basert på fylkesvåpena til dei to tidlegare fylka. Motivet er henta frå våpenet til Vest-Agder medan fargane kjem frå våpenet til Aust-Agder. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 28
Kaptein Sabeltann i juli 2005.

Kaptein Sabeltann er ein oppdikta sjørøvar skapt av den norske forfattaren og låtskrivaren Terje Formoe. Figuren debuterte i teaterstykket Kaptein Sabeltann og skatten i Kjuttaviga i Kristiansand Dyrepark sommaren 1990, der Formoe på den tida arbeidde som marknads- og underhaldningssjef. Stykket var så populært at det fekk ein oppfølgjar i 1994, Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga, som Formoe vann musikkprisen Spellemannprisen for same året. I ettertid det har det kome fleire nye forestillingar.

I Kaptein Sabeltann-universet er Sabeltann sjølv kaptein for ein bande sjørøvarar som seglar saman i skipet sitt, «Den Sorte Dame», på leit etter skattar. Framståande figurar blant sjørøvarane er Pelle, ein tjukk og klumsete pirat, Langemann, den nestkommanderande på skipet, og Pinky, ein unggut som kjempar for å bli akseptert av dei andre sjørøvarane. Sentrale lokasjonar er Kjuttaviga, der karakterar som sjømannen Ruben, Tante Bassa og Sunniva bur, og Abra Havn, der sjørøvarane held til utanom toktene.

Kaptein Sabeltann er ein av dei største økonomiske suksessane innan underhaldning for barn i Noreg. I tillegg til teaterstykka, omfattar merkevara bøker, blad, dataspel, TV-seriar, filmar og musikkalbum. Omsetnaden i aksjeselskapet Kaptein Sabeltann AS var i 2006 på 8,6 millionar norske kroner og resultatet 3,4 millionar. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 29
Våpenet til Bygland kommune

Bygland er ein kommune i Setesdalen i Agder fylke. Det meste av busetnaden i kommunen følgjer innsjøen Byglandsfjorden, og elva Otra nordanfor. Kommunen har to tettstader: Byglandsfjord og administrasjonssenteret Bygland. Skogbruk og jordbruk er viktige næringsvegar, attåt turisme, der kommunen i nyare tid har satsa på kulturliv og aktivitetar. Den vidaregåande skulen KVS-Bygland har linjefag innan bygg, skogbruk og reiseliv. Riksveg 9, frå Kristiansand til Haukeli, går nord-sør gjennom kommunen.

Bygland er den einaste kommunen i tidlegare Aust-Agder fylke som har hatt uendra grenser sidan det kommunale sjølvstyret vart innført i Noreg i 1837. Kommunen grensar i nord til Valle, i aust til Fyrsdal og Åmli, i sør til Froland og Evje og Hornnes, og i vest til Åseral, Kvinesdal og Sirdal.

Kommunevåpenet viser ei oppspringande gull gaupe på grøn grunn. Gaupa symboliserer det bratte, ville og skoglendte terrenget i kommunen. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 30
Grimstad gjestehamn i juli 2008.

Grimstad er ein by og administrasjonssenteret i Grimstad kommune i Agder fylke. Han ligg ved ei bukt på vestsida av Groosefjorden og busetnaden strekker seg nordover inn i Fjære. Byen er eit regionalt handels- og servicesenter. Tettstaden som byen er del av hadde i 2019 over 13 000 innbyggjarar.

Grimstad voks fram på 1600-talet, då staden blei lasteplass under Arendal. I 1791 fekk Grimstad laste- og losefridom mot ei fast avgift til Arendal, og blei i 1816 sjølvstendig kjøpstad. Grimstad er i dag ein viktig skoleby med vidaregåande skolar og avdelingar av Universitetet i Agder. Byen har stor tilstrøyming av turistar i sommarsesongen og bykjernen er ein attraksjon i seg sjølv, med idylliske, eldre byinteriør og krokete gater. Byen er også kjend for teateret sitt, som ligg i eit steinbrot, og dei mange lokale reiarlaga. Henrik Ibsen budde i byen i perioden 1843–1850, då han arbeidde som apotekarlærling.

Grimstad hadde jernbanesamband til Rise i Arendal, som opna i 1907 og blei nedlagd i 1961. Etter nedlegginga blei delar av traseen gjort om til vegar. Til dømes ligg Europaveg 18 mellom Kristiansand og Oslo delvis over den gamle jernbanestrekninga, og tangerer den vestlege delen av bykjernen i Grimstad. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 31
Andreas Thorkildsen i oktober 2011.

Andreas Thorkildsen er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar og spydkastar. Han er fødd og oppvaksen i Kristiansand og er son av Tomm Thorkildsen, som i si tid også var spydkastar med 71,64 meter frå 1974. Som tenåring sette Andreas Thorkildsen fleire rekordar for juniorar, mellom anna 83,87 meter i Bergen i 2001. Han har sidan 2001 budd i Oslo og arbeider i dag som trenar for toppidrettsutøvarar.

Thorkildsen var vunne åtte NM-gull og seks kongepokalar. Han blei olympisk meister i spydkast i OL i Athen 2004 og OL i Beijing 2008, siste gongen med ein olympisk rekord på 90,57 meter.

Thorkildsen er tildelt Fearnleys olympiske ærespris og Sportsjournalistenes statuett i 2004 og Aftenpostens gullmedalje og Sportsjournalistenes statuett 2008. I 2008 blei han kåra til årets friidrettsutøvar i Europa og til årets mannlige utøvar i Noreg på Idrettsgallaen. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 32
Bunadkledd pike i svalgang

Hedevig Lund (1824–1888) var ein norsk målar under romantikken. Ho var blant dei første norske kvinnene som fekk ei profesjonell utdanning som kunstnar. Lund vart kjend som portrettmålar, og måla fleire portrett av eidsvollmenn på bestilling frå Eidsvollsgalleriet. Måleria hennar Bunadkledd pike i svalgang (1849) og Landskapsstudie fra Borrevannet (1878) er ved Nasjonalmuseet.

Bunadkledd pike i svalgang er eit nasjonalromantisk prega portrett som framstiller ei ung kvinne i folkedrakt eller bunad. Drakta kan ikkje stadfestast til ein bestemt stad, men sølja til kvinna kan peika mot Hallingdal. Kvinna har eit strikketøy hengande i eine handa. Svalgangen ho står i ser ut til å vera eit bygg i tradisjonell norsk lafteteknikk. Bakgrunnen er ein pittoresk dal med høge fjell, nokre av dei snøtoppa. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 33
Den store hunden

Den store hunden (frå latin Canis major) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. På 100-talet evt. førte Klaudios Ptolemaios stjernebiletet opp på lista over 48 stjernebilete, og det vert rekna blant dei 88 moderne stjernebileta. Både Den store hunden og Den vesle hunden følgjer stjernebiletet Orion, jegeren, over himmelen. Mjølkevegen passerer gjennom Den store hunden og fleire opne hopar ligg innafor grensene, mellom anna M41.

Den store hunden inneheld Sirius, den lyssterkaste stjerna på natthimmelen, kjend som «hundestjerna». Ho lyser sterkt fordi ho ligg nær solsystemet. Andre lyssterke stjerner i stjernebiletet ligg lengre unna med høgare luminositet. Med storleiksklasse 1,5 er Epsilon Canis Majoris (Adhara) den nest mest lyssterke stjerna i stjernebiletet og den sterkaste kjelda til ekstrem ultrafiolett stråling på natthimmelen. Vidare kjem den gulkvite superkjempa Delta (Wezen) med 1,8, den blåkvite kjempa Beta (Mirzam) med 2,0, dei blåkvite superkjempene Eta (Aludra) med 2,4 og Omicron1 med 3,0, og den kvite, spektroskopiske dobbeltstjerna Zeta (Furud), òg på 3,0. Den raude hyperkjempa VY Canis Majoris er ei av dei største stjernene ein kjenner til, medan nøytronstjerna RX J0720.4-3125 har ein radius på berre 5 km. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 34
Gaza i 2007

Gaza er ein by på Gazastripa, og med eit folketal på 515 556 er han den største byen i Palestina. Han har vore busett sidan 1400-talet fvt. Gaza har vore dominert av forskjellige folkeslag og rike gjennom historia. Filistrane gjorde byen til ein del av sin pentapolis etter at Det gamle Egypt hadde styrt byen i nesten 350 år.

Under romarane og seinare bysantinarane var Gaza ein relativt fredeleg stad, og hamna blømde. I år 635 vart han den første byen i Palestina som vart erobra av Rashidunarmeen, og utvikla seg raskt til eit sentrum for islamsk rettslære. Då krossfararane invaderte byen seint på 1000-talet, var han i ruinar. I dei påfølgjande hundreåra sleit Gaza med alt frå mongolske raid til flaumar og grashoppesvermar. På 1500-talet var byen redusert til ein landsby, og vart ein del av Det osmanske riket. Gaza fall til britiske styrkar under fyrste verdskrigen, og vart ein del av Palestinamandatet. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, administrerte Egypt den nydanna Gazastripa og gjorde fleire utbetringar i byen. Gaza vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967, men i 1993 vart byen overført til Den palestinske sjølvstyresmakta. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 35
Bai Juyi

Bai Juyi (772–846) var ein kinesisk diktar og embetsmann. Saman med diktarar som Li Bai og Du Fu vert han rekna som ein av dei største kinesiske poetane i Tang-dynastiet. Mange av dikta til Bai Juyi tek for seg sosiale og politiske problem, og kritiserer indirekte det rådande regimet i samtida. I den seinare delen av livet levde han i åtskild einsemd langt borte frå den politiske hovudscena, og i denne fasen vert eit chan-buddhistisk og daoistisk syn på tilværet meir dominerande i diktinga hans.

Bai Juyi har ein stor produksjon på om lag 2 800 dikt (meir enn nokon annan poet før han), og allereie i si eiga levetid vart han ein høgvyrda poet ikkje berre i Kina, men òg i Japan, der poesien hans vart rekna som eit førebilete i mange hundreår frametter. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 36
Anna Akhmatova

Anna Akhmatova (1889–1966) var ein russisk lyrikar, omsetjar og litteraturvitar, som vart kjend for sin melankolske og politiske lyrikk i åra før oktoberrevolusjonen i 1917. Akhmatova er rekna som ein av dei viktigaste personane innan russisk litteratur på 1900-talet. I 1965 var ho nominert til Nobelprisen i litteratur. Ho vann Taormina-prisen i 1964 og vart æresdoktor ved universitetet i Oxford i 1965.

Anna Akhmatova hadde sjølv eit vanskeleg liv. Ho levde gjennom den russiske revolusjonen og omleiringa av Leningrad under andre verdskrigen. Den første ektemannen hennar Nikolaj Gumiljov vart avretta i 1921; den tredje ektemannen, Nikolaj Punin, vart arrestert fleire gonger og døydde i ein fangeleir i 1953, og den einaste sonen hennar, Lev Gumiljov, hadde ei rekkje fengselsopphald frå 1930- til 1950-talet. Akhmatova uttrykte sorga som hustru og mor i eit av dei viktigaste dikta sine – Rekviem. Sjølv vart ho overvaka og sensurert. Mange av verka hennar vart ikkje gjevne ut i Sovjetunionen medan ho levde, men først over tjue år etter at ho var død. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 37
Terroråtaka 11. september 2001

Terroråtaka 11. september 2001 var ei rad sjølvmordsåtak mot mål på austkysten av USA som al-Qaida tok på seg skulda for. Fire passasjerfly vart kapra av sjølvmordsaksjonistar, der to av flya vart styrta mot kvart sitt tårn i Verdshandelssenteret i New York og eitt mot The Pentagon. Det fjerde flyet styrta på eit jorde i Pennsylvania etter at passasjerane gjorde oppreist mot kaprarane.

Dei to tårna i New York vart so skadde av åtaka at dei rasa saman innan ein time og 42 minutt. Både treffet til det andre flyet og samanrasinga av tårna vart dekte av sanntidsend fjernsyn. Åtaka drap 2753 menneske i verdshandelssenteret, 184 ved Pentagon og 40 i flystyrten. Åtaka førte dessutan til invasjonen av Afghanistan. 11. september 2001 er ofte rekna som det fyrste viktige tidsskiljet i det 21. hundreåret. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 38
Huaoraniar i tradisjonelt utstyr i ein kano

Huaoraniar er eit samfunn av urfolk med territorium i Amazonasregionen i Ecuador. Landet som denne folkegruppa har hatt hevd på er for tida truga både av ulovleg skoghogst og av petroleumsverksemda i Ecuador. Territoriet ligg mellom Curarayelva og Napoelva, kring 80 km sør om Puerto Francisco de Orellana. Det er ca. 190 km breitt og 120 til 160 km i utstrekking frå sør til nord. Huaoranifolket har forsvara landet sitt mot indianske fiendar og mot kvite kolonistar (referert til som cowode, 'ikkje-menneske', 'villmenn').

Huaoraniane snakkar språket huao terero, eit isolert språk. Samfunnet tel omkring 2000 menneske. Gjennom dei siste førti åra har dei vorte eit bufast folk som for det meste bur i permanente skogsbusettingar. Fleire grupper av dei har gjeve opp all kontakt med ikkje-huaoraniar og flytta stadig vidare inn i meir isolerte område, oftast i retning mot den peruanske grensa. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 39
ÖSA lastetraktor.

Östbergs Fabriks AB var ein svensk produsent av skogsmaskiner som var ein viktig aktør i mekaniseringa av skogbruket. ÖSA var i fleire tiår det leiande føretaket i Norden innan skogbruksmekanisering.

I 1952 tok ÖSA til å produsera halvbelte og utover 1950-talet vart ÖSA ein stor produsent av belte, som vart kalla «Alfta-banden». Desse vart monterte både på landbrukstraktorar og seinare på spesialbygde skogsmaskiner. På midten av 1950-talet tok ÖSA til å eksperimentera med heilbelte; mange ulike traktorar vart testa og delvis ombygd. I 1957 presenterte dei ein heilbeltetraktor, Bamse, som var bygd på Bolinder Munktell sin landbrukstraktor BM 230 Victor. Bamse tok seg svært godt fram i terrenget, og utstyrt med tømmerkran og hengar var han eit effektivt reiskap for å henta ut tømmer i djup snø. Han var òg nytta med snøplog for å køyre opp nye vegar i skogen. Andre maskiner som ÖSA utvikla var stubbryddemaskiner og plantemaskiner. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 40
Paul McCartney i 2018

Paul McCartney (fødd 1942 i Liverpool) er ein britisk bassist, låtskrivar, songar, gitarist og pianist. Han var medlem av The Beatles (1957–70) og Wings (1971–80), og har seinare hatt ein lang solokarriere.

McCartney starta som gitarist i The Quarrymen (som seinare endra namn til The Silver Beatles og The Beatles), men overtok som bassist da Stuart Sutcliffe slutta i bandet. I tillegg til å spele bass i The Beatles (og ved ulike høve òg gitar, piano, synthesiser og slagverk) stod McCartney saman med John Lennon for det meste av vokalinnslaga og låtskrivinga i gruppa. Paul McCartney står oppført i Guinness rekordbok som den mest framgangsrike komponisten innanfor moderne populærmusikk. Slår ein saman arbeidet hans med og utanfor The Beatles har McCartney skrive over 50 hittar. Det er langt meir ein kva nokon anna komponist kan vise til. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 41
Odetta i 1961

Odetta (1930–2008), fødd Odetta Holmes, var ein afroamerikansk songar som song amerikansk folkemusikk, blues og spirituals.

Ho var kjend som røysta til borgarrettsrørsla, og påverka artistar som Joan Baez, Bob Dylan, Janis Joplin, Steve Earle, Kris Kristofferson og Harry Belafonte. I 1963 gav ho albumet Odetta sings Folk songs, som vart det mest populære og meste selde albumet det året. Dette året opptredde ho også under March on Washington, der ho framførte den minnerike «O Freedom». Ho hadde planlagd å opptre ved innsetjinga av Barack Obama som president i januar 2009, men døydde av hjartesjukdom den 2. desember 2008 i New York. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 42
Verda slik ein meiner ho såg i permtida

Permtida er ein geologisk periode som strekkjer seg frå tida 299,9 ± 0,8 millionar år sidan til 251,0 ± 0,4 millionar år sidan. Han er den siste perioden i paleozoikum. Perioden vart etterfølgd av trias, den første delen av mesozoikum. Perm vart kalla opp etter kongedømet Permia i Russland av den skotske geologen Roderick Murchison i 1841, og ikkje den vesle byen Perm som mange ofte trur.

Havnivået i perm var generelt lågt og det var generelt få kystområde fordi nesten alle landmassane var samla i eitt enkelt kontinent, Pangaea. Sjølv om kontinentet var enormt hadde det kortare kystlinje enn seks til åtte mindre kontinent med same samla areal ville hatt. Dette kunne ha medverka til den omfattande utryddinga av sjødyr mot slutten av perioden, der særs mange sjødyr forsvann. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 43
Qigong-utøving

Qigong er puste- og rørsleteknikkar som vart utvikla i Kina for fleire tusen år sidan. Qi er det kinesiske ordet for livskraft eller livsenergi. Gong kan omsetjast med å praktisere eller arbeide med. Metoden består av mental konsentrasjon, enkle rørsler og anding for å dyrka, balansera og betra sirkulasjonen av denne energien i kroppen. Qigong vart utvikla som ein av fem hovudmetodar innan tradisjonell medisin med føremål å førebyggja og behandla sjukdomar. Kinesisk filosofisk og åndeleg tradisjon og kampkunst har også bidratt til utviklinga. Qigong-teknikkane omfattar meditasjon, avslapping, pusteøvingar og kampkunstelement som skal styrka qi og distribuera det til alle delane av kroppen.

Nemninga «qigong» som ho er brukt i dag vart framheva på 1940- og 1950-talet for å visa til ei vid rekkje kinesiske sjølvutviklingsteknikkar, og for å vektlegga helsetilknytingar og ta bort vekt frå åndelege tilknytingar og mystisisme. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 44
Skalden Berse Skaldtorfuson kom i unåde hos kong Olav den heilage og vart lagt i lekkjer. Han kjøpte seg fri ved å gjere eit dikt (flokk) som kongen likte.

Skald var nemninga på diktaren og historieforteljaren i det norrøne samfunnet. Skaldskap eller skaldedikting er ei av dei to hovudgruppene i norrøn poesi. Den andre er Edda-poesien. Skalden hadde oftast ein høg status i det norrøne samfunnet og han kom ofte frå ei mektig ætt. Mange skaldar var òg menn med stor makt og prestisje, som til dømes Bjarne Kolbeinsson som var ein mektig og rik biskop på Orknøyane og Skafte Toroddsson som var ein mektig hovding og lovseiemann på Island.

Skaldane var ofte i teneste hjå kongane eller andre stormenn og dei hadde gjerne ein høg posisjon i fyrsten sitt følgje. Til dømes fekk Sigvat Skald tittelen stallare i hirda til Olav den heilage og Sturla Tordsson var skutilsvein (riddar) i hirda til Magnus Lagabøte. Skaldekvadet vart tillagt stor verdi og ofte lønt med verdfulle gåver i «brageløn», det kunne vere gullringar, gode våpen, praktfulle klesdrakter og reie pengar i sølv. Eit dikt kunne òg nyttast som skadebot, i staden for gull. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 45
Fleetwood Mac i 1977

Rumours er det 11. studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac. Store delar av albumet vart spelt inn i California i 1976, og det vart produsert av bandet i lag med Ken Caillat og Richard Dashut. Rumours kom ut 4. februar 1977 på Warner Bros. Records. Plata nådde toppen av både Billboard-lista i USA og UK Album Chart i Storbritannia. Songane «Go Your Own Way», «Dreams», «Don't Stop» og «You Make Loving Fun» vart gjevne ut som singlar. Rumours er det mest suksessrike albumet til Fleetwood Mac. Dei vann Grammy-prisen for årets album i 1978 og plata har selt over 40 millionar eksemplar verda over, noko som gjer det til eit av dei mestseljande albuma gjennom tidene. Rumours har selt til diamantplate i fleire land, mellom anna i USA, Canada og Australia. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 46
Blodskyrkja eller Dmitrijkyrkja i Uglitsh

Uglitsj er ein historisk by i Jaroslavl oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Volga, rundt 100 km vest for Jaroslavl. Byen er knytt til Dmitrij av Uglitsj, ein tsarevitsj som vart drepen her og seinare utropt til helgen. Uglitsj er del av den gylne sirkelen i Russland, ei gruppe historiske byar i området rundt Moskva. Han har ein kreml frå 1400-talet der det finst eit palass og fleire kyrkjer.

Uglitsj var sete for eit lite fyrstedøme frå 1218 til 1328, då dei lokale fyrstane selde rettane sine til storfyrsten av Moskva. Som ein grenseby for Storfyrstedømet Moskva vart han brunnen fleire gonger av litauarar, tatarar og storfyrsten av Tver. Mongolane jamna byen med jorda i 1238. Storhertug Ivan III av Moskva gav byen til den yngre bror sin Andrej Bolsjoj (Andrej den store) i 1462. Under styret til Andrej vart byen utvida og dei første steinbygningane vart oppført, mellom anna katedralen (ombygd i 1713), Forbønnsklosteret (øydelagd av bolsjevikane) og det raude teglsteinspalasset til fyrsten (fullført i 1481 og bevart til i dag). Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 47
Super Mario World-logo

Super Mario World er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Super Nintendo Entertainment System (SNES) i 1990. Det er ein oppfølgjar til Super Mario Bros. 3 frå 1988, og følgjer Mario og Lugi som skal berge prinsesse Toadstool som er kidnappa av Bowser.

Spelet vart utvikla av Nintendo Entertainment Analysis & Development, med Takashi Tezuka som kreativt ansvarleg og Shigeru Miyamoto som produsent. Det vart designa for å utnytte maskinvara i den komande SNES-konsollen og innførte meir sofistikert grafikk, spelemekanikkar og lydeffektar. Det introduserte òg figuren Yoshi, ein dinosaur som Mario kan ri og få til å ete nokre av fiendane.

Super Mario World bidrog som eit vedlagt spel til å selje SNES-konsollen og vart det mestseljande spelet i sin generasjon. Det har fått positiv mottaking, selt over tjue millionar kopiar verda over og syna seg på fleire lister over dei beste dataspela gjennom tidene. Spelet har seinare vore utgjeve på nytt til fleire plattformer, mellom anna Game Boy Advance. Det avla fram ein fjernsynsserie under same namn og ein prequel, Super Mario World 2: Yoshi's Island. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 48
Ungarsk veggmåleri i Budapest til minne om sigeren over England.

Fotballkampen England–Ungarn i 1953 var ein internasjonal vennskapskamp mellom herrelandslaga til England og Ungarn. Kampen vart spela på Wembley stadion 25. november 1953 framfor 105 000 tilskodarar. Det ungarske laget nytta innovative taktikkar og ein formasjon engelskmennene ikkje hadde kjennskap til, og vann til slutt kampen 6–3. Kampen førte til at britiske fotballtrenarar byrja å sjå til det europeiske fastlandet for nye impulsar, og kom til å påverka utviklinga av engelsk fotball i fleire tiår frametter. I ettertid har oppgjeret vorte kjend som «hundreårskampen» (Match of the Century). Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 49
Gävlebukken i 2009

Gävlebukken (svensk Gävlebocken) er ein ca. 13 meter høg halmbukk som blir bygd kvart år på Slottstorget i den svenske byen Gävle før fyrste sundag i advent. Tradisjonen byrja i 1966 etter ein idé av reklamemannen Stig Gavlén. Hovudkonstruksjonen er av tre, og bukken er dekt av halm, slik at han liknar dei tradisjonelle, langt mindre, halmbukkane som blir brukte som julepynt innandørs og på juletre. Opphavleg var oppsettinga av den store bukken tenkt som ei engongshending, men på grunn av den store populariteten han raskt fekk i byen, blei han bygd opp også året etter og blei etterkvart ein tradisjon.

Første desember 1966 blei den første Gävlebukken sett opp. Nyttårsaftan blei han fullstendig øydelagd av brann. Dette var den første av svært mange ulovlege øydeleggingar bukken er blitt utsett for gjennom åra. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 50
Ella Hval

Ella Hval (1904–1994) var ein norsk skodespelar og instruktør som jobba ved Nationaltheatret i ei årrekkje. Hval voks opp i ein arbeidarfamilie med mange born på Torshov i Kristiania, og skildra oppvekstmiljøet i sjølvbiografien Jeg har alltid hatt vanskelig for å glemme. Ho vart tidleg med i amatørteateret åt arbeidarrørsla, og gjekk derifrå inn i Samfundsteatret. I dette teateret møtte ho han som skulle bli den fyrste ektemannen hennar, nemleg diktaren Rudolf Nilsen. I 1932 debuterte ho på Chat Noir, 28 år gammal. I 1949 debuterte ho som filmskodespelar i filmen Gategutter av Arne Skouen. På femti- og sekstitalet vart ho leiar for Norsk Skuespillerforbund, og stod i spissen for ein viktig debatt mellom skodespelarane og NRK. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 51
Julekubbe

Julekubbe eller julestubbe kan vera ulike juletradisjonar som går ut på å brenna eller pynta med ein trekubbe til jul, eller ei kake forma og pynta til å likna ein kubbe. Å brenna ein stor kubbe eller trestamme til jul har vore ein utbreidd tradisjon frå sør til nord i Europa, og er også kjend frå europeiske koloniar. Julekubben blei typisk vald ut, teken inn i huset og tend på med visse seremoniar på julaftan eller første juledag. Han skulle så brenna utan å sløkka inntil berre smådelar eller oske var att. I nokre tradisjonar var det meininga at han skulle vara alle dei tolv juledagane. I Catalonia og delar av Aragon, Andorra og Occitania har ein tradisjonelt teke ein kubbe inn i heimen før jul, mata han og varma han, og late han skita ut gåver til jul. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 52
Jesus

Jesus var ein religiøs leiar som har livet sitt skildra i Det nye testamentet i Bibelen. Han er den mest sentrale personen i kristendommen og er rekna som inkarnasjonen av Gud av mange kristne verda over.

Ifølgje tradisjonen var Jesus fødd i ein stall i Betlehem. Kristne trur at Maria, mora til Jesus, var jomfru og at barnet vart unnfanga ved Den heilage anden. I det vaksne livet sitt opptredde Jesus med suverent mynde og synest overtyda om at han kjende og kunne tolka Guds vilje. Tilhengarane av Jesus heldt fram med å spreia bodskapen hans etter krossfestinga, og dei var overtyda om at Jesus stod opp frå dei daude etter tre dagar.

Jesus står sentralt i dei viktigaste kristne høgtidene. Jesu fødsel er feira årleg på første juledag. Krossfestinga av Jesus er markert på langfredag, oppstoda hans er feira i påska, himmelferda feira på Kristi himmelferdsdag og pinsa 50 dagar etter påska. Årsteljinga i den gregorianske kalenderen, som i dag er den mest utbreidde kalenderen i verda, baserer seg på Jesu omtrentlege fødselsdag. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 53
Fyrverkeri

Fyrverkeri er små rakettar, hylser og liknande med brennbare eller eksplosive stoff som blir fyra på for å få fram særskilde lys- og knalleffektar, særleg nytta til signalisering eller ved festlege høve, som feiringa av eit nytt år. Det er laga av ei blanding av kjemikaliar, som når dei blir tende på sender ut farga flammar og gneistar i ulike former. Nokre fyrverkeri lagar berre lyd utan å senda ut lyseffektar.

Fyrverkeri blei funne opp i det gamle Kina i det sjuande hundreåret og bruken spreidde seg av di ein trudde at lyseffektane hjelpte i å skremma bort vonde andar. Fyrverkeriteknikk består hovudsakleg av ein sylinder eller eit røyr laga av papir eller papp som det brennbare materialet er pakka inn i. Ofte er fleire sylindrar eller røyr kombinerte på ulike måtar, som gjer det mogeleg med mange variasjonar i fargar og former når dei blir fyrte av. Fyrverkeria kan fyrast av anten frå behaldarar på bakken eller med framdrivande emne ein sender opp i lufta, som rakettar. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det laurdag, 20. april 2024Oppdater sida