Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Norske fylke og kommunar
Velkommen til wikiprosjektet om norske fylke og kommunar! Dette er til for å samordna og standardisera artiklar. Nå har alle kommunane fått ein artikkel, om ikkje anna ei spire. På denne sida kan me diskutera kva som må gjerast frå no av og kva som er viktig for prosjektet vårt.
Dette må gjerast
endreTekst
endreKva tykkjer de teksten skal innehalde. Geografi, næring, osb. Kommunevåpen. Kva slags undertitlar bør ein ha?
Bilete
endreKorleis kan ein best få tak i bilete? Eg hadde ein idé om at når wikipediaen vår har vokse litt, kan me skriva til dei enkelte kommunane og spør dei om dei har bilete dei kan tenkje seg å sleppa ut i det frie (altså utan opphavsrett), eller om dei vil utlysa ein fotokonkurranse kanskje. Det er jo god reklame for kommunane òg.
- Dette er ein god idé! Det burde òg gå an å snakka med skular, lokalaviser og kanskje lokale lag for å få meir av både stoff og bilete. -- Ranveig 12:45, 23 Oct 2004 (UTC)
- Det er viktig at me i så fall spesifiserer kva slag type bilete som kan vera gode. Det er vel først og fremst bilete som typifiserer kommunen som er interessante, som til dømes særskilt arkitektur, gatebilete, bilete frå industri, natur osb. Eg trur at dette kan verta ein måte å spreia wikipedia-ordet til dei ulike grendene òg - viss me får folk interesserte ved at dei tek del i å skriva og ta bilete for artikkelen om sin eigen heimstad, så vert dei vonleg interesserte i prosjektet i det heile teke. BjarteSorensen 14:00, 23 Oct 2004 (UTC)
- Det er mogleg at eg tek feil, men per i dag jobbar eg i ei kommune som har planar om å oppdatere nettsidene sine. I den samanhang vart det sagt at ein berre kunne kopiere felles informasjon frå andre kommuner, då informasjon lagt ut av det offentlege per definisjon er, vel, offentleg. Det var då snakk om tekst, men det gjeld sikkert også bilete? Hmm, forresten, ser at det er ein diskusjon om dette på Commons, då hovudsakleg om kommunevåpen, men der er eit par kommentarar der som omhandlar det generiske tilfellet.Larsivi 07:25, 25 Feb 2005 (CET)
Infoboksar
endreSjå Template:Infoboks kommune og Template:Infoboks fylke
Nå ligg òg målform inne på infoboksen, i tillegg til kommunenummer og alle dei andre. Sjå til dømes Alta for eit eksempel på ein full infoboks, eller Vestvågøy for ein infoboks for kommunar med namn som ikkje følgjer namngjevnadsmønstere til kommunevåpenfilene.
Eit problem ser ut til å vera at dersom nokre av parametrane manglar i sjølve artikkelen (tildømes manglar målform=Nynorsk), vert det krøll i systemet og noko av malkodinga vert liggande og flyta i sjølve teksten. Eg har retta opp i alle kommunane i Nord-Noreg og Trøndelag. Det går relativt fort å greit dersom ein opnar alle kommunane i ein nettlesar med tab-funksjon, og gjer ein ting om gongen, deretter lagrar alle på ein gong. Eg orsakar bryet, og at det kjem til å sjå litt stygt ut fram til me får fiksa dette! :( Bjarte 12. mar 2005 kl. 0545 (UTC)
Desse fylka har eg ennå ikkje sjekka for infoboksinformasjon: Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Vestfold, Akershus, Østfold Bjarte 16. mar 2005 kl. 1209 (UTC)
- Eit velmeint, lite råd: Viss ein gjer endringar i infoboks-malen (eller andre wikipedia-malar) som gjer at eksisterande bruk av malen gjer artiklane stygge, bør ein vera varsam dersom ein ikkje har tid til å oppdatera alle artiklar som brukar malen. I staden for å endra malen og seia at artiklane "kjem til å sjå litt stygge ut ei tid," kan ein t.d. laga ein oppdatert mal under eit nytt namn, og i ro og mak oppdatera artiklane til å bruka den. (Når alle artiklane er oppdaterte med korrekte parametrar, kan ein eventuelt leggja den nye malen inn på den gamle sin plass og ta det gamle mal-namnet i bruk att.)
- --Verdlanco (diskusjon) 18. mar 2005 kl. 0750 (UTC)
- Ja, eg er samd og du gjorde jo noko med det, så då er vel alt vel? :) Alle endringane er i boks no og me nyttar no den nye Mal:Infoboks_kommune. Bjarte 18. mar 2005 kl. 1206 (UTC)
Desse manglar ennå infoboksar
endreBjerkreim, Bokn. Bjarte 16. mar 2005 kl. 1209 (UTC) Midsund, Nesset, Sandøy, Vestnes Bjarte 17. mar 2005 kl. 1145 (UTC)
- Alle kommunar skal no (i teorien) ha infoboksar. Neste steg vert å fylla på med informasjon og bilete ... --Gunnernett 17. mar 2005 kl. 1950 (UTC)
- Flott innsats alle mann! :) Bjarte 18. mar 2005 kl. 0529 (UTC)
Omdirigeringar
endreAlle kommunar blir lagra under [[Kommunenamn]]. Dei må alle ha redirect frå [[Kommunenamn kommune]]. Dette blir litt arbeid!
- Nokre kommunar, iallfall Volda, Ørsta og Sykkylven har tettstaden med same namn som senter. I desse tilfelle bør vel kommune sida heite <kommunenamn> kommune, sjølve namnet vere ei fleirtydingsside og tettstaden ei anna side, til dømes Volda i Volda kommune. Synspunkt? -- Larsivi 17. mar 2005 kl. 1417 (UTC)
- Berre kommunenamnet, til dømes Volda, bør peike rett til kommunen ettersom dette er ei større og viktigare eining enn tettstaden (med "viktigare" meiner eg at fleire vil leite etter denne og at det finst meir informasjon om kommunen). For meg kan han likevel godt gjera dette ved å vera ei omdirigering til Volda kommune. Dersom me treng eigen artikkel for tettstaden, kan denne til dømes ligga under tettstaden Volda, eller bygda eitelleranna der dette passar. -- Ranveig 17. mar 2005 kl. 1709 (UTC)
- Hmm. Eg har òg lurt litt på dette. Det gjeld sikkert halvparten av kommunane, skulle eg tru. Som eit døme er både storenorskeleksikon.no og caplex.no inkonsekvente her. Slår du opp Stavanger, får du ein artikkel om kommunen Stavanger, og det vert nemnd at Stavanger er òg administrasjonssenteret. Det fins ingen artikkel om byen Stavanger. Dersom du slår opp Bryne, får du vita at dette er ein tettstad på Jæren og "sentrum i Time kommune". Her kan me bli betre enn dei. På den andre sida må me i så fall bli konsekvente på kva me skriv i dei ulike artiklane, elles blir det mykje unødvendig overlapping. Når det gjeld Stavanger trur eg det kan vera vanskeleg å skilja dei to, dei faktiske grensene til byen følgjer kommunegrensa (og dei praktiske grensene går kanskje noko utanfor til og med dersom du ser på busetjingsmønsteret, medan Stavanger sentrum kan definerast som ein nokså liten del av Stavanger kommune sitt areal). Når det gjeld Time, er det mogleg det er lettare, sidan mykje av arealet i kommunen ligg utanfor Bryne sentrum. Kanskje ting som byhistorie høyrer til på ein Stavanger (by)-artikkel, medan bydelar, politikk og kommunalhistorie høyrer til på Stavanger kommune? Ikkje veit eg. Koss blir dette med Volda? Bjarte 18. mar 2005 kl. 0621 (UTC)
- Volda kommune har iallfall altfor stort areal til å kunne seiast å tilsvare tettstaden. Trondheim er eit anna eksempel. Kommunegrensa sør om byen går på Klett, medan bygrensa (med skilt og greier) går på Tempe 10-15 kilometer nærare sentrum. Ettersom Trondheim som kommune har mykje historie (samanslåtte kommunar med meir) som ikkje er relevant for byen, trur eg at det fort kan verte mykje søl dersom ein skal skrive om det i samme artikkel. Kanskje artiklar som Trondheim by kan vere noko? Iallfall stadar der by-tillegget har vore brukt litt. Dette går sjølvsagt ikkje for kommunesenter som ikkje er by :) -- Larsivi 18. mar 2005 kl. 0645 (UTC)
- Akkurat. Eg tykkjer det høyrest ut som ei god løysing å skriva om Trondheim by eller Stavanger by. Når det gjeld bygrenser, har vel ofte desse (i Noreg) vore definert av kyrkjesokn? Faktisk vart vel mange av byane til rundt ei kyrkje, mellom anna både Nidaros og Stavanger. Frå gammalt av kunne ein nok seia at Stavanger by var den delen av byen som høyrte til under Domkyrkja sitt sokn. Ved ein kongeleg resolusjon vart dette soknet delt i to på slutten av 1800-talet [1]. No trur eg nok at definisjonen av Stavanger i folk flest sine auger ligg nærare til kommunedefinisjonen likevel. Folk som bur på stader som ligg 5-10 kilometer utanfor sentrum vil seia dei bur i Stavanger og at dei høyrer til der, medan for hundre år sidan ville dei nok ikkje sagt det. Men nett slike forandringar kan ein skriva om i Stavanger by-artikkelen, medan ein sjølvsagt lenkjer til Stavanger kommune-artikkelen (og omvendt). Dette kan bli spanande :). Eg reknar med Trondheim-artiklane får ein liknande vri. Sjølv Tempe vart vel ikkje rekna som ein del av Nidaros for tusen år sidan, sjølv om dei som bur der no kanskje reknar seg som Trondheimsbuar. Dess meir eg tenkjer på det, dess klarare blir skiljet. Eit anna poeng er til dømes at Trondheim kommune som administrativ eining ikkje er noko særs gammal samanlikna med Trondheim by. Dei administrative einingane før var vel nettopp kyrkjesokn, prestegjeld, prosti og bispedømme - kyrkje og stat hang mykje tettare i hop den gong. Når det gjeld mange av tettstadane i Noreg, ligg vel dei like ofte rundt ein gard med same namn som rundt eit kyrkjesokn. Me kan faktisk komma i den situasjonen at ein har tre artiklar, ein for kommunen, ein for tettstaden og ein for garden. Så eg er for ei løysing der me har ei fleirtydingsside for alle kommunar som har same namn som adminsitrasjonssenteret (og evt. garden). Bjarte 18. mar 2005 kl. 0718 (UTC)
- Altså, Trondheim er en bykommune. Hvis dere skal drive og definere hva som er by og ikke by i Trondheim blir det hele svært meningsløst. Den bygrensa dere snakker om her har heller ingen sammenheng med kjøpstaden (som for øvrig også forandret utstrekning mange ganger) ettersom den ligger langt inn i Strinda ved Leangen mot øst i disse dager. I alle fall skiltvis. De som bor i Trondheim kommune kommer fra Trondheim, men fra forskjellige bydeler. Jeg skjønner ikke at dette skal være et problem og ville forkastet alle de merkelige forslagene her som f. eks. Trondheim by osv. Trondheim er Trondheim, og under Trondheim kan forskjellige bydeler listes opp. Værre er det ikke. For eksempel er Ranheim en bydel i Trondheim i tidligere Strinda kommune, som ble innlemmet i Trondheim kommune i 1964. Trondheim kommune og Trondheim er selvfølgelig det samme! Forestill deg å ta denne diskusjonen om Oslo. Da hadde vel pipa fått en annen lyd tenker jeg.
Eg har nye spørsmål som omhandlar mykje det same som diskusjonen over, men frå ein annan vinkel. Eg held på å lage ei liste over gardar i Herøy, då eg oppdaga at mange av sidene allereie eksisterte. Grunnen er at mange stadsnamn i Noreg er "generiske" og er brukt om fleire stadar som elles ikkje har noko tilknytning til kvarandre. Til dømes er det ein gard i Herøy som heiter Kvalsund, og som ein kan sjå av lenkja er dette også ei kommune i Finnmark. Dilemmaet her er at kommunen Kvalsund er ein mykje større (og dermed kanskje viktigare) eining, men ein som er ute etter staden Kvalsund i Herøy, vil måtte leite litt dersom han skriv inn Kvalsund i Vis-boksen. No hastar det ikkje før eg (eller andre) faktisk skriv om gardane det gjeld (4 stk, to er kommunar, to er større tettstadar), men skal vi ha fleirtydingssider i desse tilfella? -- Larsivi 23. mar 2005 kl. 0713 (UTC)
- Tja, det kan me kanskje? Men det ein kan gjera òg er å leggja ein link til fleirtydingssida øvst i den "viktigaste" artikkelen. Ta ein titt på en:Sydney, byen eg bur i. Dei fleste tenkjer nok på Australia, men eg er sikker på at det paret frå England som endte opp i vinterslege en:Sydney, Nova Scotia når dei eigentleg ville til Australia har fått seg ein lærepenge :) Eg stemmer for en:Sydney-løysinga Bjarte 23. mar 2005 kl. 0748 (UTC)
- Grei løysing for meg det. Men korleis var det med namnet på fleirtydingssider, igjen? Bruker vi då Kvalsund (fleirtydingsside)? -- Larsivi 23. mar 2005 kl. 0754 (UTC)
- Det tykkjer eg passar fint i dette tilfellet. Eg ser det har vore ein diskusjon om bruken av "fleirtydingsside" på Wikipedia:Samfunnshuset#Politikk_for_namngjeving.2C_fleirtyding_og_flytting i ein periode då eg var vekke, men det ser ikkje ut til at ein vart samde om noko. Du kan uansett gjere det enn så lenge, så kan me endra det seinare om det skulle trengast.Bjarte 23. mar 2005 kl. 0805 (UTC)
- Etter å ha tenkt litt og sett fleire døme på det samme; Årdal og Førde, meiner eg no at det ukvalifiserte namnet, td Kvalsund skal vere ei fleirtydingsside og at Kvalsund kommune vert det nye namnet på den eksisterande. Dersom namnet også er noko anna enn ein norsk stad, til dømes Sola, vert det ein annan diskusjon. Grunnen til at eg meiner som eg gjer, er at ein med ei fleirtydingsside på hovudnamnet har alle peikarane ein stad. Dersom ein har fleirtydingsside på Kvalsund (fleirtydingsside) må ein ha peikarar tilbake frå "alle" sidene med Kvalsund. I tillegg vil det vere unaturleg å skrive om etternamnet Kvalsund i artikkelen om kommuna, når mesteparten som har det sannsynlegvis er frå Kvalsund i Herøy i Møre og Romsdal (ei rimeleg stor bygd). Difor vert det best å ha ei kombinert fleirtydingsside/etternamnsside på Kvalsund. Å ha peikarar til andre sider med samme namn i ein "Sjå òg"-bolk vert enda verre då ein risikerar at den forsvinn ut av hovudbiletet når artikkelen vert lang. Eg ynskjer å ha forslaget mitt over som fast politikk for norske stader. Meiningar? -- Larsivi 3. apr 2005 kl. 2027 (UTC)
Interne ressursar
endreEksterne ressursar
endre- Kommunenøkkelen har no forbetra heimesidene sine, og inneheld no kommunenummer, besøksadresse, postadresse, postnr./-stad, rådmann, ordførar, telefon, telefaks, e-post og webadresse. Dette ser også ut til å vera den mest oppdaterte kjelda for ordførarnamn (mange har endra seg etter valet i 2003, sjå nedanfor), men ein får ikkje vita ordførarparti her.
- NRK.no - Valg 2003: Har informasjon om resultata frå kvart kommuneval, inkludert kven som vart ordførar og partiet. Kan vera ei god kjelde for å finna ut kva parti ein ordførar høyrer til, sjølv om ordføraren er ein annan enn den som vart vald - dei stilde ofte til val og vert omtala i artikkelen.
- www.noreg.no - Kommunane opplista pluss lenkje til dei offisielle heimesidene til kvar fylkeskommune og kommune.
- Statistisk sentralbyrå - Kommunefakta - Ei rekkje opplysingar, blant anna flatevidd og innbyggjartal.
- Caplex - Ein liten snutt om kvar kommune. Eg bruker denne for å finna ut kva administrasjonssenteret er. Me har jo planar om å bli mange gonger betre enn dette, ikkje sant? :P
- Stortingsmelding om offisiell målstatus i dei ulike kommunane
- Kommunenummer
Kommune- og fylkesvåpen
endreKorleis er det med opphavsrett på desse? Eg tykkjer å hugsa å ha høyrt noko om at ein skal ha tillatelse frå kommunen for å bruka kommunevåpenet deira i einkvar samanheng.
- Vel - våpen for fylke, stat og kommune er verna av Straffeloven § 328 , som seier at ein ikkje kan bruka slike merke utan løyve. Men det er forskjell på å bruka og å visa. Wikipedia gjer seg ikkje ut for å representera nokre av desse, og me bør då ha rett til å visa desse våpna. På No: ser dei ut til å meina det same. -- Ranveig 12:42, 23 Oct 2004 (UTC)
Kommune- og fylkesvåpen finst på nettsida:
International Civic Heraldry Norway Gunnernett 8. nov 2004 kl. 22:01 (UTC)
- Kan desse brukast fritt? Det kunne kanskje vore aktuelt å organisere opplasting av kommunevåpen på eit vis? kanskje i wikimedia commons? (som eg ikkje er kjend med enda) -- Ere 15. feb 2005 kl. 1325 (UTC)
Ok, no har eg fått ein kopi av relevante sider frå boka "Norske kommunevåpen", Komunalforlaget, 1987. Der står det, på side 44, "Heller ikke 'bruk' i undervisning, opplæring, litteratur og avisartikler kan være forbudt etter lovbestemmelsene, selv om de ikke sier noe om det. Og det er ikke forbudt å bruke kommunevåpen i aviskarikaturer e.l.". Dette tyder vel på at det ikkje skal vere nokre problem med dette, så lenge ein nyttar biletfiler som er greie og ikkje lastar dei opp på Commons. Larsivi 4. mar 2005 kl. 1019 (UTC)
I commons
endreAlle fylkes- og kommunevåpen er no på plass i commons: commons:Category:Norwegian_coats_of_arms. Legg merke til navnekonvensjonen - det er ein tabell som det er lett å kopiere frå. Det er lagt ned ein god del arbeid i at dei. Bl.a. har dei alle transparent bakgrunn, og eins storleik. -- Egil 8. mar 2005 kl. 0815 (UTC)
- WOW! Ikkje verst! Flott innsats! Bjarte 8. mar 2005 kl. 0829 (UTC)
- OK — kommuneinfomalen er endra tilsvarande. Det er enkelte kommunenamn som ikkje passar inn i mønsteret. Derfor bør desse (slik som Smøla (ikkje Smola), Herøy i Møre og Romsdal (ikkje Herøy Møre og Romsdal) osv. lastast opp til nn: med namn som svarar til artikkelnamna her. -- Olve 8. mar 2005 kl. 0831 (UTC)
- Det er óg viktig at sidene heiter til dømes Eid og ikkje Eid kommune. Larsivi 8. mar 2005 kl. 1324 (UTC)
- Eventuelt trur eg at kommunefaktamalen bør brukast for kommunar som skiljer seg ut namnemessig. Førde til dømes; Der er fila lagra på commons som Forde_komm.jpg og det vert vanskeleg med automagisk oversetjing frå ø til o. -- Larsivi 8. mar 2005 kl. 1333 (UTC)
- Nei, det treng da ikkje å gjerast så vanskeleg...? :) For dei kanskje tjue kommunane med namneproblem kan vi berre laste opp ei lokal kopi med justert namn. Da slepp vi å endre namnepolitikken vår her av eksterne grunnar. -- Olve 8. mar 2005 kl. 2312 (UTC)
- Lettast av alt: Bruk Mal:Kommunefakta til kommuneartiklar som skil seg ut. Her kan du sjølv leggja inn filnamnet. -- Ranveig 8. mar 2005 kl. 2327 (UTC)
- Aha! :-D -- Olve 9. mar 2005 kl. 0002 (UTC)
Oppdatering: No ligg alle kommune- og fylkesvåpna frå ovannemnde internettside som sagt ute på Commons. Egil står bak dette enorme arbeidet det må ha vore! Mange takk til Egil! Det ser ut til han i tillegg til ovannemnde klargjering om opphavsrett, har fått godkjenning frå eigaren av den internettsida. Namngjevinga av desse biletfilene følger eit visst mønster:
- Dersom det ikkje finst æ, ø eller å: Mal:Kommunenamn_komm.png --> døme: Alta_komm.png
- Dersom det finst æ, ø eller å: Mal:Kommunenamn med o for ø, a for æ og å_komm.png --> døme: Vestvagoy_komm.png
- Dersom det finst meir enn ein kommune med namnet: Mal:Kommunenamn Fylkesnamn_komm.png --> døme: Heroy_Nordland.png
Dette gjorde det noko vanskeleg å få automatikk i infoboksane slik som de har oppdaga. Derfor har eg no laga til to infoboksar(!), etter ein modell av Brukar:Wintermute på :nb. Mal:Infoboks_kommune2 inneheld dei vanlege detaljane. I tillegg er det der moglegheit for å spesifisera den variable delen av namnet på våpen- og kartfilene. Sjå Vestvågøy for eit eksempel på dette. Denne løysinga skal altså nyttast når kommunenamnet har æ, ø eller å, eller av annan grunn har ein artikkeltittel som ikkje stemmer med filnamngjevnadsmønsteret ovanfor.
Dersom artikkelnamnet samsvarer med filnamnet ovanfor, kan ein lata ting vera som dei er. Då bruker ein berre Mal:Infoboks_kommune. Denne kallar på Mal:Infoboks_kommune2 med parameteren {{PAGENAME}} for våpen- og kartnamn. Sjå til dømes Alta for eit eksempel på dette.
Tykkjer de dette var for vanskeleg? Bruk gjerne Ranveig si løysing om de heller vil... :) Bjarte 12. mar 2005 kl. 0539 (UTC)
Fylkesvåpen: Dette blei stygt... problemet er at skulle eg bruka PAGENAME ville ingen av våpna passe, av di at sidenamnet er ..._fylke, mens våpna ikkje har _fylke i filnamnet. Difor måtte eg bruke ein knotete løysing, la til en variabel fylke i Infoboks_fylke der eg skreiv inn fylkesnamna for kvart fylke. Samme opplegg for æ, ø og å som kommunevåpna. Sia vi bare har 19 fylker gikk det an å ta kvar enkelt manuelt. Men nå har alle fylka våpen synlege. --Kristian André 18. mar 2005 kl. 0118 (UTC)
- Fint arbeid Kristian André! :) Bjarte 18. mar 2005 kl. 0634 (UTC)
Botar
endreEg ser at en:User:Egil har laga ein kommunebot for dei engelske sidene som oppdaterar infoboksen. Kan dette vere aktuelt her? Larsivi 1. mar 2005 kl. 1346 (UTC)
Fylke og kommunar
endre- Akershus
- Aust-Agder
- Buskerud
- Drammen, Flesberg, Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Hole, Hurum, Kongsberg, Krødsherad, Lier, Modum, Nedre Eiker, Nes, Nore og Uvdal, Ringerike, Rollag, Røyken, Sigdal, Øvre Eiker, Ål kommune
- Finnmark
- Hedmark
- Hordaland
- Møre og Romsdal
- Aukra, Aure, Averøy, Eide, Frei, Fræna, Giske, Gjemnes, Halsa, Haram, Hareid, Herøy i Møre og Romsdal, Kristiansund, Midsund, Molde, Nesset, Norddal, Rauma, Rindal, Sande i Møre og Romsdal, Sandøy, Skodje, Smøla, Stordal, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Tustna, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørskog, Ørsta, Ålesund
- Nordland
- Alstahaug, Andøy, Ballangen, Beiarn, Bindal, Bodø, Brønnøy, Bø i Vesterålen, Dønna, Evenes, Fauske, Flakstad, Gildeskål, Grane, Hadsel, Hamarøy, Hattfjelldal, Hemnes, Herøy i Nordland, Leirfjord, Lurøy, Lødingen, Meløy, Moskenes, Narvik, Nesna, Rana, Rødøy, Røst, Saltdal, Sortland, Steigen, Sømna, Sørfold, Tjeldsund, Træna, Tysfjord, Vefsn, Vega, Vestvågøy, Vevelstad, Værøy, Vågan, Øksnes
- Nord-Trøndelag
- Oppland
- Dovre, Etnedal, Gausdal, Gjøvik, Gran, Jevnaker, Lesja, Lillehammer, Lom, Lunner, Nord-Aurdal, Nord-Fron, Nordre Land, Ringebu, Sel, Skjåk, Søndre Land, Sør-Aurdal, Sør-Fron, Vang, Vestre Slidre, Vestre Toten, Vågå, Østre Toten, Øyer, Øystre Slidre
- Oslo
- Rogaland
- Sogn og Fjordane
- Sør-Trøndelag
- Telemark
- Troms
- Vestfold
- Andebu, Hof, Holmestrand, Horten, Lardal, Larvik, Nøtterøy, Re, Sande i Vestfold, Sandefjord, Stokke, Svelvik, Tjøme, Tønsberg,
- Vest-Agder
- Østfold
- Svalbard
Artikkelnamn, kommune versus tettstad
endreFlytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 9. september 2005 kl. 11:29 (UTC)
Mange norske kommunar har namn etter (tett)stadar. Alle kommunane har fått artikkel her på nn (hurra!). Eg trur dei fleste kommuneartiklane heiter berre Kommunenamn, ikkje Kommunenamn kommune. I Hallingdal har me til dømes Gol og Hol, men Ål kommune.
Når kommuneartikkelen heiter Ål kommune seier det seg meir sjølv kva artikkelen om tettstaden Ål skal heite (men sidan Ål er endå meir mangetydig kan han ikkje heita berre Ål heller, så han heiter Ål i Hallingdal). Men kva skal artiklane om tettstadane Gol og Hol heite? Eg lurer på om kommuneartiklane heller burde heite Gol kommune og Hol kommune? --Jorunn 25. jun 2005 kl. 1616 (UTC)