Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det fredag, 26. april 2024Oppdater sida


Veke 1
Troll-stasjonen

Troll-stasjonen er ein forskingsstasjon som ligg ved Jutulsessen, 235 km frå kysten i den austlege delen av Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land i Antarktis. Han er den einaste heilårsstasjonen til Noreg i Antarktis og vert nytta i lag med sommarstasjonen Tor. Troll er driven av Norsk Polarinstitutt og har òg anlegg for Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforskning og Troll satelittstasjon driven av Kongsberg Satellite Services.

I motsetnad til dei fleste andre stasjonane på kontinentet vart Troll bygd på ei snøfri fjellside av bert fjell som stikk opp av isdekket ved Jutulsessen, 1275 meter over havet. Stasjonen opna som ein sommarstasjon i 1990 og vart teken i bruk som heilårsstasjon i 2005. Åtte mann kan overvintre her og om sommaren er kapasiteten 40 personar. Like ved ligg Troll Airfield, som dronning Sonja opna i 2005. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 2
Kattugle

Kattugle (Strix aluco) er ei mellomstor ugle som lever i skogområde over det tempererte Europa austover til vestlege Sibir. I Noreg lever ho i låglandet frå Austlandet rundt kysten nord til og med områda rundt Trondheimsfjorden. Dette er ei tjukkfallen, middels stor ugle, undersida er bleik med mørke striper, og overkroppen kan vere anten spetta brun eller grå. Vengene er breie og hovudet stort. Hos fleire underartar kan individa vere av begge fargevariantar, i Noreg varierande mellom raudbrun og gulgrå. Kattugla byggjer vanlegvis reiret i eit holt tre som gjev effektivt vern mot potensielle åtakarar. Ho er ein standfugl og svært territorial.

Kattugla har ein plass i folklore. Ettersom ho er aktiv om natta og mange menneske opplever songen som skremmande, har folk tradisjonelt knytt ho til varsel om død. Mange trur at alle ugleartar lagar ein tutelyd, men det er ei overgeneralisering basert på songen til akkurat denne arten. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 3
Gong opptrer i 2009

Gong er ei internasjonal progressive rock-gruppe som nyttar element av jazz og space rock i musikkstilen sin. Gruppa vart skipa i Paris i 1967 av den australske musikaren Daevid Allen og den engelske vokalisten Gilli Smyth. Bandmedlemmar har mellom andre vore Didier Malherbe, Pip Pyle, Steve Hillage, Mike Howlett, Pierre Moerlen, Bill Laswell og Theo Travis. Andre som har spelt med Gong på scenen er mellom andre Don Cherry, Chris Cutler, Bill Bruford, Brian Davison, Dave Stewart og Tatsuya Yoshida.

Debutalbumet til Gong, Magick Brother frå 1970, hadde ein psykedelisk popstil. Året etter gav gruppa ut Camembert Electrique med ein meir psykedelisk rock/space rock-stil, som ho kom til å bli mest assosiert med. Mellom 1973 og 1974 gav Gong ut det mest kjende verket sitt, den allegoriske Radio Gnome Invisible-trilogien, som skildra eventyra til Zero the Hero, Good Witch Yoni og Pot Head Pixies frå planeten Gong. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 4
Dolly Parton sin singel frå 1974

«I Will Always Love You» er ein song skriven og opphavleg spelt inn i 1973 av den amerikanske countrysongaren Dolly Parton. Countryversjonen hennar kom ut på singel i 1974 og var skriven som eit farvel til den tidlegare partnaren og mentoren hennar i sju år, Porter Wagoner, etter at Parton valde å forlate The Porter Wagoner Show og satse på ein solokarriere. Parton si utgåve av «I Will Always Love You» vart ein suksess, og gjekk til topps på Billboard Hot Country Songs-lista to gonger. Den første gongen var i juni 1974, og den andre var i oktober 1982 etter ei nyinnspeling for filmen The Best Little Whorehouse in Texas.

Whitney Houston spelte inn sin versjon av songen i 1992 for filmen The Bodyguard. Singelen hennar låg 14 veker på toppen av Billboard Hot 100-lista, som då var ny rekord, og er ein av dei bestseljande singlane nokon gong. Houston-utgåva av «I Will Always Love You» gjekk inn att på lista i 2012 etter ho døydde, og vart den andre singelen nokon gong som nådde topp 3 på Billboard Hot 100 i to forskjellige periodar. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 5
Arnold J. Toynbee

Arnold J. Toynbee (1889–1975) var ein britisk historikar og historiefilosof, den siste såkalla universalhistorikaren. Han er særleg kjend for tolvbandsverket A Study of History, ei metahistorie som kom ut i tida 1934-61 og undersøkte historia frå eit globalt perspektiv. Verket er basert på ein idé om at dei ulike sivilisasjonane går gjennom universelle rytmar med stigning, blomstring og nedgang. Det religiøse grunnsynet i A Study of History gjorde verket særleg populært i USA, ettersom Toynbee avviste både den greske humanismen og opplysningstida si tru på menneskeheita si essensielle godheit, samstundes som han heldt den moderne nasjonalismen for å vere ein «falsk gud». Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 6
Yayoi Kusama med den japanske statsministerne Shinzo Abe

Yayoi Kusama (fødd 1929) er ein japansk kunstnar som hovudsakleg lagar skulpturar og installasjonar, men også driv med måleri, performance, videokunst, mote, poesi, skjønnlitteratur og andre kunstformer. Ho er blitt omtalt som ein av dei viktigaste levande kunstnarane til å koma frå Japan.

Kusama voks opp i Matsumoto, og utdanna seg ved Kyoto kunsthøgskule i den tradisjonelle japanske målarstilen nihonga. Ho blei òg inspirert av amerikansk abstrakt impresjonisme. I 1958 flytta ho til New York, og blei med i avant-garde-scena der, særleg i pop-art-rørsla. Ho tok del i hippierørsla og motkulturen på slutten av 1960-åra, og blei offentleg kjend då ho arrangerte ei rekkje happenings der nakne deltakarar blei måla med fargerike polkadottar. Sidan 1970-talet har Kusama fortsett å laga kunst, der installasjonar på ulike museum rundt om i verda er dei mest kjende. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 7
Cluj-Napoca

Cluj-Napoca, eller berre Cluj, er den tredje største byen i Romania, og administrasjonssete i Cluj fylke nordvest i Transilvania. Geografisk ligg han om lag midt mellom București (323 km), Budapest (354 km) og Beograd (327 km). Byen ligg i dalen til elva Someșul Mic og var hovudstad i den historiske provinsen Transilvania.

Romarriket erobra Dakia ved byrjinga av 100-talet, og den romerske busetnaden Napoca vart så grunnlagd. Byen på staden vart seinare ein del av Kongedømet Ungarn. Kong Stefan I gjorde han til sete for fylket Kolozs, og kong Ladislaus I av Ungarn grunnla klosteret Cluj-Mănăștur her. Frå 1830 var Cluh senteret for den ungarske nasjonalrørsla i fyrstedømet Transilvania. Ungararane var den største folkegruppa i byen fram til 1960-åra, då rumenarane tok over, på grunn av stor innflytting som følgje av industrialiseringa her. I 1974 feira byen 1850-årsjubileum etter første gongen Napoca vart nemnd, og kommuniststyret endra namnet på byen til Cluj-Napoca. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 8
Gråstrupedukkar

Gråstrupedukkar (Podiceps grisegena) er ein fugl i dukkarfamilien med habitat i tempererte områda av nordvestlege Nord-Amerika, Asia og austlege Europa. Arten føretrekker grunne ferskvasshabitat som hekkehabitat, slik som mindre innsjøar og små tjørner. I Fennoskandia hekkar han aust og sør om Noreg. Arten er ein trekkfugl med overvintringshabitatet stort sett avgrensa til rolege farvatn ved kysten, nokre fuglar kan overvintre på store innsjøar. Langs norskekysten finst dei frå Trøndelag og sørover, og nordsjøkystane er overvintringsstader for eurasiatiske fuglar.

IUCN kategoriserer arten som livskraftig, den globale populasjonen er estimert til 190 000-290 000 individ og minkande, men i Europa er populasjonen trudd å vere aukande. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 9
Them

Them var eit nordirsk band skipa i Belfast i april 1964, mest kjent for garasjerock-standarden «Gloria» og for å ha lansert karrieren til songaren Van Morrison. Dei opphavlege fem medlemmane i bandet var Morrison, Alan Henderson, Ronnie Milling, Billy Harrison og Eric Wrixon. Morrison slutta i bandet i 1966 og fekk ein suksessrik karriere som soloartist.

Them fekk to hittar i Storbritannia i 1995 med «Baby, Please Don't Go» (10. plassen i Storbritannia) og «Here Comes the Night» (2. plassen i Storbritannia og Irland). Den sistnemnde songen og «Mystic Eyes» gjekk inn på Topp 40 i USA. Trass i relativt få hitsinglar, vert Belfast-gruppa rekna for å ha stor innverknad på andre band, som The Doors. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 10
Ina Coolbrith

Ina Coolbrith (10. mars 1841–29. februar 1928) var ein amerikansk diktar, skribent, bibliotekar og ein framståande figur i det litterære miljøet i San Francisco Bay Area. Ho blei kalla «Sweet Singer of California». Coolbrith var den fyrste som blei utnemnd til California Poet Laureate og den fyrste til å bli poet laureate i nokon amerikansk delstat.

Coolbrith var niese av Joseph Smith, grunnleggjaren av The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints. Ho forlet mormonarsamfunnet som barn og byrja tenåra i Los Angeles i California, der ho byrja å gje ut lyrikk. Etter eit mislukka ungdomsekteskap slo ho seg ned i San Francisco. Der møtte ho forfattarane Bret Harte og Charles Warren Stoddard som ho grunnla «Golden Gate Trinity» med, ei gruppe som var tett knytt til litteraturtidsskriftet Overland Monthly. Coolbrith byrja å skriva ei litteraturhistorie om California, med mykje sjølvbiografisk materiale, men brannen etter jordskjelvet i San Francisco i 1906 øydela det ho hadde gjort. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 11
Isaac Hayes

Isaac Hayes (20. august 1942–10. august 2008) var ein USA-amerikansk soulsongar, låtskrivar, skodespelar, produsent og stemmeskodespelar. Hayes var ein av dei største kreative kreftene bak plateselskapet Stax Records, der han var både huskomponist, studiomusikar og produsent, ofte i lag med David Porter, i midten av 1960-åra.

Han hadde fleire suksessrike soulalbum som Hot Buttered Soul (1969) og Black Moses (1971). Hitsongen «Soul Man», skriven av Hayes og Porter og først framført av Sam & Dave, har blitt rekna som ein av dei viktigaste songane dei siste 50 åra av Grammy Hall of Fame. I tillegg til arbeidet med popmusikken, skreiv Hayes filmmusikk. Han var kjend for musikken til filmen Shaft (1971). For «Theme from Shaft» fekk han Oscarprisen for beste originale song i 1972. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 12
Juan Fernández-øyane

Juan Fernández-øyane er ei vulkansk øygruppe som ligg utanfor den chilenske kysten, sør i Stillehavet ca. 670 km vest for Valparaiso. Øygruppa består av tre større øyar: Robinson Crusoe-øya, Alejandro Selkirk-øya og Santa Clara-øya. Juan Fernández-øyane er leveområdet for ein høg prosentdel av sjeldne og endemiske plantar og dyr, og er anerkjende som ein distinkt økoregion. Det vulkanske opphavet på øyane og avsidesliggjande plassering gjorde at floraen fauna nådde øygruppa over havet; som eit resultat er øya heimstad for relativt få planteartar og svært få dyreartar.

Gruppa er oppkalla etter Juan Fernández, som oppdaga øyane på 1570-talet. Øyane er knytte til den stranda sjømannen Alexander Selkirk, som budde på Robinson Crusoe-øya i meir enn fire år frå 1704. Opplevingane hans skal ha inspirert Daniel Defoe si bok Robinson Crusoe. To av øyane er no kalla opp etter den oppdikta og den verkelege øybuen. Dei fleste av dei noverande innbyggjarane til øygruppa lever på Robinson Crusoe-øya, og hovudsakleg i hovudstaden San Juan Bautista, som ligg ved Cumberland Bay på nordkysten av øya. Næringslivet er basert på turisme og fiske. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 13
Kongekondor

Kongekondor (Sarcoramphus papa) er ein stor rovfugl som lever i Mellom- og Sør-Amerika. Han er ein mellomstor medlem av kondorfamilien Cathartidae. Denne kondoren lever hovudsakleg i tropiske låglandsskogar som strekker seg frå det sørlege Mexico til det nordlege Argentina.

Han er ein stor og stort sett kvit fugl, med grå til svart halskrans og halefjører. Vengfjørene er òg svarte i kontrast til dekkfjørene som er kvite både på under og oversida. Hovudet og nakken er skalla, med varierande hudfarge, inkludert gul, oransje, blå, lilla og raud. Kongekondoren har ein veldig merkbar oransje kjøttfull karunkel på nebbet. Han er ein åtseletar og gjer ofte det første snittet i eit ferskt kadaver. Han trenger òg bort mindre kondorartar frå eit kadaver. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 14

Detektivforteljing er ein undersjanger innan kriminallitteratur der ein detektiv eller etterforskar undersøker ei kriminalgåte, gjerne eit mord. Ei slik forteljing er ofte presentert som eit mysterium kring kva som har skjedd. Ulike teikn kring hendinga kan peika mot ein viss mistenkt, men detektiven grev gjerne vidare og avslører kva som eigentleg har skjedd i ein dramatisk finale. Mange slike forteljingar legg vekt på at lesaren skal ha tilgang på dei same peiketrådane som detektiven, slik at også han kan gissa kven som står bak.

Det finst detektivforteljingar frå oldtida, men den moderne detektivsjangeren oppstod på midten av 1800-talet, i lag med sjølve ordet «detektiv». Utviklinga av sjangeren fell saman med industrialisering, der fleire framande folk kom saman i byar, og framveksten av eit moderne politivesen. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 15
Krigskanoen til Ngāpuhi-hovdingen Hongi Hika under Muskettkrigane

Muskettkrigane var ein serie av så mange som 3 000 kamphandlingar og raid utkjempa over heile New Zealand så vel som på Chathamøyane mellom maoristammar mellom 1807 og 1845. Dei fann stad etter at maoriar først fekk tilgang til muskettar og dermed tok del i eit våpenkapplaup mellom stammane for å vinna territorium eller få hemn over tidlegare nederlag. Kampane resulterte i tap av mellom 20 000 og 40 000 menneskeliv, tilfangetaking av titusentals maoriar og betydeleg endring av territoriale grenser mellom rohe, eller stammeområde, før koloniale styresmakter greip inn på 1840-talet.

Den auka bruken av muskettar i krigshandlingar mellom maoristammar førte til endringar i utforminga av befesta budstadsområde (), noko som seinare kom til nytte for maoriar då dei kjempa mot kolonistyrkar under Newzealandkrigane. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 16
John Rawls i 1971

John Rawls (1921–2002) var ein amerikansk filosof. Han er mest kjent for hovudverket sitt 'Ein teori om rettferd' (A Theory of Justice) frå 1971, der han kom med eit kontraktteoretisk alternativ til utilitarismen. Dette verket revolusjonerte den politiske filosofien i USA, og sette i gang ein debatt mellom kommunitaristar og liberalistar. Debatten handla om kvar sterkt fellesskapsband som må til for at eit demokrati skal fungera. Rawls ynskja å skapa prosedyrar som skulle hjelpa menneske å løysa konfliktar. Sentralt for samarbeid mellom menneske er sosiale institusjonar, som er basisstrukturen i samfunnet. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 17
Faye HeavyShield i 2009

Faye HeavyShield (fødd 1953) er ein kunstnar frå kainai-blood-nasjonen i Canada. Ho er blitt kalla ein «kulturell matriark», kjend for skulpturar og installasjonskunst, som har hatt stor tyding for kanadisk samtidskunst. HeavyShield er kjend for repeterande bruk av gjenstandar og skrift til å laga installasjonar i stor skala for særskilde stader, ofte minimalistiske i utføring. Ho nyttar ofte naturlege materiale, bilete og lydar frå naturlandskapet kring heimtraktene sine. Digitale fotografi og video er også viktige verkemiddel. Verka hennar er inspirerte av miljøet og hennar eiga kulturarv, familie og personlege historie. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 18
Unge polarsniper i flukt

Polarsnipe (Calidris canutus) er ein mellomstor vadefugl i snipefamilien som hekkar sirkumpolart på tundra. Dette er ein stor medlem av Calidris-snipene, berre sibirsnipe er større.

Seks underartar er anerkjente, alle er sterke trekkfuglar. Nordamerikanske hekkefuglar migrerer til kystnære område i Europa og i Sør-Amerika, medan den asiatiske populasjonar overvintrar i Afrika, Papua Ny-Guinea, Australia og New Zealand. Fuglane av denne arten dannar enorme flokkar når dei ikkje hekkar. Store mengder av polarsniper passerer Noreg i trekktida, særleg i vårtrekket. Så mykje som 40 000 individ har vore registrert (estimat) ved Porsangerfjorden i mai. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 19
Flekkmarihand i Lillesand

Flekkmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. maculata) er ei fleirårig plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien Orchidaceae. Ho veks i Europa, Vest-Asia og Nordvest-Afrika. Ho finst over heile Noreg, frå kysten til over tregrensa, mest på kalkfattig jord og helst i myr og på fuktig mark. Planta blømer på forsommaren og til midtsommaren, frå midten av mai til juli. Blomsteren er fiolett, frå bleik til kraftig farga.

Flekkmarihand vert 10–40 centimeter høg. Planta har rotknoll, grann stengel og grøne blad, oftast med mørke flekkar. Kvar plante har to rotknollar, ein av dei innskrumpa og mørk på farge, som gjev årets plante næring, den andre fast og lysfarga, med opplagsnæring til neste vekstsesong. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 20

Nord-Troms Museum er eit desentralisert museum som har dei seks kommunane i Nord-Troms, Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Nordreisa, Skjervøy og Kvænangen, som eigarar. Museet blei stifta 20. mai 1979. Vedtektene seier at Nord-Troms museum skal arbeide med kulturelle møte og brytingar i fortid og samtid, og at synleggjering av samisk og kvensk kultur er viktig.

Museet forvaltar 65 bygningar som er historisk viktige i eit område som i stor grad blei brent ned under andre verdskrigen. Hovudkontoret til museet er i Haltibygget på Storslett i Nordreisa kommune. Hovudmagasinet til museet er i Flerbrukshuset i Burfjord i Kvænangen kommune. Her har museet ei samling på rundt 17 000 regionale gjenstandar som ikkje er stilte ut. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 21
Kaitorete Spit og Lake Ellesmere/Te Waihora

Lake Ellesmere/Te Waihora er eit vasstykke i regionen Canterbury på Sørøya på New Zealand. Innsjøen er i røynda ein brei og grunn lagune som ligg like i vest av Bankshalvøya, og er skild frå Stillehavet av ein lang og smal sandbanke som heiter Kaitorete Spit, eller meir korrekt Kaitorete Barrier. No er Lake Ellesmere/Te Waihora ein brakkvasslagune. Han dekkjer eit område på 198 km², og er den 5. største innsjøen på New Zealand etter areal.

Sjøen betyr mykje, både historisk og kulturelt, for innfødde maoriar, og det tradisjonelle namnet, «Te Waihora», tyder ‘vatn som breier seg utover’. Han har offisielt hatt eit tospråkleg namn minst sidan 1938. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 22
The Ventures i 1967

The Ventures er eit USA-amerikansk instrumentalt rockeband skipa i Tacoma i Washington i 1958. Gruppa vart starta av Don Wilson og Bob Bogle og har gjennom forskjellige inkarnasjonar hatt innverknad på musikkutviklinga verda over. Med stor dugleik på instrumenta sine, eksperimentering med gitareffektar og unik lyd la dei grunnlaget for mange andre grupper, og dei fekk kallenamnet «Bandet som lanserte tusen band». I 2008 vart The Ventures innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.

The Ventures er framleis den mest populære amerikanske rockegruppa i Japan, den nest største platemarknaden i verda. Ein ofte sitert statistikk er at The Ventures selde det dobbelte av The Beatles i Japan. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 23
John Paul Jones

John Paul Jones (fødd i 1946) er ein engelsk multi-instrumentalist, låtskrivar, arrangør og plateprodusent. Han er mest kjend for tida då han spela bass, mandolin og klaverinstrument for det engelske rockebandet Led Zeppelin. Jones har sidan utvikla ein solokarriere og fått stor ry som både musikar og produsent. Jones er ein allsidig musikar og spelar òg gitar, koto, lapsteelgitar, autoharpe, fiolin, ukulele, sitar, cello, continuum og blokkfløytene ein kan høyre på Led Zeppelin sin «Stairway to Heaven».

Jones er i dag medlem av supergruppa Them Crooked Vultures med Josh Homme (Queens of the Stone Age/Kyuss/Eagles of Death Metal) og Dave Grohl (Nirvana/Foo Fighters). Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 24
Skjematisk framstilling av ein lymfeknut.

Lymfeknutar er bønneforma eller ovale organ i lymfesystemet som finst i store delar av kroppen, mellom anna i armhola og abdomen, og som er samankopla av lymfeårer. Lymfeknutane er samansette av lymfatisk vev fylt med B-celler, T-celler og andre immunceller. Lymfeknutane er ein viktig del av immunsystemet, og jobbar med å filtrere framandpartiklar og kreftceller. Lymfeknutar jobbar ikkje med toksisitet; giftstoff blir i hovudsak handsama av levra og nyrene.

Lymfeknutar kan ofte ha klinisk relevans. Dei kan bli betente og svolne ved ulike infeksjonar og sjukdommar, frå trivielle halsinfeksjonar til livstrugande kreftformer. Tilstanden til lymfeknutane er viktig ved stadieinndeling av kreft, der dei bidreg til å finne behandlingar og setje diagnosar. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 25
Susannah Maria Cibber

Susannah Maria Cibber (1714–1766) var ein kjend engelsk songar og skodespelar. Ho var syster av komponisten Thomas Arne. Medan ho byrja karrieren som sopran, blei røysta hennar lågare tidleg i karrieren, og ho blei etterkvart altsongar. Ho var universelt beundra for evna si til å røra publikum kjenslemessig både som skodespelar og songar. Cibber blei særleg beundra av Händel, som skreiv ei rekkje stykke spesielt for henne, mellom anna alt-ariane i oratoriet Messiah frå 1741 og rollene som Micah i Samson, Lichas i Hercules og David i Saul. På midten av 1730-talet byrja ho å opptre i skodespel i tillegg til å ta del i operaer og oratorium. Ho blei den største dramatiske skodespelarinna på London-scena på 1700-talet, og då ho døydde var ho den best betalte skodespelarinna i England. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 26
Puriri

Puriri (Vitex lucens) er eit eviggrønt tre som er endemisk for New Zealand. Arten finst på den nordlege halvdelen av Nordøya frå North Cape til Waikato og Upper Thames, og derifrå i mindre førekomstar sørover til Mahiahalvøya på austkysten og Cape Egmont i vest.

Puriritreet kan veksa seg opptil 20 meter høgt, med ein stamme som vanlegvis kan verta opptil 1,5 m i diameter, ofte tjukkare, og med ei vid, utbreidd krone. Den tynne borken er vanlegvis glatt og lyst brun av farge, men kan også vera svært flassande. Puriri er eit av dei få stadeigne trea som har store og fargesprakande blomar, medan blomane til mange andre plantar på New Zealand er kvite eller grøne. Den klåre fargen, fasongen, den rikelege produksjonen av nektar og dei fine håra i blometrakta, tyder på at det er fuglar som pollinerer blomane, håra held insekt borte frå nektaren. På dei store øyene på New Zealand er det ofte mykje nektar i blomane, fordi det ikkje er nok fuglar til å eta alt som vert laga av trea. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 27
Stjernebiletet Føniks

Stjernebiletet Føniks er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det er kalla opp etter den mytiske fugl føniks, og vart først avbilda i eit stjerneatlas av Johann Bayer i 1603. Stjernebiletet strekkjer seg frå kring −39° til −57° deklinasjon, og frå 23,5h til 2,5h rektascensjon. Føniks, Trana, Påfuglen og Tukanen vert kalla dei sørlege fuglane.

Den franske oppdagaren og astronomen Nicolas Louis de Lacaille kartla dei lyssterke stjernene og gav dei bayernemningar i 1756. Den mest lyssterke stjerna, Alfa Phoenicis, heiter Ankaa, eit arabisk ord som tyder «føniks». Ho er ei oransje kjempe med tilsynelatande storleik 2,4. Den neste er Beta Phoenicis, som er ei dobbeltstjerne med to gule kjemper med ein samla tilsynelatande storleik på 3,3. Nu Phoenicis har ei støvskive, medan stjernebiletet har ti stjernesystem med kjende planetar. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 28
Ukkusiksalik nasjonalpark

Ukkusiksalik nasjonalpark er ein nasjonalpark i Nunavut i Canada. Han omfattar 20 885 kvadratkilometer tundra og kystmudderflater sør for polarsirkelen. Nasjonalparken er den minste i Nunavut, men den sjette største i Canada. Namnet er knytt til klebersteinen som finst her: «Ukkusiksalik» tyder ‘der det er materiale for steingryta’ (frå ukkusik, som tyder ‘gryte’ eller ‘kar’, som qulliq).

Wager Bay, ei 100 kilometer lang bukt som er del av Hudsonbukta, er kjerna i nasjonalparken. Ein seglar inn i bukta gjennom eit nokså smalt innløp som er over 30 km langt og kring 4 km vidt på sitt smalaste. Tidvatnet stig og fell opptil 8 meter, og straumane er svært sterke. Dei fører til store oppsamlingar av is det meste av året, som ofte kan hindra sjøfart. Tidleg på sommaren vaskar det stigande flaumvatnet store mengder drivis og isfjell inn i bukta. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 29
Valmuer er eit tema som går att på omslaget.

The Final Cut er det 12. studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd, gjeve ut i 1983. Det består av songar som var att etter det førre Pink Floyd-albumet, The Wall (1979), i lag med nye songar spelte inn gjennom 1982.

The Final Cut var det siste Pink Floyd-albumet med den opphavlege medlemmen Roger Waters, som slutta i 1985. Waters planla albumet som eit filmmusikkalbum for filmutgåva frå 1982 av The Wall. Då Falklandskrigen braut ut, skreiv han om musikken til eit konseptalbum og utforska det han rekna som sviket til faren, som døydde under teneste i andre verdskrigen. Waters song solovokal på alle songane utanom ein, og skreiv alle songane sjølv. Det vart laga ein kortfilm til albumet som kom ut same året. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 30
Alke

Alke (Alca torda) er ein sjøfugl i alkefamilien og den einaste eksisterande medlemmen av slekta Alca. Arten er den næraste levande slektningen til den utdøydde geirfuglen. Leveområdet for alker er det subarktiske Atlanterhavet.

Alker er primært svarte med ei kvit underside. Hannen og hoa er identiske i fjørdrakt, men hannar skil seg ut som noko større enn hoer. Denne smidige fuglen har stort sett eit akvatisk levesett og kjem berre til land for å hekke. Dei lever monogamt, formeirar seg med same partnar for livet. Hoene legg eitt egg per år. Alker hekkar langs kystklippene i lukka eller lett synlege sprekkar. Foreldra deler rugetida likt, og når ungen er klekt, byter dei på å bringe føde til ungen. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 31
Første side av første utgåve av Dølen

Dølen var ei norsk vekeavis gjeven ut av Aasmund Olavsson Vinje. Avisa, som han gav undertittelen «Eit Vikublad», kom ut fyrste gongen sundag 10. oktober 1858, og heldt fram med jamne og ujamne utgjevingar til Vinje døydde i 1870. Dølen var på fire sider, kvar side delt i tre spalter, og kom ut i Christiania. Avisa hadde eit opplag på om lag 500.

Skrivestilen til Vinje i Dølen var nyskapande, med konkrete, overraskande framsyningar og varierte, oftast grundige og gjerne vittige resonnement. Dei lengre artiklane og reportasjane er prega av skiftande vinklingar og utprøvande tankar kring ei sak. Eigenskrivne dikt eller delar av dikt kjem inn som del(ar) av artiklar, ofte med ein funksjon nær eit ordtøke, eller dei framstår som krystalliserte uttrykk for Vinjes tankar. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 32
Cleidopus gloriamaris

Cleidopus gloriamaris er ein fiskeart i familien furukonglefiskar (Monocentridae), og den einaste medlemmen av si slekt. Det vitskaplege namnet kjem av latin gloria og maris, som tyder «venleiken frå havet».

Cleidopus gloriamaris er heimehøyrande i kystområda utanfor Queensland, New South Wales og Western Australia. Ein finn han på djupner frå 6 til 200 meter i rev og hamner. Fisken finst både i det austlege Indiahavet og det vestlege Stillehavet. Han vert opptil 22 cm lang. Fisken har ein fyldig og rund kropp som er nesten heilt dekt av store, ru skjel med skarpe, bakoverpeikande ryggsøyler. Skjela på Cleidopus gloriamaris er gulkvite med svarte bakkantar som formar det karakteristiske mønsteret som har gjeve namnet til familien furukonglefisk. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 33
Regionen Auckland

Regionen Auckland er ein av dei seksten regionane på New Zealand, og har fått namn etter Auckland City, den store byen som ligg midt i regionen. Dette er den mest folkerike regionen på New Zealand, og også den mest velståande økonomisk sett.

Mykje av dei urbane områda i Auckland ligg i det vulkanske området Auckland Volcanic Field. Området er spekka med 49 vulkanar av ulik alder, dei eldste i regionen er 150 000 år gamle. Det siste utbrotet fann stad for om lag 600 år sidan. Dette avslutta nokre få hundre års vulkansk aktivitet då øya Rangitoto Island vart danna. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 34
Perspektivisk syn på havbotn til Atlanterhavet og Det karibiske havet.

Fysisk oseanografi er studiet av dei fysiske tilhøva og dei fysiske prosessane i havet, særleg rørsler og fysiske eigenskapar til sjøvatn. Havet er langt djupare enn kontinenta er høge. Ser ein på den hypsografiske kurva til jorda så er middelhøgda til landmassane på joda berre 840 meter over havet, medan middeldjupna til havet er 3 800 meter. Sjølv om avviket er stort for både land og sjø, er ekstreme tilfelle som fjell og groper sjeldne.

Om lag 97 % av vatnet på planeten er i havet, og hava er ei kjelde til enorme mengder vassdamp som kondenserer i atmosfæren og fell som regn eller snø på kontinenta. Den enorme varmekapasiteten til hava moderer klimaet på planeten, og absorpsjon av forskjellige gassar påverkar samansettinga av atmosfæren. Havet påverkar til og med samansetjinga av vulkanske bergartar på havbotn ved hjelp av metamorfose, og ved vulkanske gassar og magma som vert skapt i subduksjonssoner. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 35
Hardangerkeip.

Keip er eit vinkelforma årefeste på ein båt. Ved hjelp av ein keip vert krafta frå åretaket overført til båten når ein ror. Ordet «keip» kan leiast attende til norrønt keipr.

Ein keip er i utgangspunket ein trehake av eit hardt og sterkt emne. Den delen av keipen som åra ligg på vert kalla lunnen eller livet. Under roing vert åra pressa mot keipsnevet, som står opp i framkant av keipen. Utforminga av keipen er avhengig av ripa si oppbygging. Keipen må plasserast slik at det er godt å ro. Ein regel er at bakkant av keipsnevet skal ligge midt i rommet. Ved hjelp av eit hamleband vert åra halda på plass på keipen, samstundes som det lettar roinga. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 36
Cornelis Vreeswijk i 1967

Cornelis Vreeswijk (1937–1987) var ein nederlandsk-svensk visesongar, komponist og diktar. Han er rekna som ein av dei største svenske trubadurane, på line med Carl Michael Bellman og Evert Taube.

Cornelis Vreeswijk vart fødd i hamnebyen IJmuiden i Nederland, og flytta som tolvåring med familien til Sverige. Han slo igjennom som visesongar i 1960-åra. Ved sida av eigne låtar, spelte han inn songar av Carl Michael Bellman, Victor Jara, Povel Ramel, Evert Taube og Lars Forssell. For den breie publikum vart han mest kjend for songar som «I natt jag drömde något som» og «Brev från kolonien», tolkingar av amerikanske songar som han sjølv vart dyktig lei. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 37
Deep Purple i 1985

Deep Purple er eit hardrockband som vart danna i 1968 i Hertford i England. Gruppa har ved sida av Black Sabbath og Led Zeppelin vorte rekna som pionerar innan hardrock og heavy metal, sjølv om somme bandmedlemmar hevdar at ein ikkje kan kategorisere musikken deira til ein enkelt sjanger. Det var ein gong oppført i Guinness Rekordbok som «det mest høglydte bandet i verda», og har selt over 100 millionar album på verdsbasis.

Bandet har gått gjennom mange endringar og ein åtte år lang pause (1976–84). Besetningane frå 1968 til 1976 vert ofte kalla Mark I, II, III og IV. Den andre og mest suksessrike besetninga var med Ian Gillan (vokal), Roger Glover (bass), Jon Lord (tangentinstrument), Ian Paice (trommer) og Ritchie Blackmore (gitar). Denne besetninga var aktiv frå 1969 til 1973, og igjen frå 1984 til 1989, og i 1993, før gnissingane mellom Blackmore og dei andre medlemmane vart for store. Den noverande besetninga (med gitarist Steve Morse) har vore mykje meir stabil. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 38
Pamela Colman Smith kring 1912

Pamela Colman Smith (16. februar 1878–18. september 1951), med kallenamnet «Pixie», var ein britisk kunstnar, illustratør, forfattar, forleggar og okkultist. Ho er best kjend for å ha illustrert tarotkortstokken kjend som Rider–Waite, Rider–Waite–Smith- eller Waite–Smith for Arthur Edward Waite. Denne kortstokken blei standarden blant tarotkortlesarar, og er framleis den mest brukte i dag. Smith illustrerte også over 20 bøker, skreiv to samlingar med jamaicansk folkeminne, redigerte to tidsskrift og dreiv Green Sheaf Press, eit lite forlag med fokus på kvinnelege forfattarar. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 39
Gyllenhalekolibri

Kolibriar er ei stor fuglegruppe heimehøyrande i Amerika og utgjer den biologiske familien Trochilidae. Med rundt 365 artar og 112 slekter er artane i kolibrifamilien spreidde frå Eldlandet til Alaska, men dei fleste artane lever i Sentral- og Sør-Amerika.

Kolibriar har varierte spesialiserte eigenskapar for å mogleggjere rask og presis manøvrerbar flyging, eksepsjonell metabolsk kapasitet, tilpassingar til høge høgder, sensitive visuelle evner og kommunikasjonsevner, og gjer fugletrekk over lange distansar hos nokre artar. Blant alle fuglefamiliar har hannkolibriar det vidaste mangfaldet av fjørdraktfarger, spesielt i blått, grønt og lilla. Kolibriar er fuglegruppa der ein finn minste kroppsstorleiken, typisk 7,5–13 centimeter. Den minste er bikolibrien på 5 cm og veg mindre enn 2,0 gram, og den største er den 23 cm lange kjempekolibrien, som veg 18–24 gram. Mange kolibriar har relativt lange nebb, og alle er spesialiserte for å hente ut nektar frå blomar, men alle artar et også små insekt. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 40
MS «Venus»

MS «Venus» var eit motorskip bygt i 1931 som passasjer- og lasteskip som englandsbåt for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS). Skipet gjekk i rute mellom Bergen og Newcastle. Det Bergenske Dampskibsselskab hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Dette skipet var kalla opp etter planeten Venus og var det andre skipet i flåten til BDS med dette namnet, etter DS «Venus» frå 1890.

Skipet vart bygt ved Helsingør Jernskibs & Maskinbyggeri i Helsingør i Danmark og kosta 5,2 millionar kroner då det vart levert i april 1931, det klårt dyraste skipet BDS hadde eigd til då. Den første offisielle prøveturen gjekk 29. april i Helsingør med 150 inviterte gjester. Blant gjestene var den norske konsulen i Helsingør, ei rekkje direktørar og velståande kjøpmenn. 30. april 1931 gjekk «Venus» til Oslo for å visast fram for kongen og representantar av regjeringa og Stortinget på Oslofjorden. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 41
Frå bokmessa i Frankfurt

Tysk litteratur eller tyskspråkleg litteratur viser til litterære verk skrivne på tysk eller i tyskspråklege område. I tradisjonell litteraturskriving omfattar omgrepet derfor òg litteratur frå både austerrikske og sveitsiske forfattarar, forfattarar frå tidlegare tyskspråklege område i Aust-Europa og dessutan tyske jødiske forfattarar frå ulike stader, i tillegg til litteratur frå Tyskland.

Tyske litteraturhistorie følgjer i store trekk dei same periodane som dei litterære tradisjonane i andre europeiske land, men spissformulert reknar ein den tyske litteraturen for gjennomgåande å ha hatt ei djupare, innovervend og større interesse for skuggesida og dei indre konfliktane til mennesket enn det litteraturen har hatt i mange andre land. Omgrep som Sturm und Drang og Weltschmerz stammar derfor ikkje utan grunn frå nettopp den tyske litteraturen. Metafysiske overvegingar har difor spelt ei større rolle hjå tyske forfattarar, og såleis har tysk filosofi òg hatt tyding for tysk litteraturforsking. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 42
Land som har innført Dublin-forordninga.

Dublin-forordninga er ei EU-forordning som fastset kriteria og prosedyrane for avgjersler av kva medlemsstatane av Den europeiske unionen er ansvarlege for å handsama asyslsøkjarar, som søkjer internasjonalt vern i samsvar med Flyktningkonvensjonen og dessutan kvalifikasjonsdirektiva til EU. Forordninga er ein hyrnestein i Dublin-systemet, som legg grunnlaget for eit felles europeisk fingeravtrykksregister for illegale innvandrarar i EU. Dublin-forordninga har til føremål å «avgjøre hvilken medlemsstat som er ansvarlig for behandlingen av [asylsøknader]», og gjev dimed andre medlemsstatar mogleiken for å senda ein asylsøkjar attende til den ansvarlege medlemsstaten. Normalt vil den ansvarlege medlemsstaten vera dét landet som asylsøkjaren fyrst kom inn i EU. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 43
Den newzealandske sjølvstendeerklæringa

Den newzealandske sjølvstendeerklæringa vart underteikna av ein del nordlege maorihøvdingar i 1835, og var den første sjølvstendefråsegna på New Zealand før underteikninga av Waitangitraktaten i 1840.

I 1834 utarbeida den offisielle britiske representanten på New Zealand, James Busby, eit dokument som har vorte kjent som Den newzealandske sjølvstendeerklæringa. Ho vart underteikna av han og 34 maorihøvdingar frå Nordøya, mellom desse Tamati Waka Nene og brørne Te Wharerahi, Rewa, og Moka Kainga-mataa frå Bay of Islands, i Waitangi i Northland den 28. oktober 1835. Til 1839 hadde 52 høvdingar underteikna. Høvdingane underteikna denne sjølvstendefråsegna, og utpeika med det seg sjølve som representantar for ein komande sjølvstendig stat med namnet «United Tribes of New Zealand» (Dei sameinte stammane på New Zealand). Misjonærane Henry Williams og George Clarke omsette fråsegna til maori og underteikna som vitne. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 44
Bruce Dickinson og Steve Harris på scenen i 1982.

The Number of the Beast er det tredje studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut i mars 1982. Det var det første albumet til gruppa med vokalisten Bruce Dickinson og det siste med trommeslagaren Clive Burr.

The Number of the Beast fekk god kritikk og selde godt, og var eit landemerke for bandet. Det gjekk til topps på den britiske albumlista, og selde til platinaplate i USA. Albumet inneheld singlane «Run to the Hills» og «The Number of the Beast», og den førstnemnde vart den første singelen til Iron Maiden som nådde topp 10 på den britiske singellista. Albumet var òg kontroversielt, særleg i USA, på grunn av dei religiøse referansane i plateomslaget og teksten på tittelsporet. Etter utgjevinga av The Number of the Beast og den påfølgjande turneen, The Beast on the Road, har «The Beast» blitt eit alternativ namn for Iron Maiden. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 45
Klinkbygd båt frå Gotland.

Nordisk klinkbyggingtradisjon er soga om båtbygging i Nord-Europa gjennom meir enn 2000 år. Forteljinga om ei utvikling, etter same grunnprinsipp, som har gitt stadig nye båttypar som har stetta dei krav utviklinga i samfunnet har skapt.

Klinkbygging er ein måte å bygge trebåtar på, der båtborda overlappar kvarandre. Kvart bord vert lagt på utsida av bordet under. Borda vert festa til kvarandre med båtsaum. Denne måten å bygge på vert ofte nemnd skalkonstruksjon, fordi ein først bygger eit skal som gir forma på det ein bygger. Så vert det indre rameverket, innveden sett inn. Båtar og skip bygde på denne måten er gjenkjenneleg med samanhangande kjøl frå stamn til stamn. Stamnane har krumma reisning.

I 2021 vart den nordiske klinkbyggingtradisjonen innskriven på UNESCO si representative liste over menneska sin immaterielle kulturarv. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 46
Utsyn mot Tweigskrenten (Tuwaiq) frå vest.

Najd er eit geografisk område sentralt i Saudi-Arabia der kring 30 % av alle saudiarabarar bur. Najd består av regionane Riyadh, Al-Qassim og Ha'il. Det arabiske ordet najd tyder ‘høgland’, og var ein gong nytta om ei rekkje område på Den arabiske halvøya.

Najd er eit platå som varierer frå 760 til 1525 meter over havet og heller frå vest til aust. Dei austlege delane (historisk kalla Al-Yamama) er markert av oasar med mange gardar og handelsaktivitet, medan resten tradisjonelt sett har vore tynt folkesett av nomadiske beduinar. Innbyggjarane i Najd er den dominerande minoriteten i Saudi-Arabia, og i motsetnad til Hejaz er Najd særs fjerntliggande og har i stor grad unngått å hamne under utanlandsk kontroll. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 47
Christophe Lemaitre frå Frankrike under europameisterskapen, der han vann tre gulllmedaljar

EM i friidrett 2010, den 20. i rekka, vart arrangert på olympiastadion i Barcelona i tida 27. juli–1. august 2010. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 23 for kvinner.

Christophe Lemaitre frå Frankrike vart forgrunnsfigur i meisterskapen. Han vart europameister på 100 m og 200, og var ankermann på Frankrike sitt vinnarlag på 4x100 m stafett. Mo Farah, som representerte Storbritannia, vann både 5000 m og 10 000 m. Også Tatjana Firova frå Russland vann to gullmedaljar; 400 m og 4x400 m stafett. Spydkastaren Andreas Thorkildsen vart europameister og tok den einaste medaljen for Noreg. Margrethe Renstrøm sette norsk rekord i lengdehopp under kvalifiseringa, med 6,68 meter. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 48
T-Bone Walker i 1972.

«Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)» (ofte berre kalla «Stormy Monday») er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske elektrisk gitar-pioneren T-Bone Walker. Han er ein langsam 12-taktsblues framført i West Coast blues-stil med Walker sin mjuke, klagande vokal og særprega gitarspeling. I tillegg til at songen vart ein hit i 1948, inspirerte han B.B. King og andre til å byrje å spele elektrisk gitar.

«Stormy Monday» vart den mest kjende og mest innspelte songen til Walker. Han er ein av dei mest populære bluesstandardane, og det er spelt inn mange utgåver av han. Songen er inkludert i Grammy Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame og Blues Foundation Hall of Fame, i tillegg til at han er bevart i amerikanske Library of Congress sitt National Recording Registry. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 49
Sáhkku-spelsett på Varanger Samiske Museum.

Sáhkku er eit samisk brettspel. Det er eit eliminasjonsspel, der spelarane flyttar brikkene langs eit spor med mål om å eliminera brikkene til motspelaren. Spelet har tradisjonelt vore utbreidd mellom nordsamar, skoltesamar, Inari-samar og lule-samar, men det kan òg ha vore spela i andre delar av Sápmi.

Sáhkku vart motarbeidd av kristne prestar og læstadianske misjonærar, som meinte at spelet var ei leivning av den før-kristne samiske religionen. Grunna fornorskingspolitikken fall sáhkku ut av bruk på 1950-talet, men sidan den gong har spelet fått ein oppsving, og nye spelsett har kome i bruk. Dei seinaste åra har ein også sett i gang eigne sáhkku-tevlingar i både Noreg og Sápmi. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 50
Frå Kivledalen.

Kivlemøyslåttane eller Systerslåttane er ein syklus med slåttar som er knytt til segna om Kivlemøyane. Segna skriv seg frå Seljord, og det same gjer opphavspersonane til slåttane. Slåttane er grovt sett delt i grupper av tre – dei på trollstilt (A-E-A-C#), understilt (F-C-A-E) og forstemt (G-C-A-E). Syklusen er blant det eldste slåttestoffet i Noreg, og syklusen skal også ha vorte spela på langeleik like lenge som på fele.

Den viktigaste kjelda til desse slåttane har vore Øystein Langedrag og sonen hans, Leiv Sandsdalen. Sandsdalen ville helst ikkje lære dei bort, er det fortalt, og meinte at desse slåttane skulle følgje han i grava. Torkjell Haugerud fekk likevel rekonstruert slåttane på trollstilt. Ei anna line frå Øystein Langedrag gjekk gjennom Håvard Gibøen på Møsstrond, og ei anna gjennom Petter Veum på Fyresdal. Kivlemøyspringaren og Kivlemøygangaren, som Johan Halvorsen skreiv ned etter Knut Dale i 1901, vart fritt bearbeidde for piano av Edvard Grieg (opus 72, nr. 16 og 17). Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 51
Betlehem

Betlehem er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda, like sør for Jerusalem, med kring 25 000 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i Betlehem guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta. Ifølgje Det gamle testamentet er Betlehem Davidsbyen og ifølgje Det nye testamentet er Betlehem fødestaden til Jesus.

Betlehem har i dag ein muslimsk majoritet, men har òg eit av dei største palestinske kristne samfunna. Hovudnæringa i Betlehem er turisme, og høgsesongen er juletida, då kristne pilegrimar stimar seg kring Fødselskyrkja. Rakelgrava, som er ein viktig jødisk heilag stad, ligg nord i Betlehem. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Veke 52
Aasiaat

Aasiaat (dansk Egedesminde) er den fjerde største byen på Grønland. I 2020 hadde han eit folketal på 3 069. Byen er administrasjonssenter i kommunen Qeqertalik. Aasiaat var tidlegare ein eigen kommune som dekte fleire øyar sør i Diskobukta, Aasiaatøyane vest på Grønland. Byen Aasiaat ligg på ei øy med same namn, like nordvest for Saqqarliup Nunaa.

På grønlandsk tyder Aasiaat 'edderkoppar'. Kommunevåpenet til Aasiaat viste ein spindelvev. Aasiaat vert stundom kalla «Kvalbyen», fordi havpattedyr som kval og sel er eit vanleg syn her. Les meir …
Vis - Diskusjon - Historikk


Utvald artikkel Kandidatar Kalender

Arkiv: Utvalde artiklar: 200420052006200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024

Diskusjonar: 200720082009201020112012201320142015201620172018201920202021202220232024



I dag er det fredag, 26. april 2024Oppdater sida