Norsk inndeling av vitskapsdisiplinar
Norsk inndeling av vitskapsdisipliner er ein standard vedtatt av Universitets- og høgskolerådet i 1994 for klassifisering av vitskapleg forsking. Standarden blir brukt av norske universitetsbibliotek, opne institusjonsarkiv og ved rapportering av forskingsstatistikk. Inndelinga er ei inndeling av vitskapsdisiplinar, ikkje av undervisningsfag. Den er derfor ikkje organisert på same måte som faga blir undervist, eller etter korleis dei er organisert administrativt.
Standarden bygger på OECD-standardar, men er tilrettelagt for norske tilhøve, m.a. ved at det er mange kategoriar innan fiskeriforsking. Dessutan har OECD-standarden ikkje grupper for fag som tilbyr profesjonsutdanning.
I og med at kvar disiplin berre kan høyre til éin overkategori (hierarkisk inndeling), passar tverrfagleg og mellomfagleg forsking ikkje inn i standarden, og «bindestreksfag» må pressast inn i ein einskild kategori.
Inndelinga vart opphavleg publisert som Rapport nr. 3/94 frå Det norske universitetsråd, og har vorte revidert fleire gonger sidan.
Sjå også
endre- FRIDA, Forskingsresultat, informasjon og dokumentasjon av vitskaplege aktivitetar
- Nasjonal søketeneste for vitskapleg informasjon i opne institusjonelle arkiv, NORA
- NUS 2000, Statistisk sentralbyrås standard for utdanningsgruppering.
- Deweys desimalklassifikasjon
Inndelinga av standarden
endreHumaniora (010‑199)
endreSamfunnsvitskap (210‑399)
endreMatematikk og naturvitskap (410‑499)
endreTeknologi (510‑699)
endreMedisinske fag (710‑899)
endreLandbruks- og fiskerifag (910‑959)
endre900 | Landbruks- og fiskerifag |
910 | Landbruksfag |
911 | Planteforedling, hagebruk, plantevern, plantepatologi |
912 | Husdyravl, oppdrett, forplantning |
913 | Jordfag |
914 | Naturressursforvaltning |
915 | Skogbruk |
916 | Landbruksteknologi |
918 | Fôring |
919 | Andre landbruksfag |
920 | Fiskerifag |
921 | Ressursbiologi |
922 | Akvakultur |
923 | Fiskehelse |
924 | Fiskeriteknologi |
925 | Fangst |
929 | Andre fiskerifag |
950 | Klinisk veterinærmedisinske fag |
951 | Reproduksjon |
952 | Obstetrikk |
953 | Kirurgi |
954 | Indremedisin |