Tidslinje over norsk historie
Tidslinje over norsk historie tek for seg viktige tidspunkt og hendingar som kan knytast til det området Noreg utgjer i dag.
Frå eldre steinalder til vikingtida
endre- 10.000-4000 f.Kr. Eldre steinalder. Folk lever av jakt, fangst og fiske. Veideristningar.
- 10.500 f.Kr. Blomvåg-funnet i Øygarden kommune. Dei eldste sannsynlege spora etter menneske. – Kyststrøka er blitt isfrie. Funn avkrefta som spor etter menneske.
- 9500 f.Kr. Sarnes-funnet på Magerøya i Finnmark. Dei eldste sikre spora etter menneske.
- 9000 f.Kr. Rennesøy-funnet i Rogaland. Dei eldste sikre spora etter ein buplass.
- 9000 - 8000 f.Kr. Ein ny isbre dekkjer det meste av landet.
- 8000 f.Kr Klimaet blir varmare. Samanhengande busetnad i heile landet. Komsakultur i nord, fosnakultur i sør.
- 7000-4000 f.Kr. Nøstvetkultur. Slipte økser. – Grønstein-brot på Hespriholmen ved Bømlo, Noregs første industriverksemd.
- 4200-3600 f.Kr. Helleristningane i Alta.
- 4000 f.Kr. Jegerfolka i nord tek i bruk keramikk og reiskapar av skifer.
- 4000-1800 f.Kr. Yngre steinalder. Jordbrukskultur breier seg i Sør-Noreg.
- 2000 f.Kr. Jordbruket hovudnæring i Sør-Noreg. Dei første gardane.
- 1800-500 f.Kr. Bronsealderen. Lagdelt samfunn med mektig høvdingklasse. Store gravrøyser. – Jordbruksristningar. – Havgåande båtar med padleårar.
- 500 f.Kr.-0 Keltisk jernalder. – Kjøligare klima. – Keltarane gjev oss kunnskapen om jernet. – Gardstun med langhus. – Dei døde blir brende.
- ca. 500 f.Kr. Eldste spor etter samisk busetnad.
- ca. 325 f.Kr. Pyteas frå Massilia (Marseilles) skildrar ei reise til Thule (truleg Nord-Noreg).
- 0-400 e.Kr. Romersk jernalder. Samfunnet blir på nytt meir lagdelt, høvdingdømme veks fram. Rike gravfunn.
- ca. 100 Tacitus skildrar folket «fenni», som bur lengst mot nord (truleg samar).
- ca. 200 Stabu-innskrifta frå Toten. Truleg den eldste innskrifta på urnordisk språk.
- 400-600 Folkevandringstida. Bygdeborger. Store gravhaugar.
- 500-800 Synkopetida. Språket endrar seg frå urnordisk til norrønt.
- 542 Den justinianske pesten, rammar truleg også Noreg. Nedgang i folketalet.
- ca. 550 Jordanes omtalar dei norske stammene ranrikingar, romerikingar, grenar, egder, øyryger, adalryger, hordar og raumar. – Prokopios skildrar øya Thule og folka som bur der.
- 600-800 Merovingartida. Vikingskipet blir utvikla.
Vikingtida (ca. 800-1066)
endre- 793 Vikingar plyndrar klosteret på den engelske øya Lindisfarne.
- 813 Vestfoldingar gjer opprør mot etterkomarane etter danekongen Godtfred, men blir slått ned.
- 838 Norske vikingar tek til å overvintra i Irland.
- ca. 858 Halvdan Svarte går gjennom isen på Randsfjorden og druknar.
- 870-930 Landnåmstida på Island.
- ca. 872 Harald Hårfagre slår småkongane ved Hafrsfjord og blir den første rikskongen.[1] Set årmenn til å styra kongsgardane, som blir spira til krongodset. Vestlandet er hovudbasisen hans.
- ca. 880 Ottar frå Hålogaland gjestar kong Alfred av England og fortel om reisene sine.
- ca. 924 Harald sender sonen Håkon til oppfostring hos kong Adalstein av England.
- ca. 932 Harald døyr og sonen Eirik Blodøks blir konge.
- ca. 934 Eirik rømjer frå landet. Håkon den gode (Adalsteinfostre) blir konge. – Håkon gjer Gulatinget og Frostatinget om til representasjonsting og byggjer ut leidangen.
- ca. 961 Håkon den gode døyr etter slaget på Fitjar mot Eirikssønene, som er støtta av danskekongen Harald Blåtann.
- 980-åra Eirik Raude, opphavleg frå Rogaland, startar den norrøne busetjinga på Grønland.
- 995 Olav Tryggvason blir konge i Noreg. Grunnlegg den første kyrkja på Moster og startar kristninga av landet.
- 1000 Leiv Eiriksson reiser frå Grønland til «Vinland» (truleg Newfoundland). – Alltinget på Island vedtar kristendommen etter press frå Olav Tryggvason. – Olav Tryggvason fell i slaget ved Svolder.
- 1015 Olav Haraldsson (den heilage) blir konge i Noreg. Styrkjer årmennene og knyter til seg mektige menn som lendmenn.
- 1024 Mostratinget. Olav kallar saman eit riks- og kyrkjemøte på Moster der ei rekkje reglar for kristenhaldet blir slått fast. Den norrøne gudstrua blir forboden.
- 1027 Olav let drepa Erling Skjalgsson, den mektigaste mannen på Vestlandet.
- 1028 Olav rømmer til Gardarike etter at danskekongen Knut den mektige gjer krav på Noreg.
- 1030 Olav fell på Stiklestad (29/7). Svein Alfivason styrer Noreg på vegner av faren Knut den mektige.
- 1031 Liket av Olav blir grave opp og lagt i eit skrin i Klemenskyrkja i Nidaros. Han blir kåra til helgen og blir snart dyrka som «Noregs evige konge».
- 1035 Kalv Arnesson og Einar Tambarskjelve hentar Magnus Olavsson heim frå Gardarike. Han blir teken til konge.
- 1066 Harald Hardråde fell ved Stamford bru i England.
Mellomalderen 1066-1536
endre- 1130 Borgarkrigstida tek til.
- 1152 Nidaros blir erkebispesete.
- 1163 Magnus Erlingsson blir krona til konge. Første kongekroninga i Norden.
- 1241 Snorre Sturlason blir drepen på oppdrag frå kong Håkon Håkonsson.
- 1260-åra Island og Grønland kjem under den norske krona.
- 1274 Magnus Lagabøtes landslov.
- 1319-1343 Svensk-norsk union markerer byrjinga på unionstida.
- 1349 Svartedauden kjem til Noreg.
- 1380-1814 Noreg og Danmark i union.
- 1397 Kalmarunionen mellom Danmark, Sverige og Noreg, etter initiativ frå dronning Margreta.
- ca. 1450 Reisene til Grønland tek slutt.
1536-1814
endre- 1536-37 Reformasjonen blir innført i Noreg.
- 1645 Freden i Brømsebro.
- 1660 Freden i København. – Eineveldet blir innført i Danmark-Noreg.
- 1807 «Flåteranet» i København fører Danmark-Noreg inn på fransk side i Napoleons-krigane.
- 1811 Universitet i Kristiania.
1814-1905
endre- 1814 Noreg får eiga grunnlov. Union med Sverige.
- 1837 Formannskapslovene. Kommunalt sjølvstyre.
- 1840-åra Tekstilindustri ved Akerselva og rundt Bergen. – «Det nasjonale gjennombrotet», innsamling av folkedikting, folketonar, dialektar med meir.
- 1848-51 Thrane-rørsla krev allmenn røysterett og betre kår for underklassen. Leiarane fengsla.
- 1854 Eidsvoll-banen, den første jernbanen.
- 1860 Lov om allmugeskule på landet.
- 1860-åra Masseutvandringa til Amerika tek til.
- 1875-1890 «Det moderne gjennombrotet». Realisme og naturalisme i kunst og dikting.
- 1881 Trelastarbeidarane i Drammen streikar. Ein ung gut blir drepen i samanstøyt med soldatar (24/6).
- 1884 Parlamentarisme. – Venstre og Høgre blir skipa.
- 1885 Landsmål og riksmål blir jamstilte.
- 1887 Det norske arbeidarpartiet (DNA eller Ap) blir skipa.
- 1889 Lov om folkeskule. – Fyrstikkarbeidar-streiken.
- 1892 Lov om barnearbeid. Fabrikkinspektørar.
- 1894 Lov om ulykkestrygd for industriarbeidarar.
- 1896 Første kinoframsyninga.
- 1898 Allmenn røysterett for menn.
- 1899 Landsorganisasjonen (LO) blir skipa.
- 1900 Norsk Arbeidsgiverforbund (NAF, i dag NHO) blir skipa.
- 1904 Det norske Aktieselskap for elektro-kemisk Industri startar salpeterproduksjon på Notodden.
1905-1940
endre- 1905 Noreg går ut av unionen med Sverige. Håkon 7. blir konge.
- 1907 Riksmålet blir reformert og skil lag med dansk rettskriving.
- 1908 Menighetsfakultetet blir skipa i Kristiania.
- 1909 Konsesjonslovene.
- 1911 Roald Amundsen når Sørpolen.
- 1913 Allmenn røysterett for kvinner.
- 1914-1918 Første verdskrigen. Over 800 norske skip går tapt under den tyske ubåtkrigen. 2000 norske sjøfolk misser livet.
- 1915 Dei «castbergske barnelovene» sikrar rettane til born fødd utanfor ekteskap.
- 1916 Forbod mot sal av brennevin. (Oppheva ved folkerøysting 1926).
- 1918 Over 7000 døyr i spanskesjuka. – Ei ny, revolusjonær retning vinn fleirtal på landsmøtet i Arbeidarpartiet.
- 1919 Arbeidarpartiet melder seg inn i Komintern. – Lover om åtte timars arbeidsdag og ei vekes ferie med løn for industriarbeidarar. – Ny valordning som byggjer på forholdstalsprinsippet.
- 1920-28 Paripolitikken fører til økonomiske vanskar for mange.
- 1920 Bondepartiet (i dag Senterpartiet) skipa.
- 1921 Høgrefløyen i Arbeidarpartiet bryt ut og skipar Norges Socialdemokratiske Parti. – Over 150.000 arbeidarar i streik.
- 1922 Fritjof Nansen får Nobels fredspris.
- 1923 Første radiosendinga. – Arbeidarpartiet går ut av Komintern. – Norges Kommunistiske Parti (NKP) skipa.
- 1924 Arbeidernes Idrettsforbund (AIF) skipa. – Katti Anker Møller tek initiativ til det første mødrehygienekontoret i Oslo.
- 1925 Norsk suverenitet over Svalbard.
- 1927 «Tukthuslova» vernar streikebrytarar. – Samlingskongress der Arbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Parti og delar av NKP blir samde om eit felles program. – Arbeidarpartiet blir det største partiet på Stortinget.
- 1928 Christopher Hornsrud skipar den første Arbeidarparti-regjeringa. Felt etter to veker.
- 1931 Noreg okkuperer Aust-Grønland. – Storkonflikt i arbeidslivet. Menstad-slaget. – Skulefrukost blir innført i Oslo.
- 1932 Legen Karl Evang gir ut bladet Tidsskrift for seksuell opplysning.
- 1933 Nasjonal Samling og Kristeleg Folkeparti blir skipa.
- 1934 Lov om sterilisering.
- 1935 Arbeidarpartiet og Bondepartiet blir samde om eit kriseforlik. – Johan Nygårdsvold frå Arbeidarpartiet skipar regjering med støtte frå Bondepariet. – LO og NAF samde om ein hovudavtale.
- 1936 Lov om alderstrygd.
- 1938 Lov om arbeidsløysetrygd. – Råfisklova.
- 1939 Andre verdskrigen. Både Frankrike, Storbritannia og Tyskland vurderer aksjonar i Noreg. – Norsk nøytralitet under sterkt press. – Vidkun Quisling vitjar Hitler i Berlin (desember).
Okkupasjonstida 1940-45
endre- For meir om dette emnet, sjå Noreg under andre verdskrigen.
- 1940 Storbritannia legg ut miner langs norskekysten (8/4). – Slagskipet «Blücher» blir senka ved Oscarsborg. Tyskland okkuperer Oslo og ei rekkje byar. Quisling gjer «radiokupp» (9/4). – Quisling trekkjer seg attende og blir avløyst av Administrasjonsrådet, som vert utnemnt av Høgsterett (15/4). – Felttoget mot okkupasjonsstyrkane varer i fire veker, 9/4-10/6. – Kongen og regjeringa flyktar til London (7/6). – Riksråds-forhandlingane (juni-september). – Rikskommisær Josef Terboven utnemner ei regjering som består av 10 NS-medlemmer og tre personar til. Alle andre parti blir forbodne. Administrasjonsrådet blir oppløyst (21/9).
- 1942 Statsakta på Akershus. Qusling blir ministerpresident for ei NS-regjering (1/2). – Unntakstilstand i Trøndelag og på Helgeland. 34 personar blir skotne. – Den vesle bygda Telavåg på Sotra blir brend ned, alle menn sende til konsentrasjonsleir i Tyskland, der 31 døyr. – Norsk politi og NS-folk set i gang massearrestasjonar av norske jødar. 759 jødar blir sende til Auschwitz, 25 overlever.
- 1944 Russarane frigjer Aust-Finnmark (Sør-Varanger). Tyskarane tek i bruk «den brende jords taktikk».
- 1945 Dei tyske styrkane kapitulerer (8/5). – Qusling blir dømd til døden for landssvik og skoten på Akershus festning (24/10). I alt blir 25 personar avretta for landssvik.
1945 til i dag
endre- 1945-1965 «Gerhardsen-perioden» (Arbeidarpartiet har regjeringsmakta i heile perioden minus 3 veker i 1963.)
- 1945 Alle parti går til val på «Fellesprogrammet». – Kirsten Hansteen frå NKP blir Noregs første kvinnelege statsråd.
- 1946 SAS skipa.
- 1947 1. mai blir offentleg høgtidsdag og lovfesta fridag.
- 1948 Stortinget vedtek å ta imot Marshall-hjelpa.
- 1949 Noreg går med i forsvarsalliansen NATO.
- 1950 Nord-Noreg-planen vedteken. Statsstøtte til bedrifter som vil slå seg ned i landsdelen.
- 1952 Nordisk Råd skipa.
- 1960 Distriktsutbyggingsfondet vart oppretta. – Noreg med i frihandelsorganisasjonen EFTA.
- 1961 Sosialistisk Folkeparti (SF) blir skipa av utbrytarar frå Arbeidarpartiet. – Ingrid Bjerkås, den første kvinnelege presten, blir ordinert.
- 1962 Norsk utviklingshjelp skipa.
- 1963 Kings Bay-ulukka på Svalbard. – John Lyng frå Høgre skipar ei borgarleg koalisjonsregjering som blir felt etter tre veker.
- 1965 Per Borten frå Senterpartiet skipar ei borgarleg koalisjonsregjering.
- 1967 Folketrygda blir innført.
- 1969 Dei første oljefunna på Ekofisk-feltet. – Obligatorisk niårig skule blir innført. – Ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti, SUF, bryt ut av partiet.
- 1970 Nyfeministgrupper blir skipa. Kvinnefronten tek initiativ til 8. mars-tog.
- 1972 Folkerøysting om norsk medlemskap i EF (i dag EU). Knapt nei-fleirtal.
- 1973 SF, NKP og utbrytarar frå Ap skipar valsambandet Sosialistisk Valforbund. Etter at mange frå NKP gjekk ut, vart denne grupperinga til eit nytt parti, Sosialistisk Venstreparti. – Marxist-leninistane skipar Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) (AKP-ml) og stiller til val gjenom Raud Valallianse (RV), i dag partiet Raudt. – Anders Lange skipar Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter og avgifter (ALP), i dag Framstegspartiet (FRP).
- 1977 Ukontrollert utblåsing på Ekofisk-feltet (Bravo-utblåsinga).
- 1978 Lov om sjølvvald abort vedteken. Det første krisesenteret for mishandla kvinner oppretta i Oslo.
- 1980 Bustadplattforma Alexander Kielland havarerer og 123 personar misser livet.
- 1980-82 Strid om utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget.
- 1981 Kåre Willoch frå Høgre skipar regjering. Innleier ei høgre-bølge prega av nyliberalisme.
- 1986 Gro Harlem Brundtland frå Arbeidarpartiet skipar regjering med åtte kvinnelege statsrådar.
- 1988 Sametinget skipa.
- 1994 Ny folkerøysting om norsk medlemskap i EU. Nei-sida sigra for andre gong.
Fotnotar
endre- ↑ Etter Snorre si tidfesting. Fleire moderne historikarar har hevda at slaget må ha funne stad noko seinare.