Opna hovudmenyen

Historia til Eurovision Song Contest

Historia til Eurovision Song Contest starta då Marcel Bezençon fekk ein idé i 1955, basert på italienske Festival della Canzone Italiana di Sanremo.

Den fyrste tevlinga fann stad 24. mai 1956 i den sveitsiske byen Lugano, der sju land deltok. Sidan den gong har fleire land delteke og på slutten av 90-talet har opp imot 40 land vore med samstundes. Det var slutten på den kalde kringen som fekk antalet deltakarland til å stige, då fleire og fleire austblokkland ville vere med. Dette fortsette fram til 2005, då Bulgaria og Moldova vart dei siste austblokklanda som meldte seg på.

Liechtenstein, Vatikanstaten og Kosovo er dei einaste europeiske landa som ikkje har delteke. I tillegg har ei rekkje ikkje-europeiske land delteke i tevlinga, mellom anna Israel og Marokko.

TevlingshistorieEndra

# Finale-
dato
År Kring-
kastar
Arena By Land Vinnar
01 24. mai 1956 SSR Teatro Kursaal   Lugano 7   Sveits
02 3. mars 1957 ARD Großer Sendesaal des
hessischen Rundfunks
  Frankfurt am Main 10   Nederland
03 12. mars 1958 NTS AVRO Studio   Hilversum 10   Frankrike
04 11. mars 1959 RTF Palais des Festivals   Cannes 11   Nederland
05 25. mars 1960 BBC Royal Festival Hall   London 13   Frankrike
06 18. mars 1961 RTF Palais des Festivals   Cannes 16   Luxembourg
07 18. mars 1962 CLT Villa Louvigny   Luxembourg 16   Frankrike
08 23. mars 1963 BBC BBC Television Centre   London 16   Danmark
09 21. mars 1964 DR Tivoli Concert Hall   København 16   Italia
10 20. mars 1965 RAI RAI Television Centre   Napoli 18   Luxembourg
11 5. mars 1966 CLT Villa Louvigny   Luxembourg 18   Austerrike
12 8. april 1967 ORF Hofburg Imperial Palace   Wien 17   Storbritannia
13 6. april 1968 BBC Royal Albert Hall   London 17   Spania
14 29. mars 1969 TVE Teatro Real   Madrid 16   Frankrike
  Nederland
  Spania
  Storbritannia
15 21. mars 1970 NOS RAI Congrescentrum   Amsterdam 12   Irland
16 3. april 1971 RTÉ Gaiety Theatre   Dublin 18   Monaco
17 25. mars 1972 BBC Usher Hall   Edinburgh 18   Luxembourg
18 7. april 1973 CLT Nouveau Théâtre Luxembourg   Luxembourg 17   Luxembourg
19 6. april 1974 BBC Brighton Dome   Brighton 17   Sverige
20 22. mars 1975 SR Sankt Eriks-Mässan   Stockholm 19   Nederland
21 3. april 1976 NOS Congresgebouw   Haag 18   Storbritannia
22 7. mai 1977 BBC Wembley Conference Centre   London 18   Frankrike
23 22. april 1978 TF1 Palais des Congrès   Paris 20   Israel
24 31. mars 1979 IBA Merkaz HaKongresim
HaBeinLeumi
  Jerusalem 19   Israel
25 19. april 1980 NOS Congresgebouw   Haag 19   Irland
26 4. april 1981 RTÉ Royal Dublin Society   Dublin 20   Storbritannia
27 24. april 1982 BBC Harrogate International Centre   Harrogate 18   Vest-Tyskland
28 23. april 1983 ARD Rudi-Sedlmayer-Halle   München 20   Luxembourg
29 5. mai 1984 CLT Théâtre Municipal   Luxembourg 19   Sverige
30 4. mai 1985 SVT Scandinavium   Göteborg 19   Noreg
31 3. mai 1986 NRK Grieghallen   Bergen 20   Belgia
32 9. mai 1987 RTBF Centenary Palace   Brussel 22   Irland
33 30. april 1988 RTÉ Royal Dublin Society   Dublin 21   Sveits
34 6. mai 1989 SSR Palais de Beaulieu   Lausanne 22   Jugoslavia
35 5. mai 1990 JRT Koncertna dvorana
Vatroslav Lisinski
  Zagreb 22   Italia
36 4. mai 1991 RAI Studio 15 di Cinecittà   Roma 22   Sverige
37 9. mai 1992 SVT Malmö Isstadion   Malmö 23   Irland
38 15. mai 1993 RTÉ Green Glens Arena   Millstreet 25   Irland
39 1. mai 1994 RTÉ Point Depot   Dublin 25   Irland
40 13. mai 1995 RTÉ Point Depot   Dublin 23   Noreg
41 18. mai 1996 NRK Oslo Spektrum   Oslo 23   Irland
42 3. mai 1997 RTÉ Point Depot   Dublin 25   Storbritannia
43 9. mai 1998 BBC National Indoor Arena   Birmingham 25   Israel
44 29. mai 1999 IBA Merkaz HaKongresim
HaBeinLeumi
  Jerusalem 23   Sverige
45 13. mai 2000 SVT Globen   Stockholm 24   Danmark
46 12. mai 2001 DR Parken   København 23   Estland
47 25. mai 2002 ETV Saku Suurhall   Tallinn 24   Latvia
48 24. mai 2003 LTV Olimpiskā Skonto halle   Riga 26   Tyrkia
49 15. mai 2004 TRT Abdi İpekçi Arena   Istanbul 36   Ukraina
50 21. mai 2005 NTU Kyivskyi Palats Sportu   Kiev 39   Hellas
51 20. mai 2006 ERT Olymbiakό Kleistό Gymnastírio   Aten 37   Finland
52 12. mai 2007 YLE Hartwall-areena   Helsingfors 42   Serbia
53 24. mai 2008 RTS Beogradska arena   Beograd 43   Russland
54 16. mai 2009 C1R Olimpijskij   Moskva 42   Noreg
55 29. mai 2010 NRK Telenor Arena   Bærum 39   Tyskland
56 14. mai 2011 NDR Düsseldorf Arena   Düsseldorf 43   Aserbajdsjan
57 26. mai 2012 İTV Bakı Kristal Zalı   Baku 42   Sverige
58 18. mai 2013 SVT Malmö Arena   Malmö 42[1]

Etter årEndra

1956Endra

Eurovision Song Contest 1956 i Lugano i Sveits var den fyrste utgåva av tevlinga. Nederland, Sveits, Belgia, Vest-Tyskland, Frankrike, Luxembourg og Italia deltok med to songar kvar. Austerrike, Danmark og Storbritannia fekk ikkje vere med av di dei melte seg på for seint. Vinnaren var Sveits med «Refrain» av Lys Assia, røysta fram av ein jury bestående av to delegatar frå alle deltagerlanda, med unntak av Luxembourg, som lét delegatane frå Sveits røyste for seg. Dette vart stadfesta av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Jurymedlemmane stod fritt til å røyste på dei songane dei likte best, òg songar frå sitt eige land. Røystegjevinga til juryen vart aldri presentert i programmet; ein talsmann kunngjorde ganske enkelt at Sveits hadde vunne. Det finst berre radioopptak av tevlinga, sjølv om det var fjernsynskameraer tilstade. Tevlinga varte i éin time og 40 minutt.[2]

1957Endra

Eurovision Song Contest 1957 i Frankfurt am Main i Vest-Tyskland var den andre utgåva av tevlinga. Vest-Tyskland vart valt som vertsland av di sedvanen der vinnaren tar på seg arrangementet året etter ikkje var skipa på dette tidspunktet. I staden var det meininga at arrangementet skulle gå på rundgang mellom landa, men ettersom stadig fleire land meldte seg på tevlinga, vart ei slik ordning upraktisk. Storbritannia, Austerrike og Danmark deltok i tevlinga for fyrste gong. Vinnaren var Nederland med «Net als toen» av Corry Brokken, røysta fram av ti jurymedlemmar frå kvart deltakarland. Jurymedlemmane kunne ikkje røyste på sitt eige land og resultata vart offentleggjort til slutt. Kvart land deltok berre med éin song kvar, noko som har vorte gjort sidan. Det var stort sprik i lengda på dei ulike bidraga til landa. Ytterpunkta var det italienske og britiske bidraget som varte i høvesvis fem minutt og ni sekund og eitt minutt og 52 sekund. Reglane antyda at bidraga ikkje burde overskride tre minutt. Italia vart likevel ikkje diskvalifisert, trass sterke protestar. Då Birthe Wilke og Gustav Winckler hadde sunge songen «Skibet skal sejle i nat», tungekyssa dei i heile elleve sekund, noko som er veldeg lenge for ein direktesending.[3]

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Ikkje stadfesta. Antal deltakarland kan verte heilt opp imot om lag 46.
  2. the show «Eurovision Song Contest 1956 - About the show» Check |url= value (hjelp) (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 25. november 2012. 
  3. the show «Eurovision Song Contest 1957 - About the show» Check |url= value (hjelp) (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 25. november 2012. 

BakgrunnsstoffEndra