Wikipedia:Utvald artikkel/Kandidatkalender 2011
Arkiv: Utvalde artiklar: 2004 – 2005 – 2006 – 2007 – 2008 – 2009 – 2010 – 2011 – 2012 – 2013 – 2014 – 2015 – 2016 – 2017 – 2018 – 2019 – 2020 – 2021 – 2022 – 2023 – 2024
Diskusjonar: 2007 – 2008 – 2009 – 2010 – 2011 – 2012 – 2013 – 2014 – 2015 – 2016 – 2017 – 2018 – 2019 – 2020 – 2021 – 2022 – 2023 – 2024
I dag er det torsdag, 21. november 2024 – Oppdater sida
2011-kalender med mulige emne for Vekas artikkel
endreOm status for kvar artikkel, sjå Wikipedia:Vekas artikkel/Kandidatar.
Veke | Frå dato | Artikkel | Anna |
---|---|---|---|
52 | 27. des
(2010) |
Draumkvedet |
Froslag 1: Draumkvedet er aktuell på denne tida og er ein fin artikkel! Hogne 29. juli 2010 kl. 16:53 (CEST)
|
1 | 03. jan | Hepatitt C |
Hepatitt C er ein infeksjonssjukdom som vert framkalla av hepatitt C-virus (HCV). HCV gjev leverinfeksjon, ofte med gul hud og gule bindehinner i auga (gulsott). Infeksjonen smittar framfor alt gjennom serum- og blodkontakt og vert ofte kronisk.
|
2 | 10. jan | Skottland i høgmellomalderen | Forslag 1: Skottland_i_høgmellomalderen. Hogne 21. desember 2010 kl. 13:01 (CET) |
3 | 17. jan | Bybanen i Bergen | Forslag 1: Bybanen i Bergen Hogne 5. januar 2011 kl. 21:23 (CET)
|
4 | 24. jan | Rosens navn |
Forslag 1: Rosens navn Eller kanskje denne bør flyttast til Il nome della rosa ? Hogne 5. januar 2011 kl. 21:28 (CET)
|
5 | 31. jan | Joyce Carol Oates |
Forslag 1 Joyce Carol Oates. Vi treng mange artiklar om kvinner, og slike som Oates må visast fram. Hogne 5. januar 2011 kl. 21:39 (CET)
|
6 | 07. feb | Ulla-Førre |
Forslag 1: Ulla-Førre - ein fersk god artikkel. Hogne 14. januar 2011 kl. 21:00 (CET)
|
7 | 14. feb | Kongedømet Preussen |
Forslag 1: Kongedømet Preussen - Hogne 31. januar 2011 kl. 16:02 (CET) Ja! --Ranveig 7. februar 2011 kl. 15:28 (CET) Ja fra meg og! Men ingressen treng vel eit avsnitt til? --M. Haugen 8. februar 2011 kl. 08:19 (CET) |
8 | 21. feb | Georg Philipp Telemann |
Forslag 1 Georg Philipp Telemann |
9 | 28. feb | Langrenn |
Forslag 1: Langrenn for i veke 9 er det VM på ski i Oslo. Langrenn vart presentert i 2005 også, men det er jo lenge sidan, artikkelen er jo blitt litt betre (?) Hogne 10. februar 2011 kl. 17:25 (CET)
|
10 | 07. mar | Janis Joplin |
Forslag 1: Janis Joplin ~~ Hogne 28. februar 2011 kl. 08:30 (CET)
|
11 | 14. mar | Europeisk historie | Forslag 1: Europeisk historie er ein viktig artikkel me kanskje kan gjere enno betre? Hogne 28. februar 2011 kl. 08:32 (CET)
|
12 | 21. mar | Den egyptiske revolusjonen |
Forslag 1: Den egyptiske revolusjonen i 2011 kan det vere greit å bli minna på igjen når det no er gått nokre veker. Hogne 28. februar 2011 kl. 08:37 (CET)
|
13 | 28. mar | Norsk | Forslag 1: Norsk er eit germansk språk som høyrer til den nordiske, eller nordgermanske, greina. Norsk blir snakka i Noreg, og i norske utvandrarsamfunn, som blant norsk-amerikanarar i USA. I dei gamle norske provinsane i Sverige — Jämtland, Härjedalen og Båhuslen — blir det tala dialektar som svensk språkvitskap reknar som dialektar av norsk.
Dei norske dialektane blir tradisjonelt delt inn i to grupper, austnorsk og vestnorsk (inkludert nordnorsk), der austnorsk er dialektane med jamvekt og tjukk l for gamalnorsk rð og (i visse posisjonar) l. Den mest iøyrefallande skilnaden er likevel at austnorske dialektar har lågtone, mens vest- og nordnorske har høgtone, dvs. at eit ord som t.d. Bergen har initial låg tone i aust, men høg (eller fallande) i vest og nord. |
14 | 04. apr | Rockabilly |
Forslag 1: Rockabilly. Fordi det er en grei artikkel og eit kult bilete. Hogne 8. mars 2011 kl. 13:34 (CET)
|
15 | 11. apr | Symbol i hinduismen |
Forslag 1: Symbol i hinduismen fordi dette er ein av dei mest lesne artiklane på nynorsk wikipedia og det er mange gode bilete. Hogne 21. mars 2011 kl. 11:06 (CET)
|
16 | 18. apr | Agatha Christie | Påskeveka! Er det nokon som sit inne med ein god artikkel som kan forbindast med påsken? Hogne 8. mars 2011 kl. 18:43 (CET)
Nokon med nok rettar burde fikse den ugyldige nbsp'en mellom siste ord og ellipsen - slik som den er no vises den på framsida. Larsivi 19. april 2011 kl. 20:44 (CEST) |
17 | 25. apr | Magnus Carlsen | Sidan det er 2. påskedag og tid for konfirmasjonar så kjem eg med forslag 1:
Døyparen Johannes
Nattverd er ei kristen liturgisk handling basert på Jesu Kristi siste måltid med disiplane føre krossfestinga. Nattverden minnar om det siste påskemåltidet Jesus hadde med disiplane sine. Tre av evangelia skildrar Jesu siste måltid saman med disiplane på skjærtorsdag. Jesus gav brød til disiplane og sa «...dette er min lekam...». Deretter gav han dei vin og sa «...dette er mitt blod...». Orda hans vart avslutta med «...gjer dette til minne om meg». Det er denne siste setninga som er basis for at dei aller fleste kyrkjer gjev nattverden ein framtredande plass i gudsdyrkinga. Les meir …
Eg foreslår at me tar Jesu sju ord på krossen i påsken 2012 og kjem med forslag 4 (?): Magnus Carlsen -- Hogne 11. april 2011 kl. 10:06 (CEST)
|
18 | 02. mai | Jordskokk |
Forslag 1: Jordskokk er ein fleirårig urt i korgplantefamilien. Planta kjem frå nordamerika og blir dyrka for rotknollane. Knollane er ujamne og liknar litt på store ingefærrøter. I motsetnad til dei fleste andre knollar inneheld dei ikkje karbohydratet stive, men inulin (må ikkje forvekslast med insulin). Difor er jordskokk ei viktig kjelde for industriell framstelling av fruktose. Det gjer òg at dei lett blir til mos ved koking og at nokre lett får tarmgass av dei. Passar det ikkje med eit slkt bilete på denne tida av året? Hogne 1. april 2011 kl. 22:44 (CEST)
|
19 | 09. mai | Den generelle relativitetsteorien | Det nærmar seg eksamenstid, difor forslag 1:
Den generelle relativitetsteorien, ofte berre kalla Generell relativitet, er ein teori om gravitasjon som vart publisert av Albert Einstein i 1915. Han sameinar den spesielle relativitetsteorien og Isaac Newton sin universelle gravitasjon med ideen om at gravitasjonen ikkje er ei kraft i tradisjonell meining, men ein manifestasjon av at romtida vert bøygd. Denne bøyinga vert avgjort av energien og materien si fordeling i rommet. |
20 | 16. mai | Selje kloster | ==Forslag 1==
Forslag 1: Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja i Selje kommune i Sogn og Fjordane fylke. Opprettinga av bispesete på Selja i 1068 og seinare bygging av eit benediktinarkloster vert sett i samanheng med Sunniva-legenda. Olav Tryggvason har ein sentral plass i Selja si historie. Han steig i land på øya i 996, fann levningane etter Seljumennene skrinla dei og ga påbod om bygging av ei kyrkje. Det fins levningar etter fire kyrkjer på Selja. Det er Mikaelskyrkja, Albanuskyrkja, Sunnivakyrkja og fylkeskyrkja”
|
21 | 23. mai | Antonio Stradivari |
Forslag 1: Antonio Stradivari er av mange rekna som den fremste fiolinmakaren nokon sinne. Hogne 1. april 2011 kl. 22:08 (CEST)
|
22 | 30. mai | Lastebil | Forslag 1:
Lastebil er eit kjøretøy som vert nytta til transport av ulike typar gods, som trekkvogn, eller som basis for ymse typar påbygg. Dei vert produserte i mange ulike storleikar og utførslar, nokre har ope lasteplan, andre har eit lukka skap, nokre har ikkje lasteplan, men vert nytta som trekkvogn. Lastebilar spelar ein sentral rolle i dagens samfunn. Dei vert nytta for å transportera alt frå råvarer som mat og tømmer til post, drivstoff, bygningsmateriale, personbilar, ulike maskinar og så vidare. Langs kysten kan varer transporterast med fraktbåtar og i innlandet med jarnbane, men der det korkje er hamn eller jarnbane er lastebilar einaste praktiske alternativet. Lastebilar har òg den føremonen at varene kan transporterast frå dør til dør utan omlasting. Denne artikkelen handlar om lastebilar generelt, medan ulike utføringar og lastebilar for ulike oppgåver vert handsama i støtteartiklar.
|
23 | 06. jun | Ziggy Stardust | Forslag 1:
Ziggy Stardust er eit konseptalbum av den britiske musikkartisten David Bowie frå 1972, laust basert på soga om ei rockestjerne kalla Ziggy Stardust, ein marsbuar som kjem til Jorda for å frigjere menneskeheita frå banalitet. Albumet er rekna som eit av dei store i rockehistoria, og musikkmagaisnet Melody Maker har utpeikt albumet som det definitive albumet frå 1970-talet. Albumet klatra til femteplass på den britiske albumlista, og til 75. plass i USA. I 1997 vart Ziggy Stardust stemd fram til 20. plass over dei største platene gjennom tidene i ein «Music of the Millenium»-avstemming leia av fleire aviser og magasin i Storbritannia. Musikkmagasinet Q plasserte albumet på 24. plass på ei liknande liste, medan fjernsynskanalen VH1 hadde det på 48. plass. Musikkmagasinet Rolling Stone hadde albumet på 35. plass på si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene. I 2000 hadde Q albumet på 25. plass på ei liste over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.
|
24 | 13. jun | Tower of London | Forslag 1:
Tower of London er ei borg i London, på Themsen si nordlege bredd. Tower står på UNESCO si verdsarvliste. Bygginga av den eldste delen, White Tower, starta under Vilhelm Erobraren etter sigeren hans i 1066. Denne er bevart, men den store festninga som møter dagens turistar er eit resultat av utvidingar gjennom hundreåra. Slottet blei bygt utanfor City of London, og var tidlegare kjernen i Liberties of the Tower of London. Hovudfunksjonen var å vere eit forskansa palass for monarken. Etter kvart blei Tower ikkje minst kjend som fengsel og rettarstad, spesielt for fangar av høgstatus. Tower har hatt mange andre funksjonar, og er framleis staden der dei britiske kronregalia vert oppbevarte.
|
25 | 20. jun | Døyparen Johannes | Jonsok veka, og jonsok det handlar òg om forslag 1:
Døyparen Johannes (hebr. Jochanan ben Sacharja, arab. Yahya) er ein profet innan fleire religionar, mellom anna kristendommen, islam og bahai. Han er nemnd i blant anna Koranen, Det nye testamentet og i bahaitekstar. Døyparen Johannes var virksam på 20-talet e.Kr. Han var ein jødisk domsprofet og botpredikant. Relikviene etter han vert tekne vare på i Umayyadmoskeen i Damaskus. Etter Lukas-evangeliet i Det nye testamentet var Johannes son til presten Sakarja og Elisabet. Elisabet var ein nær slektning (kanskje syskenbarn) til til Jesu mor Maria. Maria vitja Elisabet medan ho var svanger med Johannes; i følgje Lukasevangeliet rørte han seg i livet til mora då Maria helsa henne. Denne vitjinga vert feira på Maria besøksdag 2. juli. Johannes vart fødd seks månader før Jesus. Jonsok vert feira 24. juni til minne om fødselen hans.
|
26 | 27. jun | Europaveg 6 i Noreg | Forslag 1:
Europaveg 6 i Noreg (E 6) er ein norsk stamveg som går mellom Svinesund og Kirkenes. Vegen er ein del av europaveg 6. E 6 er den desidert lengste vegstrekninga i Noreg med til saman 2 627,9 km gjennom ti av 19 fylke. Namnet E 6 vart innført 1. juni 1965 for strekninga Roma - Berlin - Oslo - Stjørdalshalsen. Lenger nord hadde vegen for dårlig standard, mellom anna fanst det strekningar med grusveg. Før 1965 var vegen i Noreg skilta med riksveg 1 sør for Oslo og riksveg 50 nord for Oslo. I 1969 vart E 6 forlenga til Nordkjosbotn og i 1983 til Kirkenes. Først i 1986 fekk den siste delen av vegen i Finnmark fast dekke.
|
27 | 04. jul | Norske redningsskøyter | Forslag 1:Norske redningsskøyter - 9. juli er det 120 år sidan Redningsselskapet (NSSR) vart skipa.--Andreasv 28. april 2011 kl. 08:40 (CEST)
|
28 | 11. jul | Fairport Convention | Kva med ein musikalsk sommar?
Diskografien til The Rolling Stones
|
29 | 18. jul | Diskografien til The Rolling Stones | Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 29, 2011 |
30 | 25. jul | The Beach Boys | Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 30, 2011 |
31 | 01. aug | Pittaer | ==Forslag 1==
Laki, dagsaktuelt vulkansystem på Island. --Ranveig 11. juli 2011 kl. 15:14 (CEST)
Forslag 2endrePittaer, fin fugleartikkel. --Ranveig 11. juli 2011 kl. 15:14 (CEST)
|
32 | 08. aug | Humler | Forslag 1: Humler, aktuelt på denne tida og greit å bli minna på kor viktige dei er. Hogne 29. juli 2011 kl. 09:51 (CEST)
Humler er eit insekt, ei gruppe årevengjer. Gruppa tilhøyrer biene, og er plassert i familien Apidae, humler og bier, saman med mellom anna honningbier. Humler har tjukk og brei, vanlegvis tett hårdekt kropp, vengjene verkar små i forhold til kroppen. Berre arbeidarane hjå humler som lever sosialt, i samfunn, har stikkebrodd. Fleire av artene er såkalla «gjøkhumler» og lev som snyltarar i bolet til dei sosiale humlene. Humler vert rekna som viktige for pollinering av mange planteslag, og i seinare år det vorte vanleg med «ferdiglaga» humlebol i veksthus. Humlebestanden lar seg lett påverke av landbruk, skogbruk, hagebruk og andre slike aktivitetar. Humlene si viktigaste næring er nektar og dei samlar pollen som mat til avkommet. Det er over 250 ulike humler i verda, dei fleste på den nordlege halvkula, men dei er også vanlege på New Zealand og Tasmania. Ein reknar med at det er 34 arter i Norge. Les meir …
|
33 | 15. aug | Laki | |
34 | 22. aug | Sør-Sudan | Forslag 1: Sør-Sudan Det nyaste medlemslandet i SN... Hogne 2. august 2011 kl. 13:30 (CEST)
|
35 | 29. aug | Sherlock Holmes | Forslag 1:
Sherlock Holmes er ein klassisk krimhet skapt av den engelske forfattaren Arthur Conan Doyle. Han er ein meisterdetektiv som brukar deduksjon som sitt beste hjelpemiddel. Sherlock Holmes er hovudperson i meir enn 60 historier, inkludert fire romanar førte i pennen av Conan Doyle. Også seinere forfattarar har skrive Sherlock Holmes-historier, som Colin Dexter og Umberto Eco. Holmes er mest truleg fødd i starten av 1854. Han starta som privatdetektiv i 1878 og trekte seg tilbake i 1903. Partnarskapen hans med dr. Watson starta i 1881. I samtida var forteljingane om Sherlock Holmes populære. Sherlock Holmes gjorde adressa si på Baker Street 221 B like så udøyeleg som han sjølv blei. Sjølv om adressa var fiktiv, er ho grunna populariteten til bøkene blitt oppretta, og Baker Street er såleis ei av dei mest kjende gatene i verda og eit populært turistmål. -- Hogne 15. august 2011 kl. 14:45 (CEST)
Skriveleif Nokon med retten til det bør fikse krimhet -> krimhelt på første linja. Larsivi 29. august 2011 kl. 10:17 (CEST) |
36 | 05. sep | Piemonte | Forslag 1:
Piemonte er ein av tjue regionar i Italia. Han har eit areal på 25 399 km², og har om lag 4,4 millionar innbyggjarar. Viktige byar er Torino, Novara, Alessandria, Asti og Cuneo. Elva Po renn gjennom regionen. Piemonte er av dei rikaste regionane i Italia og viktige italienske selskap har setet sitt her, som bilprodusentane Fiat og Lancia (begge i Torino), næringsmiddelfabrikanten Ferrero (i Alba) og elektronikkselskapet Olivetti (i Ivrea). Piemonte er òg kjend som eit godt område for trøffelsanking og for vinar som Barolo og Barbaresco.
-- Hogne 15. august 2011 kl. 15:36 (CEST)
|
37 | 12. sep | Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 | Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 måndag 12. september - har me noko som passar? Denne veka eller veke 36? Hogne 8. april 2011 kl. 20:52 (CEST) |
38 | 19. sep | Krosstoga | Forslag 1: Krosstoga
Krosstoga er historisk ein serie felttog av religiøs karakter som fann stad frå 1095 til 1291, dei fleste godkjende av paven for den romersk-katolske kyrkja. Det opphavlege målet var å tryggja kristen kontroll over Det heilage landet og Jerusalem, som var under muslimsk kontroll, etter at Austromarriket bad om hjelp til å stoppe den aukande makta til seljukane i Anatolia. Krosstoga medførte store overgrep mot sivile - mot jødar, muslimar og jamvel ortodokse kristne. Krosstoga hadde store politiske, økonomiske og samfunnsmessige innverknader, og nokre av dei har varte inn i vår tid. Som følgje av indre stridar mellom dei kristne kongedøma og politiske stormaktene gjekk nokre av krosstoga bort frå dei opphavlege måla, slik som det fjerde krosstoget, som førte til plyndringa av den kristne Konstantinopel og oppdelinga av Austromarriket mellom Republikken Venezia og krossfararane. Det sjette krosstoget var det første krosstoget utan offisiell velsigning frå paven og gjorde at andre herskarar enn paven kunne sette i gong eit krosstog. Les meir … Godt forslag! Mbh --M. Haugen 16. september 2011 kl. 06:49 (CEST) |
39 | 26. sep | Louis Pasteur | Forslag 1:
Louis Pasteur (1822 - 1895) var ein fransk kjemikar og bakteriolog. Han er rekna som ein av grunnleggjarane av moderne mikrobiologi. Pasteur forska på bakteriar og sjukdom, og stod bak nye vaksinar, behandlingar og metoden seinare kalla pasteurisering.
Utgåve og oppgåve er hokjønnsord, difor er det feil når det her står "éin «venstrehendt» og ein «høgrehendt» utgåve" og "ein viktig oppgåve".
|
40 | 03. okt | Dødsstraff | Forslag 1:
Dødsstraff er ein straffemetode der ein tek livet av ein person som straff for eitt eller fleire brotsverk ein er dømd for. Nesten alle samfunn har gjennom historia nytta dødsstraff. Dei vanlegaste brotsverka som har vore knytte til dødsstraff er drap, valdtekt og grov vald, men blasfemi og opposisjon til styremaktene er òg vorte straffa slik ei rekkje stader. Dødsstraff er avskaffa i dei fleste europeiske landa, men vert enno nytta i mange ikkje-vestlege land og i USA. Dei fyrste landa som avskaffa dødsstraff i grunnlova var Tyskland og Costa Rica i 1949. I Noreg var landssvik i krigstid knytt til dødsstraff fram til 1979 og den siste avrettinga (militær straffelov) vart utført i 1948. Den siste sivile dødsstraffa i Noreg vart utført i 1876.
|
41 | 10. okt | Tingvoll kommune | Forslag 1:
Tingvoll kommune ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunesenteret Tingvoll har gjeve namn til Tingvollhalvøya, ei halvøy mellom Tingvollfjorden i vest, Halsafjorden og Trangfjorden i aust og Freifjorden i nordvest. Tingvoll kommune vart mykje endra etter kommunerevisjonen i 1965. Etter denne revisjonen vart Tingvoll kommune mesta identisk med Tingvollhalvøya. Garden Tingvoll, sentralt plassert midt på halvøya, har gjeve namn til kommunen. Allereie i forhistorisk tid meiner mange at dette har vore ein sentral stad, ikkje berre for lokalsamfunnet, men for heile Nordmøre. Tingvoll kyrkje, som òg ofte blir kalla «Nordmørsdomen», vart truleg bygd ein gong mellom 1150 og 1200. Nordlegaste halvdelen av kommunen, Straumsnes, er prega av naboskapen til Kristiansund og Molde, medan den sørlege delen ligg nærmare industristaden Sunndalsøra. Riksveg 70 og E39 går gjennom kommunen, og det er i ferd med å utvikle seg eit nytt handelssenter på Aspøya der desse vegane møtest. Bergsøysundbrua knyter kommunen til Krifastsambandet.
|
42 | 17. okt | Presidentar i USA | Forslag 1:
Presidentar i USA er eit oversyn over presidentar i USA sidan den amerikanske grunnlova vart verksam i 1789. Lista viser regjeringstida, partiet og visepresidentane til presidentane. Den første presidenten i USA var George Washington. Barack Obama er den 44de. Fram til det 20. grunnlovstillegget vart vedteke 23. januar 1933 gjekk den nye presidenten inn i stillinga 4. mars. Etter dette tillegget vart datoen sett til 20. januar, og den første presidenten som vart teken i eid på denne datoen var Franklin D. Roosevelt då han byrja sin andre termin som president i 1937. les meir …
|
43 | 24. okt | Menneskerettsfråsegna |
Menneskerettsfråsegna er ei fråsegn om menneskerettar vedteken av Dei sameinte nasjonane si tredje generalforsamling den 10. desember 1948. Fråsegna vart vedteken med 48 lands ja-stemmer. Ingen land stemte mot. 8 land avsto frå å stemme. Ifølge Guinness Rekordbok er Menneskerettsfråsegna det dokumentet som har blitt omsett til flest språk (omkring 330 språk pr. 2004). Den første fråsegna om menneskerettar vart elles vedteken av den franske nasjonalforsamlinga i august 1789, etter den store franske revolusjonen var begynt. Menneskerettsfråsegna inneheld 30 artiklar, den første lyder: «Alle menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve med kvarandre som brør.» Les meir Viktig og riktig! - Hogne 21. september 2011 kl. 16:03 (CEST) |
44 | 31. okt | Punkrock | Forslag 1:
Punkrock er ein sjangar innan rock som utvikla seg mellom 1974 og 1976 i USA, Storbritannia og Australia. Han har røter i garagerock og andre former som i dag vert kalla «protopunk». Punkrockband prøvde å unngå populærrocken på 1970-talet og lagde ein rask, hard musikk med typisk korte songar, få instrument og ofte politiske og antisosiale tekstar. Punk omsluttar ein «gjer det sjølv»-haldning og mange av gruppene produserte sine eigne innspelingar og distribuerte dei gjennom uformelle kanalar. Seint i 1976 hadde band som the Ramones i New York City og Sex Pistols og The Clash i London vorte anerkjend som fortroppen i ei ny musikalsk rørsle. I løpet av det neste året spreidde punken seg til resten av verda. Punk vart raskt, men kortvarig, eit stort kulturelt fenomen i Storbritannia. Stort sett hadde punk røter i lokale miljø som pleidde å sky unna det som vart rekna som populært (mainstream). Det oppstod ein punkkultur som uttrykte ungdommeleg opprør og med kjenneteikn som særeigne klede og forskjellige antiautoritære ideologiar. I starten av 1980-åra hadde meir aggressive former som hardcore og Oi! vorte dominerande former for punkrock. Artistar som starta som, eller var inspirert av, punkband, utvikla post-punk og alternativ rock. Mot slutten av hundreåret klarte nye poppunkband som Green Day å gjere punkmusikken populær, fleire tiår etter han først starta. Ein godt gjennomarbeida artikkel. Hogne 28. september 2011 kl. 14:00 (CEST)
|
45 | 07. nov | Den normanniske erobringa av England | Forslag 1:
Den normanniske erobringa av England byrja i 1066 då kongedømet England vart invadert av hæren til Vilhelm Bastarden, hertug av Normandie, sidan kalla Vilhelm Erobraren. Vilhelm sigra i slaget ved Hastings, og dette resulterte i at normannisk kontroll over det angelsaksiske England vart handfast etablert. Den normanniske erobringa var ein vesentleg og omveltande hending i engelsk historie av fleire årsaker. Han fjerna i stor grad den eksisterande herskande klassen og erstatta han med eit utanlandsk fransktalande monarki, aristokrati og prestehierarki. Dette førte til ei omforming av det engelske språket og kulturen i England. Ved at England vart underlagt herskarar som hadde opphavet sitt i Frankrike vart England knytt tettare til kontinentet medan den tidlegare skandinaviske innverknaden vart langt mindre eller bortimot opphøyrde. Det sat òg i gang ei rivalisering med Frankrike som kom til å fortsetje uavbroten dei neste 750 åra, frå 1066 og fram til 1815. Det hadde òg store konsekvensar for resten av Dei britiske øyane, ved at det la vegen open for ein normannisk invasjon av Wales og Irland, og omfattande inntrenging i aristokratiet i Skottland av normanniske og andre fransktalande familiar, og innføringa av føydalt system i sørlege Skottland. Det er viktig å merke at normannarane ikkje var skandinavar, sjølv om ein del av forfedrane deira var det. Det var fransk føydal mellomalderkultur som omforma England, ikkje norrøn.
|
46 | 14. nov | Niels Henrik Abel | Forslag 1: Niels Henrik Abel - Hogne 28. september 2011 kl. 14:23 (CEST) |
47 | 23. nov | Judit Polgár | Forslag 1:
Judit Polgár (1976 - ) er ein ungarsk stormeister i sjakk. Ho er med god margin den sterkaste kvinnelege sjakkspelaren gjennom tidene. I 1991 klarte ho krava til tittelen Internasjonal stormeister i sjakk i ein alder av berre 15 år og 4 månader. Judit Polgár var den til då yngste spelaren som hadde klart krava til stormeistertittelen. Ho slo rekorden til Bobby Fischer frå 1958. Judit Polgár var pr 1. mars 2010 rangert som nummer 51 i verda på FIDE si ratingliste med ein FIDE-rating på 2682. Ho er den einaste kvinna på FIDE si liste over topp 100. Ho har på det beste for nokre år sidan vore rangert så høgt som nummer 8 i verda. Polgar er kjend for å ha ein agressiv spelestil, og spelar gjerne den skarpe sjakkopninga Siciliansk forsvar. Judit Polgár er jødisk og medlemmar av hennar familie vart drepne i Holocaust. Wikipedia vert skylda for å ha få artiklar om kvinner. Dette var ein av dei betre eg fann som ikkje tidlegare er vist på framsida. Har vi fleire? Hogne 29. september 2011 kl. 16:41 (CEST)
|
48 | 28. nov | Mytologi | Forslag 1:
Mytologi viser til ei mengd folkeminne, mytar, segner og legender som ein viss kultur meiner er sanne, og som ofte har overnaturlege trekk som tolkar naturlege hendingar for å forklare universet og menneskeslekta. Mytologi viser også til ei grein av kunnskapen som omhandlar innsamlinga, forskinga og tolkinga av mytar, også kjend som mytografi. Studiet av mytar frå fleirfaldige kulturar er kalla samanliknande mytologi, og er mellom anna ein del av vitskapen om religionshistorie, folkeminne og antropologi. |
49 | 05. des | Baku | Forslag 1:
Baku er hovudstaden og den største byen i Aserbajdsjan. Han er òg den største hamenbyen i landet og i heile Kaukasus. Byen ligg på sørsida av Absjeronhalvøya og består i hovudsak av tre delar: gamlebyen (İçəri Şəhər), oljebyen frå tidleg 1900-tal og den sovjetisk bygde delen av byen. Dei fyrste skriftlege kjeldene nemner byen på 600-talet, men byen kan ha vore grunnlagd fleire hundre år før. Byen hadde i 2009 litt over 2 millionar innbyggjarar. Byen er det økonomiske og kulturelle sentrumet i Aserbajdsjan. Mange store aserbajdsjanske institusjonar har hovudkvartera sine der, som SOCAR, eit av dei 100 største selskapa i verda. Økonomien i Baku er mykje grunna på petroleumsverksemd. Gamlebyen i Baku i lag med Shirvanshahpalasset og Jomfrutårnet vart innskriven på verdsarvlista til UNESCO i 2000. |
50 | 12. des | Jaco Pastorius | Forslag 1:
Astrid Lindgren (1907 - 2002) var ein verdskjend svensk barnebokforfattar. Astrid Lindgren skreiv gjerne om litt opprørske og ulydige barn som gjorde mykje rart. Forteljingane hennar fortalde òg varmt om barn som mangla noko - som var fattige, ikkje kjende seg elska, eller sakna ein av eller begge foreldra sine. Dei mest kjende hovudpersonane til Lindgren er Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Marikken, Mio, Kalle Blomqvist, Ronja Røverdatter, Tjorven, Brødrene Løvehjerte, Karlson på taket, Lotta i Bråkmakergata, Rasmus på loffen og barna i Bakkebygrenda. Lindgren var aktiv i samfunnsdebatten. Ho tok klar stilling mot kjernekraft før folkeavstemminga i 1980, men det som engasjerte henne mest var borne- og dyrerettsspørsmål. Treng kanskje litt ettersyn... Hogne 29. september 2011 kl. 16:52 (CEST)
|
51 | 19. des | Eg synger jolekvad | Forslag 1: Det er jul og kanskje det kan høve med:
«Eg synger jolekvad» er ei nynorsk omsetjing av den tysk-latinske salmen «In dulci jubilo» frå 1300-talet. Songen handler om gleda over at frelsaren er fødd, og er ein utbreidd norsk julesong. Første verset av teksten vert tilskriven dominikanaren Henrik Suso som døydde i 1366, mens dei tre neste versa truleg er skrivne til seinare. Salmen er opphavleg skriven som eit makaronisk dikt, det vil seie med vers som vekslar mellom to ulike språk. Slike dikt er kjende frå 900-talet i folkeleg dikting, og kom med denne salmen òg inn i den kyrkjelege diktinga. I Hans Thomissøns Psalmebog frå 1569 vart den tyske teksten omsett til dansk. Ved reformasjonen vart latinske salmar elles omsette til morsmålet for kyrkjebruk, men nokre slike tospråklege salmar vart ståande enno ei tid i salmebøkene som vart bruka i Danmark-Noreg. Teksten som i dag vert bruka på nynorsk byggjer på Martin Luthers tyske gjendikting frå 1533. |
52 | 26. des | Aasmund Olavsson Vinje | Forslag 1:
Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) var ein norsk forfattar, journalist, lærar og jurist. Vinje var ein av dei fyrste etter Ivar Aasen sjølv som aktivt tok i bruk landsmålet, i både prosa og lyrikk. Med kjende dikt som «Våren», «Ved Rundarne», «Den dag kjem aldri» og «Blåmann», har han vorte ståande for ettertida som ein av dei mest folkekjære lyrikarane i Noreg. Lyrikken hans vart til i overgangstida mellom Henrik Wergeland sin død i 1845 og det såkalla moderne gjennombrotet, og vert gjerne litteraturhistorisk plassert under den poetiske realismen. Han var dessutan ein markant føregangsmann innanfor norsk journalistikk, både som Christiania-korrespondent i Drammens Tidende og med sitt eige blad Dølen. Vinje markerte seg som ein retorisk medviten kritikar av både samfunnstilhøve, politikk og litteratur, og som ein som hadde tvisyn, altså som såg sakene frå to sider.
|